Det spirer på kjøkkenbenken


Har du smakt friske spirer i maten? Det er så fantastisk godt! Sprøtt, grønt og litt bittert smakar det, og det passar perfekt i salat, i wok, i ei suppe eller på eit smørbrød.

Du kan få kjøpt spirar i velassorterte butikkar, men det er eit begrensa utval. Bønnespirar kan du også finne hermetisert, men det kan ikkje samanliknast med heimespira friske bønneskot.

Å dyrke fram eigne spirar er eigentleg det same som ein gjer når ein sår frø, bortsett frå at då skjer det i jord. Eg brukar å spire i eit norgesglas, men du kan bruke kva som helst slags beholdar så lenge den ikkje er heilt tett. Frøa eller bønnene du skal spire må nemleg ha det lett fuktig og med tilgang på frisk luft for å bli bra.

Pass på at du brukar ein romsleg nok beholdar, Dei fleste spirar tidoblar nemleg seg i storleik når dei spirer. Eit anna triks er å ikkje bli for ivrig. Det er ofte nok å spire to-tre spiseskeier med frø eller linser. Brukar du større bønner kan du ta litt meir, men vurder det i forhold til storleiken på spirekaret ditt.

IMG_5593 - versjon 2Spirer du ting som ikkje er så små kan du bruke eit glas med skrukork, og slå hol i loket med hammar og spiker. Slå spikeren i frå innsida, ganske mange hol. Eller så kan du gjere som meg, ta bort glasloket på norgesglaset, legge gasduk over glaset, og skru på metallringen igjen. Har du ikkje gasstoff i huset kan du bruke ei rein nylonstrømpe, det egnar seg særleg godt til ørsmå frø.

Kva kan ein spire? Dei fleste frø av spiselege plantar går fint. Eg spirer reddikfrø, løkfrø, alfalfa, linser, ulike typer bønner og brokkolifrø. Å kjøpe små frøposar på Plantasjen vert dyrt, så du kan også kjøpe frø på iherb eller i grønsaksbutikken. Innvandrarbutikkane har eit flott utval i bønner og linser, berre styr unna dei linsene som er splitta. Prøv til dømes møllbønner, dei er små og runde, og egnar seg utmerka til spiring.

Tida dei ulike frøa eller bønnene brukar på å spire varierer veldig. Nokre spirer etter to dagar, rekorden har solsikkefrø, som er kjemperaske. Andre er treige, som t.d. løkfrø. Dei fleste spirar er spiseklare etter 5-8 dagar.

IMG_5595Slik gjer eg det:

3 ss bønner, linser eller frø

½ liter vatn

Eit romsleg glas

Legg det du skal spire i vatn over natta. Morgonen etter heller du av vatnet, og har bønnene tilbake i glaset. Dekk til loket og la det stå på kjøkkenbenken utan direkte sollys til kvelden. Skyll bønnene, og la dei stå til neste morgon. Skyll dei på nytt kvar morgon og kvar kveld til du har passe store spirar til å spise dei. Eg likar at spirane har fått det første bladparet før eg et dei.

Vil du oppbevare spirane etter at dei er ferdige så kan dei halde seg i kjøleskap nokre dagar viss du skyller dei i ei blanding av ein liter vatn og ei teskei atamon. Elles mugnar dei fort.

IMG_5599Salat med fetaost og spirer

200 g vaska og tørka salat av ulike typar

Ein finhakka halv løk

100 g fetaost

100 g skinke i terningar

50 g spirar

Legg salaten på eit fat. Dryss over finhakka løk, smuldra fetaost, skinketerningar og spirar. Server med ein god vinaigrette.

Vinaigrette

1 dl kvitvinseddik

1,5 dl extra virgin olivenolje

Ei klype salt

Ei klype peppar

½ ts sennep

½ ts honning

Bland saman alt til vinaigretten, og ringle den over salaten rett før servering.

Ei tilbakemelding to “Det spirer på kjøkkenbenken”

  1. marken Says:

    Å, takk for påminnelsen! Dette drev jo jeg med på åttitallet. (Kanskje derfor det irriterer meg så innmari når butikkene kaller alfalfaspirer for alfa alfa spirer.)

    Lik

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggers like this: