Vandrekake


Enkelte kakeoppskrifter vandrar  frå syklubb til syklubb, frå idrettslag til idrettslag, frå korps til korps. Slike oppskrifter er eg ekstra glad i, dei er uttesta over lang tid, bakt mange gongar, og resultatet vert heilt sikkert godt.

Heidi ga meg ei slik oppskrift her for ei stund sidan, diktert på telefonen ein laurdags føremiddag. “Denne må du ha i avisa før påske”, sa ho. Og det får vi vel til. Førebels er den bakt til fjortenåringen sin bursdagsfest, der både store og små likte den veldig godt.

I Heidi si oppskrift skal smør, kakao og  vatn kokast opp først. Sidan eg hadde lite tid droppa eg det, og blanda det rett i røra. Eg skal bake den ein gong til før påske, og då skal eg koke og sjå om det blir skilnad på den. Denne oppskrifta er diger, og fyller ei stor langpanne. Appelsinvrien på glasuren er min, det vart kjempegodt med appelsinsaft og skal i glasuren. Slik gjorde eg det denne gongen:

Sjokoladekake på vandring

400 g flytande smør, eg brukte bremykt på flaske

8 ss kakao

4 dl vatn

9 dl sukker

9 dl mjøl

2 ts natron

1 beger lettrømme

4 egg

Set omnen på 175 grader. Bland smør, kakao og vatn i ein stor bakebolle. Eg brukte Kenwooden til dette. Ha natron i mjølet, og rør godt. Ha sukker og mjøl i blandinga, og til slutt eit beger lettrømme. Ha egga i eitt og eitt, og rør godt mellom kvart egg.

Ha kakerøra i ei langpanne som er kledd med bakepapir. Steik den i 40 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne om den er gjennomsteikt. Vend kaka på rist, og la den kolne.

Glasur

100 g flytande/smelta smør

350 g melis

1 ss ekte vaniljesukker

3 ss kakao

Skal og saft av ein appelsin

Bland alt i ein bolle, og rør det glatt. Brei glasuren ut over kaka når den er sånn nokolunde kald. Pynt med det du har i hus, hos oss vart det sure skrikarungar. Eit bursdagstriks er å skjere kaka opp i stykke før du tek på glasuren. La den ligge på fat eller skjerfjøl slik eg gjer det, og del den i passe stykke. Så smører du på glasuren.

Stikk kakespaden under kaka og løft der den naturleg deler seg. Det blir mykje mindre grisete enn om du skal utpå med brødkniven gjennom glasuren.

7 kommentarar to “Vandrekake”

  1. Elisabeth Says:

    Et annet tips fra sidelinja: La glasuren bli litt kald før du legger på pynten/dekorasjonen.

    Jeg laget en ca maken kake en gang og skulle ha på seigmenn og dele hele kaka i porsjonsstykker, så jeg la seigmennene utover hele kaka på vakre, rette rader. Men glasuren var ikke kald nok, så seigmennene smelta og la seg som et gusjefarget gelegugge oppå hele kaka… :-

    Det gikk greit å kutte opp med pizzahjul og smakte relativt bra, men var ikke akkurat noe å servere folk. Så jeg bakte ny kake til ‘folket’ og stakk den halvt mislykka kaka i fryseren til senere kose-bruk. :-)

    Like this

  2. Elsa Says:

    Skal det vere 9 dl med sukker i røra?? Og kor skal sukkeret blandast inn, saman med mjølet eller med det som skal kokast opp?
    Korleis blir det å bruke bakepulver i staden for natron?

    Like this

  3. Elsa Says:

    Ah, der såg eg kor mjølet kjem inn i bildet. Slik er det når ein ikkje les skikkelig. Her skulle eg ha ein “flau/rødme” smiley:)

    Like this

  4. anne - moseplassen Says:

    aaah, vandreoppskrifter :D
    Satt akkurat og tenkte på deg når du dukket opp i leselisten, satt og pønska på lure spennende frysbare kaker. Nå skal jeg søke litt her hos deg og se hva jeg finner :)

    Like this

  5. Alt godt Says:

    Elsa: Eg syns også det var mykje sukker, men det skal det, seier Heidi. ;-)

    Anne: Her er masse! Sjekk ut 17. mai-oppskriftene mine, der finn du mange variantar.

    Like this

  6. Ann-Kristin Says:

    Elsker bloggen din! Jeg har nettopp fått oppskrift på en fantastisk god og veldig enkel eplekake, bakt med fyrstekake-deig. Kakebaking, kakeoppskrifter og den slags er virkelig ikke helt min greie, men si fra hvis du vi ha denne, det er kanskje den beste kaken jeg har smakt!

    Like this

  7. Alt godt Says:

    Mail den gjerne til meg, alltid gøy å prøve nye oppskrifter. Du finn mailadressa mi på face.

    Like this

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggers like this: