Den store pannekakedagen!


Det er i dag! Og eg lagar jo dei aller beste pannekakene, så då er det berre rett og rimeleg at det var meg Østlandssendingen ringte til då dei ville ha nokon til å kome i studio og snakke om pannekaker.

Så slår du på radioen litt over tre i dag får du meg med pannekaker i steikepanna på lufta på NRK P1. Eller som podkast. Eller på nett. Her har du mi perfekte pannekakeoppskrift:

Eg likar pannekakene tynne, lette, litt søtlege og med ei god klype salt i røra.

Slik får eg dei berre viss eg lagar dei sjølv. Andre vil ha dei tjukke, dei syns det er unødvendig med salt i røra og dei steiker pannekakene i store mengder margarin. Dei om det, slik gjer eg det:

Pannekaker

2 egg

3 ss sukker

½ ts salt

3 dl kveitemjøl

5 dl mjølk

2 ss smelta smør, eller flytande bremykt

Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike.

Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake.

Eg likar pannekaker med sukker og sitron, og drysser ei lita teskei sukker på pannekaka etter at eg har snudd den slik at det smeltar. Så krystar eg litt sitron over, og serverer.

Ei tilbakemelding to “Den store pannekakedagen!”

  1. anne kristin Says:

    Så inspirerende og fin en blogg!

    Lik

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggers like this: