Bokprosjekt
Comments 2

Eg live-syltar igjen!

I går ettermiddag sette vi oss i bilen, og pressa oss ut av Oslo i ettermiddagsrushet.

I dag tidleg vakna eg i ei deilig seng på Fretheim hotell i vakre Flåm! Her er vi deltakarar på Nynorske Litteraturdagar, og saman med nynorskcelebritetar som Agnes Ravatn, Linda Eide, Kristin Fridtun og Bremnes-brødrene får eg vere med på å spreie litteraturglede i Aurland.

Så er du i området må du stikke innom Fretheim hotell i ettermiddag. Klokka 17:30 live-syltar eg framfor eit vonaleg interessert publikum. Ha ein fin laurdag, med eller utan sylting!

This entry was posted in: Bokprosjekt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. nynorskcelebriteten og eg er i gang med smalhansboka! me skal testa kyllingsuppen i dag, sidan det stod at han funka for dei forkjølte utan mathug. det er underteikna som er det, så kjendisen skal på butikken. melder no direkte frå handlelisteskriving!

Leave a Reply