Smalhans på Mammut!


No er det mogeleg å gjere seg eit smalhans-kupp. I dag byrjar Mammut-salget, og der finn du Smalhans – boka mi om god mat for trange tider, til berre kr. 149,-! Så då er det tid for å skaffe seg eit eksemplar eller tre for å ha liggande som gåver og gleder.

smalhans_omslagDer er andre bra bøker og i år, eg vil særleg framheve Anne Spurkland si bok Frie kaker. Den er full av oppskrifter der ein brukar andre ingrediensar enn dei tradisjonelle, for å tilpasse maten til gluten-, egg- eller mjølkeallergikarar. Og omtrent alle andre allergiar og intoleransar du kan tenke deg.

Flying cirkus er også ei artig bok, det eg likar med den er at den gjer deg flinkare til å variere oppskrifter etter kva du har i kjøleskapet, framfor å slavisk følge ei opplisting frå topp til tå. Den lærer deg mykje om teknikkar og ingrediensar, og er eit nyttig hjelpemiddel på kjøkkenbenken.

Morten Schakenda si bakebok er også eit sikkert kort, mykje nyttig kunnskap om råvarer og teknikkar der og. For ikkje å snakke om Den store kakeboka til Sverre Sætre, der finn du alt du treng av kakeoppskrifter, heilt enkelt. Alle grunnoppskriftene er lista opp der, på beste vis.

I det heile tatt: Ta turen til ein bokhandel denne eller dei næraste vekene, og kos deg med det du finn! :)

5 kommentarar to “Smalhans på Mammut!”

  1. solveig Says:

    Eg har omtrent alle desse. Tips frå meg: Krydderleksikonet om du ikkje har;-)

    Lik

  2. Lammelåret Says:

    Jeg har kjøpt den!

    Lik

  3. Ivrig leser Says:

    Mannen min kom hjem med Smalhans i dag! Nå koser jeg meg skikkelig med å lese oppskriftene og beundre bildene – det er faktisk lørdagsunderholdningen her i kveld :-)

    Lik

  4. smgj Says:

    Frie kaker ble kjøpt. Den er fantastisk for meg som lever melfritt. :)

    Lik

    • smgj Says:

      Ja og jeg glemte å skrive det viktigste – at den også beskriver en god del kakekjemi – sånn at man lettere forstår hva som fungerer og hvorfor.

      Lik

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggers like this: