Arkiv for kategorien ‘Bokprosjekt’

Vil du gi bort ballboka i julegåve?

03/12/2013

Då har du sjansen no! Og du kan til og med få den signert av meg.

IMG_0538I neste veke drar eg ned til Samlaget, og signerer ein stabel av bøker, og Samlaget dekker portokostnaden for å få boka fram til deg. Boka kostar 379,-, faktura følgjer med boka når du får den.

Du kan også få Sylting og safting, og Smalhans om du har lyst å gi bort dei. Dei er nedsett i pris, så dei kostar 199 per stykk. Eg signerer også desse, gjerne til den personen du skal gi dei bort til. Eller til deg sjølv, om du vil sikre at iallfall ei julegåve vert heilt rett i år.

For å få reservert bøker til deg så sender du ein mail til a.tresselt@samlaget.no, og seier frå kva bøker du vil ha, og kor mange.

Kast deg på, så har du årets julegåver i boks før du veit ordet av det!

 

Kokebøker til halv pris hos Matbloggsentralen!

11/09/2013

Matbloggsentralen er som du kanskje veit ei samanslutning av dei aller fleste matbloggarane i Norge. Der finn du utfordringar, Vekas bloggar og masse anna spennande.

No har Matbloggsentralen inngått ein avtale med Tanum bokhandel. Den avtalen inneber at eit knippe av bøkene som medlemmane av Matbloggsentralen gir ut er tilgjengelege til halv pris!

halvprisFor å få bruke dette tilbodet går du inn i Tanum sin nettbutikk. Så legg du dei bøkene du har lyst på som er skrivne av matbloggarar i handlekorga, og så brukar du rabattkoden MATBLOGG når du handlar. På denne måten kan du til dømes få tak i Smalhans og Sylting og safting heile året til halv pris! Tilbodet varer fram til 20. oktober, og er ope for alle.

Har du planar om å gi mine bøker i julegåve til nokon er dette den perfekte måten å gjere det på. Møtest vi IRL skal du til og med få signatur i viss du vil ha.

God kokebokshopping!

Live-sylting på Runde!

30/08/2013

I morgon, laurdag 31. august, er eg klar for live-sylting på Runde Miljøsenter, i heimkommunen min Herøy!

IMG_0916_2Eg kjem på fly oppover, så eg har ikkje med meg så mykje bær. Difor må dei som kjem ta med seg det dei har lyst til å få sylta, og så lagar vi det vi det eg får inspirasjon til, og delar på alt.

Så er du i nærleiken, og har ei solbærbusk eller ei stikkelsbærbusk som du ikkje har plukka heilt rein (for ikkje å snakke om plommer!) så ta det med og så syltar vi i vilden sky.

Blir ikkje det bra? Eg gler meg iallfall veldig. Vi sjåast! :)

Eg treng hjelp! No i helga!

06/03/2013

Og då er eg i Stjørdal, så ting må skje der oppe. Greia er at Gunda og Gunda lagar kokebok igjen. Denne gongen handlar det om ball! Alle sortar ball, raspeball, klubb, klot, risk og alt mogeleg anna som folk rundt om i verda lagar av potet, mjøl og salt.

Men Gunda og eg klarer ikkje å lage all denne ballen sjølve. Så dersom du er i Stjørdal eller omegn treng vi hjelp av deg. Oppgåva vi gir deg er å lage ei balloppskrift som du får frå oss. Så kan du kome og levere den hos Gunda enten torsdag, fredag eller laurdag, slik at vi kan fotografere din ball.

Vi er ikkje rike, men premien du får frå oss er ei gratis ballbok signert av oss begge Gundaene når den kjem frå trykkeriet. Vi treng ikkje store porsjonar, viss du fyller ei isboks er det nok til oss. Resten kan du servere til familien din.

Viss du syns dette er vel verd å bruke tida di på, så send meg ein e-post, så får du oppskrift frå meg. Og så sjåast vi i løpet av helga. På førehand tusen takk! :)

Ein liten førjulsturné!

29/11/2012

I helga skal eg på ein liten førjulsturné på Sunnmøre! Er du der vonar eg at vi møtast.

På laurdag føremiddag møter du meg på Norli på Moa. Der syltar eg og signerer bøker frå elleve til eitt. Så dreg eg avgarde til Larsnes og Sandemessa. Der finn du meg på standen til Eiken Libris, og utpå ettermiddagen stikk eg ned på skulekjøkkenet og syltar der og. I fjor lagde eg lakserullar, men i år vert det altså heimelaga julegåver som er temaet.

Det er også temaet på Brudavolltunet i Ørsta på søndag. Min medbloggar Heidi har teke over som dagleg leiar på Brudavolltunet, og der lagar vi i stand juleverkstad søndag klokka 13:30. Det kostar ein femtilapp å kome inn, men då ordnar vi med materiell til ein strålande flott juleverkstad der du får vere med å lage julekort, julegåvelappar, syltetøy, kanskje ein god eddik, vi skal lage fuglebollar og opptenningsrullar og mykje anna morosamt. Det trur eg blir ein strålande fin dag.

Så vil du bli med på førjulsmoro med meg denne helga, er Sunnmøre plassen å vere! :)

Alt godt i Nitimen!

17/11/2012

Jada, det er nitime på laurdag og. Og i dag skal eg vere gjest!

Rundt 10:20 kan du høyre meg, då skal eg seie noko om potetball. Det er nemleg ein sunnmørsgjeng som møtest i kveld og lagar ball, og dei har Nitimen fatta interesse i. Eg skal snakke om ball til sunnmørsgjengen i kveld, og då må eg jo snakke om det i Nitimen og.

Så skru på apparatet ditt, og lytt til ballsnakk! :D

(Lurer du på kvifor dette innlegget er tagga under bokprosjekt? Fordi…)

Eg live-syltar igjen!

27/10/2012

I går ettermiddag sette vi oss i bilen, og pressa oss ut av Oslo i ettermiddagsrushet.

I dag tidleg vakna eg i ei deilig seng på Fretheim hotell i vakre Flåm! Her er vi deltakarar på Nynorske Litteraturdagar, og saman med nynorskcelebritetar som Agnes Ravatn, Linda Eide, Kristin Fridtun og Bremnes-brødrene får eg vere med på å spreie litteraturglede i Aurland.

Så er du i området må du stikke innom Fretheim hotell i ettermiddag. Klokka 17:30 live-syltar eg framfor eit vonaleg interessert publikum. Ha ein fin laurdag, med eller utan sylting!

Livesylting i Saras telt!

15/09/2012

Eg er invitert av Oslo Bokfestival til å livesylte i dag klokka to.

Så er du i byen, er du hjartans velkomen til å stikke innom, det vert høve til å få bøker signert og høyre meg drøse om sylting i si alminnelegheit. Bli med! :-)

 

I dag! På tv!

12/09/2012

(Puh, denne gongen gløymde eg ikkje å seie frå.) I ettermiddag, sånn i sekstida, er eg på tv igjen!

Denne gongen er eg til og med på eigne bein, utan Hanne på Høyden som støttekontakt. Det vert i overkant spennande, men det går sikkert bra.

Eg skal lage urtesalt, eg skal sylte tomatar og så må eg vise nektarinsyltetøyet ein gong til, for det er så lett.

Så om du har lyst til å sjå meg på tv, så skru på NRK1 klokka seks. Har du søvnproblem går programmet i reprise klokka 05:00 (!!) torsdag morgon, og for dei heimeverande går det i reprise klokka eitt på torsdag. Heng på!

Ja, eg er litt sløv…

28/08/2012

Eg har gløymt å fortelje at eg skulle på God Morgen Norge i dag!

Men det heile går i reprise, og du får sjå det om du slår på tv2 no. Eg reknar med at innslaget kjem på ein gong rundt kl. 11. Kva eg gjer? Pratar om sylting og safting, vel. :-)

Sylteboksignering – i Oslo!

22/08/2012

Du treff meg på Ringnes park, øverst på Grünerløkka, fredag klokka tre! Butikken heiter Tanum, og der har dei stabel på stabel av den nye boka mi.

På Tanum Ringnes park blir det live-sylting igjen, eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal lage, men smaksprøver vert det iallfall. Og så signerer eg Sylting og safting heile året til deg viss du vil kjøpe ei.

Heng med!

-Og i Trondheim!

17/08/2012

I morgon!

På nordre gate, utanfor Norli, står vi og syltar og delar ut smaksprøver og signerer bøker frå 11:30 til 13:30. Dette er det siste høvet til å få Sylting og safting heile året signert av begge Gundaene, så stikk innom om du er i Trondheim!

Live-sylting i Stjørdal!

14/08/2012

Førstkommande fredag lagar vi lanseringsfest for Sylting og safting i Trøndelag!

Dei to Gunda-ene, GundaM og eg, signerer bøker, eg syltar og det blir stor ståhei på Bruktbo. Du finn Bruktbo i Sutterøygata 22 i Stjørdal, og frå klokka elleve til klokka tre blir det bokslepp og mykje moro.

Bruktbo er plassen der GundaM har funne mesteparten av alle greiene vi brukte for å presentere syltetøy og saft i boka, så kanskje du og finn noko fint som inspirerer deg der?

Kom og bli med om du er i nærleiken!

Aster og eg

08/07/2012

Eg fortalde om møtet mitt med Aster tidlegare i veka.

No har eg fått eit fint bilde av oss, der vi held på med live-sylting i Ørsta. Det er Ingvild Runde som har teke bildet. Du ser at desse to damene er PÅ, ikkje sant? ;-) Ha ein fin søndag!

Hups, rettelse, ny feil følger!

30/06/2012

Eg byrjar i Volda! I Volda klokka ti, i Ørsta klokka elleve serverer eg frukost. Kom, kom!

Vil du ha frukost hos meg?

29/06/2012

Det blir ikkje heime hos meg altså, men i morgon tidleg, klokka ti (vel, kanskje kvart over) i Ørsta og rundt elleve i Volda, lagar eg frukost.

Då får du ferskt, godt brød, og du kan sjå meg sylte nektarinar, jordbær og rabarbra, og smaksprøver vert delt ut med raus hand. Yr.no er sånn passe entusiastisk til det heile, men eg skal iallfall gjere mitt beste for at det skal bli ein triveleg frukost.

Dei nynorske festspela sel Sylting og safting heile året begge stader, og eg signerer når eg berre har fått vaska syltetøyet av hendene. Kom innom om du er i nærleiken!

Sylting på direkten

29/06/2012

I dag har eg hatt besøk av to journalistar, og sylta saman med dei på mamma sitt kjøkken. Fine greier!

Syltetøyet vart godt, og journalistane vart fornøgde, trur eg. Dei hadde betre utstyr enn iphone å hjelpe seg med, så dei får nok betre bilde enn eg fekk her. Men uansett: Boklansering er gøy!

Med fare for å gjenta meg sjølv…

11/06/2012

Du huskar på dette, ikkje sant?

Viss du har lyst på Sylting og safting heile året i signert utgåve så send ein mail til m.hvamstad@samlaget.no, så kjem den i posten til deg. Boka kostar 369,-, og Samlaget dekker porto.

Fint, ikkje sant?

Her er det noko som pågår…

03/06/2012

Det må vere ei sylteboklansering, trur eg.

Alt dette og mykje meir skal omdannast til smaksprøver til når eg skal ut i bokhandlar og i andre samanhengar og presentere sylting og safting. Mykje jobb og mykje moro! :D

No er den her!

01/06/2012

Den nye boka som GundaM og eg har laga, Sylting og safting heile året er i butikkane as I type!

Men du er spesielt heldig, for du kan få ei signert utgåve i posten. Send ein mail til Maren Ingeborg Hvamstad i Samlaget, adressa er M.Hvamstad@samlaget.no. Boka kostar 369,-, og Samlaget dekker porto.

Kast deg rundt, og send mail til Maren om du vil ha bøker signert av meg!

Varm om hjarta

25/05/2012

Når ein stiller seg lageleg til for hogg slik eg gjer kan ein ofte bli usikker på om det er noko poeng, dette ein held på med. Eg har hatt mine tankar om stormannsgalskapen det er å gi ut bøker og faktisk tru at nokon vil lese dei, eller at akkurat mi bok skal gjere ein skilnad.

Men av og til får eg tilbakemeldingar som verkeleg varmar, og som gjer at eg tenker at det faktisk er eit poeng med dette eg driv med. I går fekk eg ein mail frå ein lesar, som eg har fått lov til å attgje her i bloggen. Den gjorde meg så utruleg glad og stolt. Takk, Ingrid!

Hei! 

Til jul fikk vi boka “Smalhans” av svigermor – og far, siden vi da akkurat hadde gjort vårt største kjøp noensinne, en enebolig. Dette medførte en ganske så annen økonomi, og dèt i tillegg til å gå i barselpermisjon i januar med 80% dekningsgrad, sier det seg selv at det ble smale tider. Det er det forsåvidt enda. Slik er det vel for de fleste antar jeg, og vet at det blir bedre. Vi er nygifte, er akkurat ferdige studenter, har ei jente på 8 år og ei på 4 mnd. En ganske vanlig situasjon, men jammen om vi har det bra sammen :o)
 
Grunnen til at jeg skriver til deg, er fordi jeg ønsker å takke deg for utrolig mange gode oppskrifter og tips til ny tankegang når det gjelder mat og budsjett. Nå tar jeg dette som en utfordring og lager planer, kjøper mat på tilbud og kvantitet (snarere fremfor kvalitet).  Jeg har begynt å se gevinsten i å bake hverdagsbrød selv, og utnytte rester på best mulig måte. Når det er trange tider er man så utrolig kreativ, og med gode tips fra boken din som er fremme mange ganger i uken – greier jeg å lage middager og andre retter uten den unødvendige ekstra turen på butikken. 
 
Nå skal det også sies at jeg ser litt frem til hver lønningsdag – da er det liksom “lov” å skeie ut med luksuspålegg, og andre goder. Men mellom disse få dagene, lager jeg mat på veldig lavt budsjett. Jeg er veldig glad jeg fikk boka til jul, den har vært til god hjelp!!
 
Mvh 
 
Ingrid

Bardøla, påska 2012

07/04/2012

Neida, eg har ikkje rusha avgarde til påskefjellet, men ei venninne har sendt meg eit bilde ho tok i restauranten på Bardøla her om dagen.

Kva anna møtte henne i bokhylla der enn Smalhans? Stas! Ho måtte sjølvsagt ta eit bilde og sende til meg, og det vart eg veldig glad for.

Snart er den her!

31/03/2012

No er den like rundt hjørnet!

Den neste boka mi, Sylting og safting heile året, er til siste korrektur medan du les dette, og om alt klaffar så er den i butikkane i løpet av april! Flinke og fine GundaM har teke fantastiske bilde, så boka er verd pengane berre for å sjå dei. Å arbeide med henne er ei fryd, men det har eg sagt mange gongar no, så det veit du jo.

Eg kjem nok til å ha signering og utsending gjennom bloggen denne gongen, men først må trykkarane gjere jobben sin. Gunda og eg held pusten! :)

Kva gjer bøkene

11/01/2012

når bokhandlaren har gått heim?

Dei dansar, flørtar, vinkar og ler. Sjekk ut beviset:

Nesten ikkje til stades…

09/01/2012

Det skjer mykje for tida.

Ringen medfører bryllupsplanar, jobben krev sitt og manus til saft- og sylteboka skal innleverast.

Difor er det litt stille i bloggen min akkurat no, eg vonar de er tolmodige og kjem tilbake likevel! I mellomtida kan du kose deg med dette bildet frå hagen min. Er ikkje desse sildrene søte?


%d bloggers like this: