Pasta Carbonara er ein enkel rett, men det krev litt handlag å kontrollere temperaturen i panna når du lagar det. Trikset er at egga er med på å tjukne sausen, men vert det for varmt vert sausen klumpete på grunn av at egget koagulerer, og det er ikkje så stilig. På grunn av dette bør gjestane vente på middagen, og ikkje omvendt. Denne retten er ikkje noko særleg å varme opp att som restemiddag, men nylaga er det noko med det beste eg får.
Pasta carbonara er fin å lage viss du har lagd noko som krev eggekviter, då har du eggeplommer til overs, og det passar strålande til pasta carbonara. Vi lagar det alltid når eg bakar plettar til jul, då står eg der plutseleg med seks eggeplommer for mykje. Kolesterolbombe, ville vel ein lege kalle den middagen. Første gongen ei av kusinene mine fekk dette til middag sukka ho og sa: Eg visste ikkje at det fantest så god mat!
Slik gjer du det:
Pasta Carbonara
400 g spaghetti
200 g bacon (eg kjøper baconskalkar, godt og billig.)
100 g riven kvitost, gjerne parmesan
2 dl kremfløte
3 eggeplommer eller 2 heile egg
1/2 ts salt
Kverna peppar
Kok pasta slik det står beskrive på pakken. Kutt bacon i ganske små bitar og steik det på middels varme. Bland fløte og eggeplommer (eller heile egg), salt og peppar i ein liten bolle. Slå vatnet av pastaen med eit dørslag. Ha spaghettien tilbake i gryta, og rør inn eggeblandinga. Ha i osten og bacon- eller skinkebitane og sett gryta tilbake på plata på svak varme. Rør rundt i eitt til to minutt til ”sausen” tjuknar og osten har smelta.
Kvern litt meir peppar over, og server, fort! –Med godt brød til!
21/07/2011 ved 08:03 |
Spis carbonaraen med god samvittighet – det er “ut” at egg forårsaker kolesteroløkning i blodet.
21/07/2011 ved 08:22 |
Det er vel uansett såpass mye bacon og fløte her at det neppe er tilrådelig å spise dette hver dag
Men styggelig godt, det er det.
21/07/2011 ved 09:56 |
Takk for middagstips til i dag!
21/07/2011 ved 10:52 |
Dette skal vi lage ein av dei næraste dagane! Det er yndlingsretten til ein av karane!
21/07/2011 ved 21:15 |
Nam
06/05/2012 ved 11:18 |
Mmmm..min favoritt ja.. Og gode barndomsminner ilag m deg, Gunda, følger med denne retten. Ikkje minst gode oslominner blei det ut av denne retten. Ingen lager den så god som du!!