Her er den, fire etasjar med ostekake, med gelélok av blodappelsin og pynta med naturstridig mykje bær til å vere i februar.
Stativet har eg kjøpt hos Gulbrandsens Glassmagasin i Torggata, det er eigentleg med fem etasjar, men eg brukte dei fire øverste. Stativet er langt meir solid og stabilt enn det eg har brukt før, som du til dømes ser her.
Kaka er altså ei klassisk ostekake, stivna med sitrongelé og pynta med bær. Eg lagde tre ladningar av oppskrifta nedanfor. To ladningar gjekk i dei to største formene, og ei gjekk i dei to øverste. Storleiken på formene er 30, 26, 22 og 18 cm. Slik gjorde eg det:
400 g digestivekjeks
125 g meierismør
500 g kremost
600 g (to beger) crème fraïche
3 dl kremfløyte
2 pakkar sitrongelé
200 g melis
Skal og saft av ein sitron
Frukt og bær til pynt
Ta fram det fatet som kaka til slutt skal stå på. Legg kakeringen på fatet utan botn, og sjekk at det passar. Lukk forma, og teip kakeringen i sprekka der du opnar den for å utvide den. Dette er for å unngå at ostemasse eller gelé renn ut før den stivnar.
Knus kjeksa i ei matmølle. Smelt smøret. Bland saman kjeks og smør, og press det ned i ringen og ut i kantane. Det er viktig at dette er heilt tett, elles renn massen ut mellom botnen og ringen. Set kaldt medan du lagar ostemassen.
Lag dei to sitrongelépakkane, men med halv mengde vatn, altså 5 dl vatn til to pakkar. La det kolne. Vask sitronen godt, og riv av skalet. Press ut safta og set det heile til side.
Pisk fløyten stiv. Bland saman ost, crème fraïche, sitronskal og saft samt melis, og ha det i kremfløyten. Ha i sitrongeléen til slutt. Hell ostemassen i forma, og set det til kjøling. Har du det travelt kan du byrje å pynte kaka etter fem-seks timar.
Blodappelsingelé
Saft av fem blodappelsiner
4 dl vatn
250 g sukker
10 plater gelatin
Ha appelsinsafta i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke i nokre minutt, og skum av det som dannar seg på overflata og langs kantane.
Legg gelatinen i kaldt vatn i ein bolle til den vert mjuk. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei over i den framleis varme appelsinsaftblandinga. Rør godt, slik at dei smeltar.
La geléen kolne. Det tek ei stund før den stivnar, så du har ein times tid på deg til pyntinga.
Set kakene på ein plass der dei kan stå medan geléen stivnar, eg sto og arbeidde ute på tørkeloftet, med fleecejakke og det heile. Å flytte på kaker med rennande gelé i er sjeldan vellykka. Hell på eit tynt lag med flytande gelé, og legg på dei første bæra. Begynn med dei store som skal vere i midten. Eg brukte jordbær, bjørnebær, rips, pasjonsfrukt og physalis.
Etter kvart som det stivnar kan du legge på meir frukt og bær og helle på meir gelé. Husk at det er lettare å helle på gelé først, og så legge på frukt og bær enn omvendt. Skulle geléen i gryta di stivne, kan du berre smelte den litt igjen, slik at den kan hellast på.
Når kaka skal monterast, skjer du med kvass kniv langs kanten på kakeringen heile vegen rundt. Kutt teipen forsiktig med kniven, elles kan forma vere vanskeleg å opne. Opne forma, og dra den forsiktig opp og av.
Skulle det kome kjekssmular på det kvite på ostekaka, så fjern det forsiktig med ein skarp kniv.
Pynt rundt kanten på fatet med det du har att av frukt og bær. Min kjære kjøkkenassistent og sjåfør kom med den geniale idéen å feste bæra langs kanten med flytande honning. Det funka som ei kule.
Lykke til med kakebakinga!

20/02/2011 ved 10:54 |
Den så veldig fin ut!
20/02/2011 ved 11:01 |
Hjelpes! Den var vakker, altså
Blir helt glad av å se på den! Du er kjempeflink
20/02/2011 ved 12:22 |
Utruleg flott!
20/02/2011 ved 12:45 |
Imponerende, og for en bærprakt!
20/02/2011 ved 17:08 |
Gud så lekker!!!! Mmmm, tipper både brudepar og gjester ble megafornøyde. Ble det igjen noen rester eller?!
20/02/2011 ved 18:04 |
Det vart kjempefin! Laga du kaka heime, og frakta den montert til festlokalet? Eller laga du den der den skal etast?
20/02/2011 ved 18:11 |
SerendipityCat: Nei, ingen restar! Men dei hadde invitert hundre gjestar til kaffe, så det hadde overraska meg om det vart noko igjen.
Lovise: Eg lagde den og pynta den ferdig til og med gelé og bær i gelèen heime. Her ser du korleis det såg ut, eg heldt på på loftet med pyntinga. http://altgodt.wordpress.com/2011/02/19/prosjektet-mitt/
Så frakta eg det heile i kasser til festplassen, og skrudde den saman der. Så pynta eg kantane med bær.
20/02/2011 ved 23:02 |
Du slutter ikke å imponere meg! Ser bare rålekker ut og smakte sikkert himmelsk også. Nam, nam….
22/02/2011 ved 07:44 |
[...] hadde ulike idéar eg drodla med då eg planla den store bryllupskaka, ein av dei var å stikke ut hjarte av melonskiver, og legge i [...]
21/05/2011 ved 08:48 |
[...] - Ostekake, gulrotkake, [...]