To til


-dessertar, altså. Eg trur til og med eg har fleire på lager. Riskrem er ein klassikar som “alle” kan. Men det er ein første gong for alt. Difor tek eg den med likevel, i tilfelle ein eller ei som arrangerer jul for første gong på eige kjøkken stikk innom.

Riskrem

Denne oppskrifta er ikkje så stor, så har du mange dessertglade rundt bordet må du kanskje doble ho.

3 dl ferdigkokt risengrynsgraut.

2 dl kremfløyte

1 ss melis

1 ts ekte vaniljesukker

Du kokar altså ein risengrynsgraut på førehand. Langkokt risengryn er best, men den på 20 minutt går og fint. Du MÅ salte grauten, utan salt vert den daud i smaken og riskremen vert heller ikkje god. Ørlite salt må med for å framheve sødmen i riskremen.

Pisk kremfløyte og tilsett melis og vaniljesukker. Vend den kokte grauten inn i den piska kremen. På den måten ser du betre når det er passe mykje ris i forhold til mengda krem. Ha riskremen i ei glasskål og set han i kjøleskåpet til avkjøling.

Raud saus

1 dl saft

3 dl vatn

2 ss sukker

2 ts potetmjøl

1 dl vatn

Kok opp saft, vatn og sukker. Rør potetmjølet ut i 1 dl vatn. Når safta kokar trekker du panna til sides og rører inn potetmjølsjamninga til sausen vert passe tjukk. Du må ikkje koke ein saus med potetmjøl, då vert sausen tynn att. Forklistringsevna til potetmjølet er nemnleg på 70 grader. Brukar du maisenna treng du ikkje tenke på dette, den jamninga toler koking.

Appelsinfromasj

Denne oppskrifta kan også lett doblast viss du får gjestar.

2 egg

1 dl sukker

1 1/2 dl appelsinjuice

1 1/2 dl piska kremfløyte

5 plater gelatin

4 ss kokande vatn

Pisk kremfløyten. Deretter legg du gelatinplatene i kaldt vatn i ei lita skål. La dei ligge der i 5- 8 minutt. Medan du venter på at gelatinplatene skal bløyte seg piskar du eggedosis av egg og sukker. Når du har gjort det slår du appelsinsaft i eggedosisen og tilset den allereie piska kremfløyten. Kok opp 4-5 ss vatn i ei panne og legg dei oppvridde gelatinplatene i. Platene skal no smelte inni vatnet og verte flytande, men gelatinen må ikkje kokast.

Slå den rennande gelatinen sakte inn i fromasjen under stadig omrøring. Ha fromasjen i ei glasskål og set han kjølig. Pynt gjerne med nokre strimlar appelsinskal eller nokre tynne skiver av appelsinen. Du kan kandisere appelsinskalet ved å koke det lenge i ein sterk sukkerlake. Det ser lekkert ut.

9 kommentarar to “To til”

  1. Elisabeth Says:

    De to siste setningene var THE THING for meg denne gangen! Må jo egne seg som dekorasjon på langt mer enn en fromasj også? Skal definitivt teste det ut…

    Lik

  2. solfrid Says:

    Riskrem med mandel er et must som dessert julaften. Med premie, helst en marsipangris. Ingeting slår den hjemmelagede. Vi prøvde oss i fjor på den kjøpte fra Tine (?) – grunnet tidsnød,men det smakte bæsj ifølge mine barn. ;D
    Vi bruker varme jordbær på riskremen, snadder.

    Lik

  3. solfrid Says:

    Appelsinfromasjen må prøves – den så god ut! Litt friskt på 1. dag muligens?

    Lik

  4. Alt godt Says:

    Elisabeth: Det kan til og med bli julegodis, dersom dei får tørke, og så dyppe dei i litt smelta sjokolade….

    Solfrid: Vi har mandel i grauten på føremiddagen, etter riskremen er vi så stappa at ein marsipangris då blir meir som ein overdose. Appelsinfromasjen er genial til førstedagsdessert!

    Lik

  5. solfrid Says:

    Vi har ingen tradisjon med julegrøt på julaften – riskrem med mandelgave har jeg tatt med meg hjemmefra. Stein er vokst opp med multekrem, det har ikke guttene noe særlig sans for.

    Lik

  6. Elisabeth Says:

    <3 You've got me. Igjen. Det skal definitivt testes ut, sannsynligvis i romjula. I dag setter jeg meg på et tog og skal tilbringe noen dager på visitt hos andre, og da skal kjøkkenet høyst sannsynlig få hvile fra meg. Men i romjula? Pønske, pønske… ;-)

    Da kan jeg jo ta med meg et glass eller to med noe godt i når jeg vender snuten sørover for nyttrsfeiring… Stor suksess i fjellheimen, tror jeg. Hjertelig. Igjen.

    Lik

  7. Bønna Says:

    Jeg synes et par dråper mandelessens hører til i riskremen. Jeg får av og til riskrem som bare smaker ris og krem, og det er ikke godt…

    Lik

  8. annetten Says:

    Hjemme hos oss blir det ramaskrik dersom det ikke er hakkede skoldede mandler i riskremen. Og sausen må være varm kirsebærsaus.

    (Vi pleier forresten å koke grøten med en vaniljestang, da blir riskremen ekstra god.)

    Lik

  9. Alt godt Says:

    annetten: graut med vaniljestang høyrest luksuriøst og deilig ut. Då kan ein kanskje droppe vaniljesukkeret i kremen. Eg har av og til eit beger seterrømme i grautgryta, det er fantastisk godt!

    Lik

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggers like this: