Billig mat, Heidi, Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 7

Kjært barn har mange namn – potetkaker – lomper

Eg huskar mi bestemor hadde ein stor runding utklipt av ein mjølsekk, som ho brukte når ho skulle kjevle ut lefser og potetkaker. Kom vi ned når ho hadde bakt fekk vi lunka potetkaker med smør og sirup på. Lykke!

Mange har varme kjensler knytte til slik takkebakst. Ein dag eg kjedar meg skal eg ta fram takka mi og steike potetkaker til ungane mine, vande til kjøpelomper som dei er. Her kjem ei Heidi-oppskrift til, denne gongen på potetkaker, som er vårt namn på dei austlandske lompene.

Alt godt

 

Er det lenge sidan du smakte potetkaker? Det er berre heilt topp mat. Her kjem to oppskrifter. Dei utan smør er den lettaste å lage. Er det ikkje utruleg at poteter kan gi ein slik fin deig å bake med? Kunsten når du lagar potetkaker er å bruke nok utbakingsmjøl. Så noko rot vert det på kjøkkenet. Dei færraste har eit eige baksterom i kjellaren slik naboen min hadde då eg vaks opp. Men så var ho frå Skjåk, og poteter var det gjevaste ho visste. Ho og mannen åt potetkaker til kveldsmat kvar kveld saman med oppatvarma middag. Slå den!

Potetkaker

1 ½ kg kokte poteter. 

1 ts salt

Kveitemjøl til passe deig ca 250-400 gram.

Kok potetene med skalet på. Avkjøl og skrell dei. Mal potetene i ei kvern. Du kan og bruke ein foodprocessor eller mose dei for hand. Det beste resultat får du om du brukar ei kvern, det gjer eg. Potetmassa mi er alltid kald når eg tilset mjølet. Men eg veit at enkelte gjer det medan ho enno er varm. Kor mykje mjøl du skal kna inn er avhengig av potetsorten. Du må berre prøve deg fram. Er det vanskeleg å kjevle dei ut har du sikkert hatt i for lite mjøl.

Del opp deigen i passelege emne. Ha alltid mykje mjøl på bordet når du skal kjevle dei ut. Eg har ein teknikk med å rotere potetlefsa med flat hand mot underlaget heile tida medan eg kjevlar, då har eg full kontroll, slik at ho ikkje set seg fast. Kva potetkake skal vere ca. 20 cm i diameter.

Steik potetkakene på takke eller tørr steikepanne til dei har fått brune prikkar og er gjennomsteikte.

Potetlefser frå Nordmøre

2.5 kg poteter

2 ts salt

250 gram margarin (ikkje smelta)

2.5 dl fløyte

ca 1 kg kveitemjøl

Kok potetene med skalet på. Skrell dei og mal dei i ei kvern. Her brukar eg ei  kvern, og mel potetene etter at dei har vorte kalde. Ha potetmassa over i ein stor bolle. Tilsett salt og kna margarinen inn.  Tilsett fløyte og kveitemjøl til slutt. Legg deigen på bakebordet med mjøl under. Har du fått ein deig som du kan kjevle har lukka vore på di side. Men er deigen blaut tilset du meir mjøl, er han for hard tilset du meir fløyte. Men deigen brukar som regel å bli bra.

Kjevl ut lefser som er ca 30-35cm i diameter og steik dei på begge sider slik at dei får store lysebrune prikkar. Kvart emne skal vere på rundt 120 gram om du vil vere nøyaktig. Lefsene skal verte mjuke, men vert lefsene harde etter steikinga har du kjevla dei for tynne. Dei skal nemleg kunne rullast saman som ein sigar. Dei skal altså ikkje dynkast.

Smør lefsene med sirup, eventuelt smør og sukker. I staden for å rulle dei kan du og brette dei i to til ein halvmåne og skjere trekanta snipper. Synes du dette er vanskeleg så prøv deg fram med halv oppskrift. Så vert ikkje «skaden» så stor om du skulle misslukkast. 

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Takk for mange flotte oppskrifter! Jeg skal lage muffins:-) Riktig god helg, hilsen Hanne.

  2. Maiblomst says

    Potetkaker er best! Ungane og husbonden er heilfrelste på potetkaker. Me pleier å ha smør og sukker på, men eg må innrømme at smør og sirup er endå betre. Gode minner frå barndommen her!
    Eg har prøvd å lage sjølv, og sist fekke eg det nokelunde til, men det er ein del arbeid………..så det går mest i dei kjøpte. Men det er berre ein sort som gjeld, mange kjøpepotetkaker er ikkje gode.

  3. Åh, nå fikk jeg lyst på takke! Jeg vokste opp langt oppi Gudbrandsdalen, med takkebakende tanter og naboer, og blir fremdeles velsignet med bakst med jevne mellomrom. I fjor var vi på det lokale museet og bakte lomper til hele klassen til sønnen. Stor stas, bortsett fra at mor hadde misforstått og brukte helt gale poteter. Det skar seg litt med melne/ ikke melne poteter. De kan forresten også stekes i aluminiumsfolie i glør etter bål.

  4. heidi says

    har veldig lyst til og prøve laga både potertkaker og lefser,det er jo så knakande godt, kjem nok til og prøva meg på det snart. det er vel noke som heiter øvelse blir mester.

  5. Mary Ann Fedje says

    Jaja, her sitter jeg i Kenya, og har tenkt å lære folk her nede å bake både potetkaker og lefser. Dette blir populært….

  6. Astrid Sandvik says

    Har laga potetlefsene i dag og følgt oppskrifta over til punkt og prikke. Kjempegod deig å baka ut og kjempegod smak. Følgde oppsettet på vekt, 120g og storleik 30-35 cm på lefsene. Det er flott med slike detaljer
    når ein skal prøva seg med noko nytt! Tusen takk for god oppskrift!

  7. Hildegunn Rutledal says

    Har nett smaka lefsene til Astrid Sandvik, dei var veldig gode! Skal bake dei same før jul!

Leave a Reply