Urtebakt kylling med bakte poteter og sopp


Kylling med bakte poteter og sopp

Denne retten vert aller best viss du får tak i kyllingbryst med skinn. Då held fileten betre på smak og saft, og det legg seg masse smak i sjølve skinnet.

Eg serverer kyllingfileten med ovnsbakte nypoteter, og dei treng litt meir tid i ovnen enn kyllingfiletane. Det løyser eg ved å bruke ei stor form, eventuelt ei langpanne, og så let eg potetene godgjere seg ei stund først, før kyllingane blir med. Dekk langpanna med bakepapir, så blir det minimalt med oppvask.

800 g poteter

250 g sjampinjongar, så små som du finn

1 dl olivenolje

1 ts salt

½ ts peppar

Nokre timiankvistar

Set ovnen på 200 grader.

Bland olje, salt og peppar i ein vid bolle. Skyll og tørk potetene, og ha dei i bollen. Rens soppen, og ha den og i oljen. Vend dei godt rundt, slik at soppen og potetene vert heilt dekt av olje og krydder. Hell det heile over i den bakepapirkledde langpanna, og dytt dei til ei side i forma slik at du får plass til kyllingen ved sidan av. Dytt timiankvistane inn mellom potetene og soppen.

Bak potetene og soppen på 200 grader i ca. 25-30 minutt.

Urteolje

3 dl grovhakka, fersk persille, salvie og timian

3 dl olivenolje

1 ts salt

Ha urtene i ei matmølle, og hell over olje og salt. Køyr det heile til ein glatt puré. Spe eventuelt med meir olje dersom den vert for tjukk.

IMG_5507Bakt kylling i urteolje

800 g kyllingbryst med skinn

Salt og peppar

Smør og olje til steiking

Skjer kvart kyllingbryst i to-tre bitar, alt etter storleik. Har du kyllingbryst med skinn, så salt skinnet godt ei stund før du går i gang. Varm opp smør og olje i ei steikepanne, og steik kyllingfiletane fort på ganske høg varme slik at dei får ein pent gyllen farge.  Hell urteolje i ei vid skål, og vend dei lettsteikte filetstykka i oljen.

Ta ut langpanna, og legg i kyllingfiletane. La dei bake i ca. 20 minutt, til dei er ferdige, og potetene er møre.

Grunnen til at eg ikkje vender kyllingbitane i oljen før eg steiker dei i panna er at i panna vert urter fort svidd. Når bitane først er steikt og så får urteoljen på seg så får smaken tid til å trekke inn i kjøtet medan bitane ligg i ovnen og kosar seg.

Server kyllingen med bakte poteter og sopp til, legg gjerne ein klatt rømme eller gresk yoghurt oppi soppen ved servering slik at det sausar seg litt.

Ei tilbakemelding to “Urtebakt kylling med bakte poteter og sopp”

  1. Elisabeth Says:

    Åh! Dette blir dagens middag, dog uten soppen. Har tatt ut kylling uten å være enig med meg selv om hvordan jeg har lyst til å tilberede den. Nå vet jeg.

    Lik

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggers like this: