Month: november 2009

I Bodø

Eg er ein liten svipptur til Bodø for å halde eit kurs her. Bodø har mange gleder, her er nokre av dei:  Utsikta frå eit herverande kontorbygg:  Ei parfymesamling eg kom over, dei femten på første rekke blir med meg heim for nesten ingen pengar: Og ein parfyme eg aldri har sett før. Markant tonkapreg, har ikkje sjekka ut notane enno. Fekk litt sånn clinton-følelse… Ein fin tur, altså! 😀

Hello Kitty-helvete

Hello Kitty påverkar livet til mange jenter og damer, og dermed så får det også ein effekt på dei som er glade i desse damene og jentene. Denne nettsida presenterer dei kjenslemessige påkjenningane desse mennene meir eller mindre frivillig på tole. Eg syns han nederst er morsomast, der han står i Hello Kitty-pysjen sin med eit fast grep om utstyret… 

Eg har trekt!

No har eg trekt ut vinnarane som skal få ein pakke med parfymeprøver kvar. Eg var innom Glasmagasinet, og dei putta så mange prøver oppi posen min at eg gir bort to damepakkar, har eg kome fram til. Vinnarane blant damene var Mayblomst og GundaM, og herrevinnaren er Helge. Du får få din pakke gjennom vår felles forbindelse Ovedia, tenker eg, Helge. Mayblomst og GundaM: Ta kontakt, slik at vi får snakka litt om preferansar og slikt, og ikkje minst at eg får adresse å sende pakken til. Takk til alle som deltok!

Tre damer

Eg vil skrive om tre damer i dag. Den første er Molly. Molly har vore igjennom mykje, Og la bloggen sin på is for nokre månader sidan på grunn av trugsmål og angrep frå folk som ho har valt ut av livet sitt. No er ho tilbake, og eg blir varm om hjarta ved å sjå at ho er tilbake i bloggverda. Ingen skal trugast til å slutte å skrive om seg, familien sin og livet sitt slik ein har valt det. Go Molly! Dei to neste er Rosemarie og Susanne. Dei har funne kjærleiken, Rosemarie er 70 og Susanne er 56, men det hindrar dei ikkje. Rosemarie seier dette om  å ha draumar: – Det gjelder å ha de gode drømmene i seg og forsøke å gi dem til andre. Noen mennesker synker hen i fortvilelse og klarer ikke stable seg på beina, men vi må hjelpe hverandre til å drømme det gode og innrette livet slik at det blir mulig å virkeliggjøre det. Velkomne ut, Molly, Rosemarie og Susanne.

Endeleg helg!

Freden har senka seg, men ikkje for meg. No skal eg farte rundt og fikse ting til i morgon, og så blir det bursdagsselskap og vaksenfest og tur til Bodø søndag kveld for å halde kurs mandag morgon. Og sånn går no dagan. Konkurransen min er fortsatt i gang, Så har du ikkje meldt deg på enno har du framleis sjansen. Eg reknar med at eg trekker søndag føremiddag. Då vil eg berre ynskje alle som stikk innom her ei deilig helg med dei fine clementinene du ser her. Eg får julestemning berre av bildet!

Meir juledill

I dag tenkte eg å inspirere deg til å lage dine eigne pakkelappar. Det er både enkelt, koseleg og ein fin måte å få brukt opp papirrestar på. Det skal ikkje så mykje til for å lage ein fin til- og fra-lapp. Eg fann ein butikk, Steffens hobby i Kongens gate i Oslo, som har ei utstansingsmaskin du kan låne per halvtime. Dei har fine utstansingsmalar som stansar ut pakkelappar av papir. Stort sett brukar eg 160 gram papir til dette. Som du ser har eg dekorert med utstansa stjerne og hjarte. Eg likar å jobbe med litt utradisjonelle fargar. Eitt år var alle julekorta våre brune, lyseblå og rosa. Dekoren på lappane over her er at det same rosa og lyseblå papiret. Som du ser brukar eg også papirstrimmelen som eg stansa ut frå. Rundt stjernene og langs kantane har eg dekorert med gullpenn. Men eg gir meg ikkje med dei eg får stansa ut. eg tek vare på papirlappen dei vart stansa ut frå, limer den på eit nytt ark, og klipper rundt. …

Grønt på kontoret!

Eg julepyntar ikkje kontoret mitt akkurat. Eit stykke inn mot midten av desember byrjar det å få julepreg på grunn av alle julekorta som kjem, men eg bidreg lite. Men slik treng det ikkje vere. I år har eg fått meg ein amaryllis på kontoret, ein vakker kvit utan sortsnamn. Der skal den få stå og spreie glede til meg og dei som kjem innom. Den skal ha lite vatn, det vesle den får skal den ha på jorda, ikkje på løken. Den skal heller ikkje ha gjødning, det den treng sit i løken. Får den det for bra blomstrar den berre altfor kort. Så viss du vil ha litt jul på kontoret bortsett frå julekortet frå DnBNor og NSB, så er ein vakker amaryllis ein god idé, ikkje sant?

Før julematen

Dokke skal  få julematoppskrifter, altså. Men eg syns julematen smakar best nylaga, og dessutan reduserer ein svinnet ved å lage den nær opptil jul. Det blir mindre mumsing i boksane, ganske enkelt. Det blir julemat i dag og, men til småfuglane. Eg fann nokre fine, små blomsterpotter i keramikk på salg på IKEA, og kjøpte med meg ei ladning. Då eg kom heim kom eg til at dei var for små til plantar, og byrja å sjå etter andre bruksområde. Oppned og fylt med feitt og fuglefrø ser dei liksom ut som små bjeller, der dei heng på trea ute. Du kan godt bruke dei omatt, og fylle på meir feitt og frø når fuglane har fått i seg første runde med fuglemat. Eg dekorerte pottene først. Det er lettare enn å drive og skulle pynte på dei fulle av feitt. Dekoren er ganske enkelt teikningar i sølvtusj. Eg har fint lite teiknetalent, så eg begrensa meg til stjerner og slagordet God Jul. Har du større talent enn meg så er det berre å ta …

Årets mamma

Arachne har blitt årets mamma.  Det syns eg er heilt strålande! Måten ho gjennom ulike portrettintervju og gjennom bloggen sin har formidla sorga, utfordringane og gledene (for dei finst også) som kom i kjølvatnet av at ho mista mannen sin imponerer meg stort.  Stikk innom bloggen hennar om du ikkje har vore der før, klikk deg bakover og sjå det kloke ho har skrive.

Krutongar – og to kamera og ingen bilde

Då mitt kjære EOS 300D vart rappa frå kofferten på veg til Nepal i 2006 var eg ikkje treg med å dra kortet. Eg kjøpte eit nytt 350D i Kathmandu. Å vere i Nepal utan kamera var heilt uaktuelt. Dette kameraet har jobba saman med meg sidan då, og levd eit hardt liv, må eg innrømme. I august nekta det å samarbeide, og eg måtte ut på marknaden. 500D kom i hus, og 350 D vart sendt til Kameraproffen for å sjekke om det var von. Etter ein månads tid ringte eg dei, og kameraet var redda for 1300,-. Glad og fornøgd henta eg det, og ga det som for tidleg julegåve til trettenåringen. Så no er det to kamera i bruk her i huset. Stort sett går det greitt,  mitt bur på kjøkkenbenken, og hennar vandrar litt rundt omkring. Men av og til blir det teke bilde av trettenåringen med mitt kamera. Eg har oppdaga at trettenåringar har eit svært bestemt forhold til retten til eige bilde. Bilde av trettenåringar er trettenåringen sin eigedom, …

Er det ingen menn her?

Eg lovte to  «jubileumsgåver» i går, både til menn og kvinner. Men mennene manglar! Berre SveinV har meldt si interesse for herreduftene. Har eg berre kvinnelege lesarar? Eller kan det hende at dei mennene som er innom gjev drallen i å lukte godt? Overraskande.  Hmmm, her må eg tenke ut noko lurt. I mellomtida, medan eg tenker: Kast dokke på, så er dokke med i trekninga. Ha ein fin kveld!

Novemberhagen

Når Svein etterlyser hageblogging her så får eg hive meg utpå. Eg tok ein tur i hagen på laurdag, og det var ikkje mykje å hoppe i taket for. Men nokre få optimistar står og blomstrar. Rosene held ut. Dei er litt slitne, men det er framleis liv. Denne rosa sto her då eg flytta inn, er det nokon som har forslag til kva sort det kan vere? Eg har to bed, på kvar si side av inngangsdøra. Denne står på den sida med kalde fargar, og det var rosa som bestemte det. Rundt seg har den hortensia, nellikar og allium av ulike slag. I tillegg har den rukkola om tærne. (og den lever i beste velgåande, eg henta inn masse salat her om dagen.) Ved sidan av rosa står det ein pjuskete liten nellik. Men den er optimistisk, og ser ut til å ha planar om å produsere knuppar snart. Den er jo dømt til å mislukkast, men eg har ikkje hjarte til å fortelje den det. Det siste eg fann var ein stakkars …

Gårsdagens pizza

Dette er ikkje den mest sofistikerte oppskrifta du vil finne her, men eg gjorde noko lurt, så eg tenkte eg skulle dele det. På fredag hadde vi nemleg taco. Då steikte eg opp 600 g kjøtdeig (omtrent) i staden for 400g slik eg brukar. Det gjorde at eg kunne ta til side ein god porsjon ferdigkrydra kjøtdeig etter at alle var mette. (Og vi unngjekk samstundes at nokon kjøleskapsdyret mumsa på det om natta.) Laurdag sto pizza på ønskelista, og det måtte skje fort, for vi var svoltne. Eg køyrde saman deigen etter denne oppskrifta: Pizzadeig: Ein pakke tørrgjær 5 dl lunka vatn 4 ss olivenolje 1 ts salt Mjøl til passe deig Bland tørrgjæra i mjølet. Ha vatnet, saltet og oljen i ein bakebolle (eg brukar Kenwooden til dette). Elt inn mjølet litt og litt, heller litt mindre enn litt meir. Deigen skal sleppe bollen til slutt, men den må ikkje vere for fast heller. La deigen heve så lenge du gidd å vente. På den utkjevla deigen hadde eg halvparten av eit glas …

Snart 100 000!

I løpet av den neste veka rundar eg sannsynlegvis 100 000! Fantastisk. Dette hadde ikkje vore noko gøy å halde på med om det ikkje var for dokke strålande flotte lesarane mine som les, kommenterer og inspirerer. Eg vil gjere noko liknande eg gjorde sist eg feira, nemleg å gi bort ei parfymegåve. Denne gongen blir det to kategoriar, damedufter og herredufter. For å bli med i trekninga vil eg høyre frå deg kva du vil lese meir om her i bloggen. Skriv dine tips til meg  i kommentarfeltet nedanfor. Dersom du lenkar til dette innlegget frå din eigen blogg får du to sjansar, altså to «lodd» i trekninga. Kast deg utpå! (Viss du vert trekt ut vil eg spørje litt om kva du likar og ikkje likar, og så vel eg ut småprøver som eg trur du vil like basert på det.)

Meir svart og kvitt

Det svarte og kvite i dag er ein deilig dessert som passar fint til torsken du fekk oppskrift på i går. Det er ein pannacotta som eg har lagd med matfløte og yoghurt for å få den litt lettare. Pannacotta, som betyr kokt fløte på italiensk, vert normalt lagd med kremfløte. Det kan bli i heftigaste laget no i november. Det blir nok tunge dessertar når jula nærmar seg. Eg hadde frosne blåbær bakerst i frysaren som eg lagde ein mørk bærsaus av. Det er ein lekker kontrast mellom den milde, lyse pannacottaen og den svarte blåbærsausen. Slik gjer du det: Yoghurtpannacotta med blåbærsaus 1,5 dl fløte 3 ss sukker 2 ts vaniljesukker 2 blad gelatin Ei kanelstang 3 dl yoghurt utan smak, eg brukte Biola Bærsaus: 2,5 dl frosne blåbær 3 ss sukker 2 ts sitronsaft Kok opp fløten med sukker og kanelstanga. La dette stå og trekke i eit kvarters tid, lenger viss du vil ha meir intens kanelsmak. Legg gelatinblada i bløyt i kaldt vatn i nokre minutt. Når dei er mjuke …

Trist å høyre

Eg syns det er trist at Oprah vil legge inn årene. Ho er ein gudbenåda formidlar, har hatt stor innverknad på amerikansk politikk i ei positiv retning, og er ei flott forretningskvinne. Ho har hatt stor innverknad på boksalet i USA, gjennom sin bokklubb. Når ho løftar fram ei bok er den garantert eit enormt sal, og ho har stort sett alltid funne fine bøker å velge ut. Eg har sansen for damer som tek dei sjansane dei får, og gjer det beste ut av det. Oprah er ei slik dame.

Svart og kvitt

Eine dagen snør det, og det lysnar så vakkert. Dagen etter kjem det pøsregn, og det er svart som i ein sekk. Det er godt vi kan lage litt god mat for å halde humøret oppe. Eg var hos den lokale fiskehandlaren, og han skar dei lekraste ryggfiletane av torsk til meg. Det er fantastisk godt fiskekjøt, og lett å variere med andre smakar. Du har sikkert fått med deg at eg er glad i sopp, og i dag brukte eg den mørke, lekre aromasoppen til ein smakfull soppstuing til torsken. Du kan velje korleis du vil bruke denne stuingen, det går fint å varme opp torsken i den og lage dette som ein ragu. Men eg lagde stuingen ved sidan av, og serverte den som saus til fisken saman med ein grøn salat til. Både poteter, ris eller fersk pasta går fint til denne torskeretten. Torsk skal ikkje ha så veldig høg kjernetemperatur, den skal ikkje høgare enn ca. 55-60 grader. Difor vert den fort kald. Lag stuingen og resten av tilbehøret klart, og …

Jula nærmar seg

No nærmar jula seg, og det er godt med alt som er gjort i god tid. Småkakene likar eg å lage tett oppunder jul, då er dei ferske når høgtidsdagane kjem, og det vert ikkje så mykje nasking frå boksane. Nokre kaker vert best av å verte lagde i god tid, og dei fine, engelske fruktkakene er av dette slaget. Dei vert betre av å stå litt, og engelskmennene er til og med så formastelege at dei fyller brandy i kakene med jamne mellomrom, slik at dei er godt gjennomtrukne når høgtida nærmar seg og kaka skal fortærast. Så langt har ikkje eg gått, for eg vil at alle skulle kunne smake den, både sjåførar, barn og fråhaldsfolk. Rosinene i kaka derimot, dei har fått godgjort seg i sterke saker i kjøleskapet i fleire veker. Når rosinene nederst i boksen byrjar bli tørre og triste, heller eg dei på eit glas med skrulok. Så slår eg på det eg måtte finne av sterke saker. No brukte eg rom, men du kan og bruke portvin, madeira, …

Bloggmoro

OK, eg kjedar meg. Då tyr eg til søkeordlista mi, alltid like gøy. Heng med: finn din økologisk fotavtrykk: Dårleg grammatikk, men du finn info her: http://www.myfootprint.org fløte utgått på dato i vaffelrøre? Pøs på. Så lenge den ikkje er mugla eller skilt seg kan du bruke den. beste pannekaker: Eg meiner det er desse: http://altgodt.no/2009/01/20/25/ lettvint skaldyr suppe: Eg likar denne, smakfull, billig og god. fører bvlgari i norge: Estetique har litt, men manglar mange av dei beste. Gardermoen sitt utval er ikkje så ille. «den gyldne q»: http://hjartesmil.blogg.no/ alt godt blogg: Jepp, du har kome rett! jordskokk må den skrellas? Ja, det må den. Det kan vere litt kronglete, men det er verd det. zepter kasseroller: Juks og bedrag. Grisedyre, ikkje noko betre enn mange andre merke som er billegare, og mykje prat og lite ull. Styr unna. sveler kefir: Alltid. Utan kefir, ingen sveler. gjær utgått på dato: Gjer ingenting. Så lenge du klarer å løyse den opp i lunka deigvæske går det fint. hvorfor panerer vi snitzel: Fordi viss du ikkje …

Årets julekort

Eg syns det å lage julekort er noko av det koselegaste med jula. Designet er ikkje så veldig komplisert, og eg likar å jobbe med begrensa alternativ og få virkemiddel. I år har eg raudt, grønt og mørkeblått papir som eg klipte til slik at dei vart ca. 15 cm i kvadrat. Eg har lagd tre variantar, og alle tre startar med ein firkant i ein kontrastfarge, gjerne også eit kontrasterande materiale. Dei grønne har fått eit grovt strieaktig papir som eg fann i ein restekonvolutt hos Norway Designs. Der finn eg mange skattar, små restar med papir som kan brukast til dekor. På firkanten limte eg eit lite rustraud juletre med gull på. Dei raude fekk firkantar av eit kvitt bøttepapir med paisley-mønster som eg kjøpte på Lousiana i påska. (!!) På den kvite firkanten limte eg eit raudt blankt hjarte, eg trur det kjem frå kremmerhuset. Eg elskar å kjøpe slikt småtteri, særleg på salg etter jul. Den siste varianten er den blå, der limte eg berre på firkantar av eit ujamnt sølvfarga …