Arkiv for kategorien ‘Grønt’

Borddekkinga

25/09/2012

Vi har fått mange gode ord om bordekkinga, og folk syns at det var pent pynta i salen der vi hadde festen.

Det er hyggeleg å høyre, for det er noko av det som eg la mykje arbeid i. Eg hadde hjelp av  forlovaren min, Ovedia, og Marianne, ei veldig flink dame som har gjort ein god del interiørstyling, men tinga vi brukte var i all hovudsak ting som eg har samla på meg gjennom det trekvarte året som har gått sidan vi bestemte oss for å gifte oss. Sjølve borddekkinga hadde Elisabeth hovudansvaret for.

Kjære Ovedia og eg handla inn blomar på onsdag. Då kjøpte vi fire bukettar raude roser, ikkje dei største, og så kjøpte vi ein stor bukett av dei store oransje rosene med raude kantar. I tillegg kjøpte vi svarte bær, grøne og svarte strå, raude alstromeria, mørkeraude krysantemum og store grøne hortensiaballar med raudlege kantar.

Blomane fekk først ei natt i romtemperatur, slik at dei byrja å springe ut. Frå torsdag til fredag sto dei i vår kjellar, kjøleg og mørkt. Dei oppførte seg eksemplarisk, og ingen hang med hovudet då Ovedia byrja å jobbe med bukettane på fredag. Desse blomane vart anretta i gamle blekkteboksar som eg og stylisten Marianne har samla gjennom mange år.

Ovedia brukte små glas inni boksane, for denne typen boksar lek, dessverre. Der det var plass brukte ho stilkholdarar i glas eller piggputer i metall for å halde stilkane i den vinkelen ho ville ha dei.

Frå fredag til laurdag sto dei på kjølerommet saman med drikkevarer, bryllupskaka og mykje anna som skulle brukast på festen. Dei flinke damene som holdt orden på kjøkkenet og det meste anna satte dei ut på borda og alle andre plassar som skulle dekorerast på sjølve dagen.

Eg har ikkje fått dei offisielle bilda enno, dei er tekne når lysa var tent, rett før gjestane gjekk inn i salen. Dette er mitt bilde på prøveoppsettet dagen før, utan tende lys. Lysa var plassert dels på små sølvplettfat, dels i søte, små likørglas og dels i sølvplettstakar.

Rammene på bordet har eg også samla over tid, borda fekk namn etter quizlag som vi omgås eller er med på. Hekledukane er samla inn frå vennar og familie. Dukane er laken frå IKEA. Serviettane syns ikkje så godt, men dei har monogrammet vårt stempla på. Fint, ikkje sant?

Det blir fint!

19/09/2012

Dette skal Kjære omforme til vakre dekorasjonar i bryllupslokalet. Eg trur det blir veldig fint, og eg gler meg til å sjå resultatet.

Siste sjanse!

19/07/2012

Hylla var sein i år, men no blømer ho på vestlandet og nordover, og syng på siste verset. Så denne helga må du kome deg ut for å plukke hylleblomar, det er sist sjanse denne sommaren!

Sunnmøringane er priviligerte som har svarthyll ved kvar ei husnåv, her i Tigerstaden er den vanskeleg å finne. Eg har funne ein svarthyll på Ekeberg,  og så veks det ein liten skog på Carl Berner. Det var der eg fekk plukka i år. På Leikong har vi ein diger svarthyll i hagen, og det er som å rappe godteri frå småungar å lage nydeleg saft både av blomar og bær.

Styr unna raudhyllen. Den er lett å skilje frå svarthyllen ved at den har blomar som lange duskar, nesten som syrinblomar, medan svarthyllen har flate blomebukettar, nærast små paraplyar. Dessutan blømer raudhyllen før svarthyllen. Når bæra kjem er det endå enklare å skilje dei frå kvarandre ved å sjå på bærfargen, men blomesafta er meir spennande på smak og lettare å bruke,v så utfordringa er å sjå kva som er svarthyllblomar. Du kjenner dei på den deilige, aromatiske honninglukta, som angar av sommar.

Svarthyll har medisinske verknader seiest det, den skal verke vassdrivande og mildt bakteriedrepande. Difor har både saft av blomane og bæra vorte brukt mot forkjøling. Blomane er rike på flavonider og mineral, mellom anna kalium.

Hylleblomstsaft skal vere syrleg og ganske søt, safta skal tole å bli utspedd. Og dess søtare den er, dess betre held den seg. Syra frå sitronane og sitronsyra er med på å balansere søtsmaken og blomesmaken, elles kan smaken bli emmen.

Det viktigaste for å få saft til å halde seg er at den er oppkokt, at den er søt og god og at den vert fylt på sterile flasker. Køyr flaskene i oppvaskmaskina, skyll dei gjerne ekstra, og legg dei i steikeomnen ei stund på 100 grader. Korkene kan du koke i reint vatn. Ha ørlite Atamon på kvar flaske før du fyller safta på. Då er du sikra frisk, myglfri saft til godt over neste sommar.

Hylleblomstsaft

50 klasar (ca. ein halv bærepose) hylleblomster

4 sitronar

2,5 liter vatn

3 kg sukker

75 g sitronsyre (kan bytast ut med vinsyre, sjå på pakken, og smak deg fram)

Legg blomane i eit kar av plast, og slå vatnet over. Skjer sitronane i skiver, og ha dei i karet. La det stå i to dagar. Sil frå blomane og sitronane gjennom eit klede (pass på at det ikkje er vaska med skyllemiddel!), og ha ”safta” over i ei gryte. Kok opp, og saml opp det som kjem til overflata. Sil det gjerne ein gong til.

Rør i sukkeret og sitronsyra. Kok opp, og skum av igjen. Smak om det skal meir syre eller sukker til. Hell safta på reine, sterile flasker med ein knivsodd Atamon. Kork flaskene, og oppbevar dei kjølig.

Når du lagar saft kan du lage gelé av ein del av safta. Hylleblomstgelé er godt på sterke ostar, til ein god viltapaté eller ganske enkelt på vaflene. Slik gjer du det:

Hylleblomstgelé

1,5 liter hylleblomstsaft

1 pakke pektinpulver

50 g sukker

Kok opp safta. Bland sukker og pektinpulver, ha det i den kokande safta og la blandinga fosskoke i eit minutt. Hell geléen på reine, sterile glas, og skru på loket med ein gong. La den stå kaldt nokre dagar. Er geléen ikkje stiv etter to-tre dagar så ikkje gje opp. Berre la den stå, min brukte nærare ei veke på å bli skikkeleg stiv.

Hylleblomstsorbet lagar du av ferdig søta saft. Eg har ismaskin, då går det lett som på ein plett å lage denne sorbeten. Slik gjer du det:

Hylleblomstsorbet

0,3 liter hylleblomstsaft

0,3 liter vatn

Skal av ein sitron

Riv sitronskalet, pass på at du ikkje får med det kvite frå sitronen. Bland safta med vatnet, og ha i sitronskalet. Har du ismaskin så køyrer du den med blandinga i. Har du ikkje, så heller du blandinga i ein metallbolle, og set i frysaren.

Ta bollen ut ca. kvar halvtime, og rør i den med ein gaffel til den har blitt ordentleg frosen.

Server saman med ein jordbærsorbet til tynne fine pannekaker eller på toppen av ein brownie.

Dei fine akeleiene

13/07/2012

Er dei ikkje nydelege?

No står dessverre berre frøstandane igjen, så eg må ha den her  i bloggen for å minne meg sjølv om kor vakre dei er. Ha ein god fredag! :-)

Dei finaste kveldane

22/06/2012

Det er desse kveldane som ein delar med gode vennar i ein flott hage midt i byen i det vakre sommarlyset.

Det er desse kveldane då praten går lett, maten smakar godt og rausheit og glede pregar samveret.

Det er desse kveldane då ein syklar heim forbi botanisk hage og pustar inn den intense dufta av skjærsmin.

Det er desse kveldane då ein kjem heim til fine ungdommar som har laga seg middag, og som ryddar når ein ber om det.

Det er desse kveldane då vi vaksne tenner lys og delar ei stille stund etter at ungdommane er i seng.

Fine kveldar.

Kva er dette?

13/06/2012

Som eg har sagt tidlegare, hagen min har kome til ved ei lang rekke tilfeldigheiter.

Det betyr at ein god del av plantane mine veit eg verken opphavet til eller namnet på. Denne planten som står og struttar faretruande nær aspargesbedet mitt er heilt ukjent for meg. Har du sett ein slik før? Det ser ut til at den vil få kvite små blomar, men den har ikkje sprunge heilt ut enno.

Eg treng altså identifiseringshjelp. Veit du kva dette er? (Dei grøne duskane i framkanten av bildet er ein busknellik, og den er ikkje ein del av planten eg lurer på identiteten til.)

Det mørke i hagen

09/06/2012

Ingen skal skulde meg for å ha ein medviten plan for det eg plantar i hagen min.

Eg kjenner mange flotte hagemenneske, og når vi møtest så byttar vi plantar, eller delar av overskotet i hagen. På ein eller annan måte har eg fått hendene i denne svarte akeleia.

Å seie at den lyser opp i bedet ville vere å overdrive, men eg syns den er utruleg stilig, der den står rank, rett og mørk.

Desse svarte tulipanae kjøpte eg nok sannsynlegvis i Oxford i fjor sommar. Heldigvis kom dei i jorda før nyttår, så no står dei og struttar i hagen min. Eg likar dei flukrete (er det eit ord?) kronblada og den lekre mørke fargen. Har du mørke fargar i hagen din?

 

Den fine trappa

07/06/2012

Eg har vist fram denne trappa før, den ligg rett på andre sida av plenen, og inkluderer eit lavterskeltilbod av sosial type. Perfekt for oss travle kvardagsmenneske.

I dag var eg innom igjen, og den er om mogeleg endå vakrare om sommaren. Vertinna har fingerspitzgefühl, og veit korleis lys og blomar bør velgast ut og plasserast.

Sjå nøye på bildet. Ok, du skal få eit til. Ser du kva ho brukar for å halde døra open? Ei gamal japansk tekanne, som dessverre har rusta innvendig. Tung og fin, perfekt for å halde døra på plass.

I tillegg har ho dei vakraste peonane i verda. Dette er ein trepeon, og blomane er som middagstallerknar. Nydeleg!

Ein smart planteidé!

08/05/2012

Her om dagen var niesa mi i vennegruppe, og mammaen som hadde klassa heime hos seg hadde ein god og grøn idé som eg tenkte eg skulle formidle vidare.

Barna fekk kvar sine to mjølkekartongar. Dei vart skylt, og eine langveggen vart fjerna med saks og kniv. “Huset” på toppen vart teipa inntil kartongen med gaffateip.

Så fylte dei jord i kartongane, og sådde frø i dei. No står tre kraftige squashfrø i den eine mjølkekartongen, og i den andre ligg det ein neve karsefrø som har spirt, og snart skal få dekorere og gje smak til eit eggesmørbrød.

Eg syns dette var veldig praktisk når ein vil så, men ikkje har potter tilgjengeleg. Ein pose frø rekk langt, og med mjølkekartongar som potter kan ein få mykje såglede og hageglede for lite pengar.

 Når frøplantane er klare og veret har blitt litt varmare skal squashplantane få kose seg ute, enten i eit bed eller i ei diger potte. Smart, ikkje sant?

Ei sol i vindauget

29/04/2012

Desse vakre peonane kom i hus i høve kjæresten min sin fødselsdag som vart feira forrige søndag.

Då var dei tette, lakserosa peonknuppar, eit klassisk sommarteikn for meg. No syng dei på siste verset, men dei er utruleg vakre her dei står som lekre, mjuke dyner ein kan sige ned i.

Dei har altså skifta farge frå lakserosa til kremgul, heilt utan forvarsel. Har du råd, så kost på deg nokre innepeonar no. Utepeonane kjem ikkje på ei lang stund enno, så med ein innebukett kjem liksom sommaren nærare.

God søndag!

Hagemessa – gratis billettar!

13/04/2012

Som bloggar har eg fått to gratisbillettar til Hagemessa på Lillestrøm. Men eg er del av utstillarteamet til Hagegal, så eg treng dei ikkje!

Har du lyst til å gå? Einaste vilkåret eg set er at du kommenterer i denne posten, og fortel kvifor du har lyst til å dra på Hagemessa. Eg trekker blant dei som melder seg før eg står opp i morgon. Sleng deg på! :D

(Bildet er lånt frå Hagegal.)

I hagen min

28/03/2012

Då eg var i Oxford i fjor fann eg ein butikk med ei lang rekke esker med lause løk og knollar.

Ein heil del av dei vart med meg heim, og no har dei første byrja å stikke hovudet opp. Desse lekre Iris reticulata står og brettar armane ut i bedet mitt, er dei ikkje fine?

-Og søskenbarnet, den vanlege reticulataen, står litt lenger bort i bedet. Den er flott, den og, sjølv om den snart er ferdig med å blomstre. Heilt utruleg, dette veret.

Å ta inn våren

17/03/2012

Ved sidan av parkeringsplassen vår står det ein trist liten busk. Den sto eigentleg i mitt bed, men noko av det første eg gjorde då eg byrja å grave der var å flytte denne pjuskete saken på utsida av gården.

Den har ikkje fått noko særleg omsut, den er skeiv og rar og brennesle og anna ugras omkransar den. Det er ein forsythia, desse buskene som blomstrar med små gule blomar på bar grein tidleg på våren.

No har eg tenkt å gi den litt meir stell. Den har blitt skeiv og rar, uvisst av kva grunn. Kan eg ha planta den skeivt? Eg trur ikkje det, men det kan vere noko stein i grunnen under som bevegar på seg og som gjer at den vert skakk. Det kan også hende at han som måkar snøen vår har vore borti den.

For å få den nokolunde rett igjen har eg byrja å beskjære den. Så på den sida som er for stor klipper eg av greiner. Dei tek eg med inn, og set i vatn. Der spring dei ut, og vert dei nydelegaste blomegreiner i stoveglaset mitt. Lykke!

Eg ynskjer alle blogglesarane mine ei blomstrande fin helg. Og blomar treng ikkje kjøpast, dei kan hentast inn frå vegkanten, slik som mine.

Hagemessa – vil du vere med?

13/03/2012

I år er hagemessa på Lillestrøm 13.-15. april. Dei siste åra har eg vore med på Hagegal sin stand på hagemessa, og det er alltid like kjekt!

Gjennom heile våren driv vi hagefolka og sår og priklar slik at vi skal ha småplantar klare for salg på hagemessa. Dei sel vi for ein billig penge til inntekt for forumet og for å dekke utgiftene våre. I tillegg har enkelte av oss rydda i hagebøkene våre, i hageblada og andre har teke med småpotter og anna utstyr som kan vere kjekt å ha når ein skal jobbe i hagen.

Men ein ting manglar; vi skulle gjerne vore litt fleire som står på stand. Særleg fredag og laurdag føremiddag vil vi gjerne vere fleire. Å stå på stand på hagemessa er alltid moro. Vi ordnar med oppslagsverk og pc med nettilgang, slik at ein kan få svar på spørsmål og ting ein lurer på. Vi hjelper kvarandre, og er vi heldige er det nokon som har bakt litt kake til oss og.

Viss du er ein hagegal, og syns dette høyrest artig ut, så gi beskjed til meg, så skal eg formidle det vidare. Kast deg utpå, og få nye (og treff gamle) hagevener frå heile landet!

Der det er liv er det von

12/03/2012

Overalt får eg tilbod om å kjøpe løkplantar i potter for tida.

Det er eg glad for, det er få ting som uttrykker vona om at våren er på veg som ei tettplanta potte med muscari, tulipanar eller tète a tète-påskeliljer.

I dag vil eg berre minne deg om at dersom du gjer som meg, og fell for desse gode tilboda, så kast for all del ikkje løkane etter at dei har blomstra av! Dei kan ha eit langt og godt liv framfor seg med di hjelp.

Alle desse løkane kan nemleg blomstre igjen neste år. Når di potte er blomstra av kan du berre la dei stå i potta og visne, typisk i ei kjellarbod eller liknande. Dei kan faktisk også gjerne få litt gjødning i denne visnefasen. Det gjer løkane sterkare.

Når dei har visna heilt ned kan du fjerne “graset”, og legge løkane i ei luftig korg på ein ikkje for fuktig stad. I september er det klart for å grave dei ned i jorda. Legg ein huskelapp i kalenderen din, så gløymer du det ikkje.

Har du ikkje hage? Lån ein! Plant løkane i ein solfylt grøftekant der du passerer ofte, under hekken i burettslaget der du bur eller i utkanten av ein park der du trur folk vil ha glede av nokre vårblomar som sprutar opp. Gerilja-haging, kallast det.

Eller kanskje kjenner du ei gamal dame med hage som ikkje klarer å stelle sin eigen lenger? Då kan du spørje om å få grave dei ned hos henne.

Når du plantar løken skal den ha dobbelt så mykje jord over seg som løken sjølv er høg.

Løk kan også leggast i lag, tulipanar nederst, så muscari og til slutt krokus. Då har du samla deg eit flott lite bed der det vil blomstre frå april til byrjinga av juni. Neste år. :-)

Kunsten er å smøre seg med tolmod!

Det er ikkje mi sterkaste side, men når det gjeld hagen har eg klart å opparbeide ei viss evne til å berre la ting stå og bruke den tida det tek for å la dei kome til sin rett.

Ha ein fin dag, alle flotte lesarane mine!

Av og til har ein berre flaks.

03/03/2012

Som med desse rosene, dei kom i hus forrige helg, laurdag var det. Kjæresten min treiv dei med seg, dei sto utanfor ein butikk i nabolaget og var sett ned til halv pris. Dei ville vel bli kvitt dei før helga.

Her hos meg har dei ikkje fått noko særskilt stell, anna enn litt næring i vatnet. Men dei lever framleis, og det ser ut til at dei trivest. Andre roser som har kome i hus har hunge med hovudet etter to dagar, men desse står like ranke og opnar seg slik at vi verkeleg får beundre dei.

Ein kan ikkje vite på førehand kva for nokre som er bra. Å vurdere dette i butikken har eg store problem med. Det er først når dei kjem heim og får ro og fred at du ser om det fungerer. Nesten som med menneske. Av og til har eg berre flaks. :-)

Vårvindauge

25/02/2012

Dette flaskestativet har eg stor glede av når eg skal pynte vårvindauget mitt på ein enkel og rimeleg måte.

Tulipanar er takknemmelege no på denne tida, men for at det skal gi ein flott visuell effekt er det fint med mange. Det blir ofte dyrt. Eit alternativ er å kjøpe ein bukett, og sette kvar tulipan i ein slank vase slik som her.

Nokre ville kanskje kalle dei flasker. Eg har over tjue av dei, dei kostar ein tiar på IKEA, og gjer seg fint på eit stort festbord. Dei har vore med på mykje moro, desse flaskene her.

I tillegg til tulipanen kjøpte eg ei grein med voksblomst. Dei er små og gjer ikkje så mykje av seg ein og ein blome, men på ei grein er det mange kvistar som kan fordelast ut over slik eg har gjort her. Då har ein plutseleg våren i vindauga når sola skin sjølv om det berre er februar.

Forfallsestetikk

04/02/2012

Tidlegare syntest eg det med avskorne blomar inne berre var trist. Dei døydde så fort. Eg klarte ikkje å passe på dei, og samstundes levde eg eit hektisk liv, så eg fekk ikkje tid til å nyte dei noko særleg.

Med åra har eg i større grad lært meg å kose meg med blomane så lenge dei står. Enkelte blomar er også fine i det dei døyr. Tulipanar er slik, dei døyr utruleg vakkert.

Sjå på desse, som har stått ei veke i vindauget. Dei er som fuglefjør som slyngar seg ut frå stilken. Fargen lysnar og kronblada vert nesten gjennomskinelege. Alt må døy ein gong, ein må berre lære seg å nyte livet medan det er her.

Den siste reisa

25/01/2012

Når min kjære kjem heim med roser blir eg alltid like lukkeleg.

Men det er ikkje til å kome bort frå at dei vandrar alle rosers veg. Nokre byrjar å henge med hovudet, andre spring ut, men byrjar til slutt å sleppe blad og bli visne i kantane.

Desse som spring ut brukar å få eit ekstra liv her i huset. Omtrent i det hovudet byrjar å bikke til sides klipper eg dei av. Så legg eg dei i små glasskåler som eg har nokre skeier vatn i.

Då får dei nokre dagar ekstra som bordpynt i heimen. Det er ei kjensle av luksus å spise frukost og middag på eit bord som er pynta med badande roser.

Når hagerosene kjem er det ein god idé å gjere det same med dei. Ha ein fin dag! :)

På kjølelager

22/01/2012

Min kjære kom heim frå Amsterdam i slutten av november med to flotte amaryllisknollar.

Akkurat då dei kom i hus var eg litt stressa, hadde ikkje jord til hands og difor vart eg glad då han fortalde at dei kunne oppbevarast i kjøleskap fram til planting. Så dei vart ståande i kjøleskap sikkert i eitt par veker, før eg fekk tak i jord og fekk dei i potter.

Då fekk dei stå lyst og fint i vindauga, dei fekk både vatn, varme og omsut. Men det skjedde ingenting. Dei sto der grøne og saftsprengte, men ingenting stakk opp. Til slutt, då vi kom heim frå juleferie, stakk det opp eit lite blad.

Først no, to månader etter kjøleskapsopphaldet, spring den eine ut. Til gjengjeld er det ein veldig fin amaryllis, til og med med tre blomestilkar. (Det er ein til blomestilk lenger ned, som ikkje kom med på bildet.)

Så den som ventar på noko godt, ventar iallfall ikkje forgjeves. Er den ikkje flott?

Tiddelibom

21/01/2012

Det snør, det snør over heile byen.

Vi har tenkt oss ein tur ut, men jammen kan det bli ei utfordring. Bussen er ikkje alltid til å stole på når det er slik, sykkelen taklar sporsnø dårleg og parkeringsplassar er heller ikkje lette å oppdrive. Kanskje bør vi ta det som ein spasertur?

Denne vakre narsissen er min favorittblome no for tida. Bridal crown heiter den, og er ein liten narsiss på ein uendeleg lang stilk, iallfall her hos meg. Eg har fjerna jorda og satt røttene rett i ein glasbolle med steinar i, som eg har litt vatn i. Det er nok til at dei veks og trivest.

Elles ventar eg på nyhende, ei venninne ligg på Ullevål avd. B, og viss dei ikkje har blitt tre i familien allereie så blir dei det i dag. Eg kryssar fingrane for at alt går bra, og gler meg til å sjå og bli kjent ned dette vidunderet som eg føler eg har kjent lenge.

Til alle lesarane mine: Kos deg i snøen, kjøp deg ein bukett blomar og nyt den fine helga.

Mørkt og trist?

18/01/2012

Kaldt og stussleg? Viss det framleis er slik i morgon så veit eg ein måte du kan få det betre på. Ein måte som gjer alt grønt og fint, lyst og vakkert.

SVT2 byrjar å sende sin nye programserie Österlenska trädgårdar! Hagane i denne serien ligg i den mildaste delen av Sverige, der sjansane for at vakre og sjeldne vekstar vil trivast er store.

Første program går på lufta i morgon kveld kl. 20, så har du den kanalen tilgjengeleg er det berre å legge inn ein alarm på telefonen. Eller stille inn opptakaren, om du har slike fine greier. Du finn meir informasjon her. Og her. Kos deg med vakre hagar!

Vegen til hjarta mitt

11/10/2011

Vegen til mannen sitt hjarte går gjennom magen, vi er ikkje gamle før vi lærer det. Men kvar går vegen til mitt hjarte?

Då meiner eg ikkje den første autostradaen som ligg klar og open, og ber han bergta meg. Eg meiner kvardagsvegen, den vegen som må gåast om att og om att, som ein sti som ikkje får gro att. Som eit sauetrakk i fjellet, som ein sti over mark og eng. Der vi må gå fram og attende begge to, for å kjenne oss nær kvarandre og for å huske på kvifor autostradaen lå open for eit års tid sidan.

Min kjære har forstått det. Vegen til mitt hjarte er blomekledd. Når han ser fine blomar utanfor ein innvandrarbutikk stoppar han, og kjøper med seg ein bukett eller to. Og eg blir alltid like hoppande glad. Sjølv om det betyr at eg må vaske vase, blande næringspulver, kutte stilkar og dandere rett før gjestane kjem. For eg veit at han gjer det utelukkande for å gjere meg lukkeleg.

No har eg ein bukett med bleikrosa buskroser i stova, eit lite knippe cerisefarga roser i same vindauge og så desse nydelege fresiaene i spisestovevindauget. Er eg ikkje heldig?

No er tida her…

28/09/2011

Akkurat no er det rette tida for å sette løk i jorda.

Det gjeld dei fleste typar, iallfall om dei er av den typen som vil ha ein runde med kulde før dei veks og trivest. Kvitløk, tulipanar, allium og krokus kan gå i jorda no.

Snøklokker bør plantast friske, då dei bør du tigge til deg når dei har avblomstra neste år. Å selge snøklokkeløkar no grensar til lureri spør du meg.

Eg har nokre posar ståande frå sommarferien, då vi var i Oxford hadde løkane akkurat komt i butikkane. No er det like før dei kjem på salg, så då er det mogeleg å gjere kupp.

Kvitløk som spirer kan puttast i jorda no, og då kan du hauste store, fine løkar neste år utpå seinsommaren. Toppløk kan også gå i jorda no. Er du i byen kan du stikke innom, så skal du få eitt par av meg. (Eg har gitt opp utsending…)

Kva løk planlegg du å plante? Eller har du allereie fått dei i jorda?

Paradiseple!

16/09/2011

Eg har så lyst til å prøve å lage noko av paradiseple, men eg har det ikkje sjølv. Ikkje veit eg om andre som har det heller.

Har du? Eller veit du om eit slikt tre? Kanskje står det eit i ein fråflytta hage eller i eit parkanlegg?

Kunne eg få plukke litt mot eit glas eller to med gode greier? Det ville gjort meg så glad! Skriv ei melding i kommentarfeltet viss du veit om slikt.