Arkiv for kategorien ‘Lykke’

Godt oppdratt – eller berre flaks?

03/12/2012

Eg kjem halsande inn døra med tunge koffertar og bokkasser. Det har vore ein fin, men travel signeringsturné på vestlandet.

Og kva ventar meg når eg kjem heim seint på kvelden første søndag i advent? Sekstenåringen har vore i skapet og funne lys, og ho har leita fram det gamle tinnfatet.

Ho har dekorert med perlemorshjarte, kanelstenger og anna småtteri som ho har funne rundt omkring, og det første adventslyset er tent.

Alt førjulsstress renn av meg, og eg er berre lykkeleg. Vel vart det ein sein middag, og vel skal vi tidleg opp i dag og utrette store ting, men vi fekk ei fin adventsstund saman søndag kveld. Ha ei fin førjulstid, med eller utan flinke sekstenåringar!

IMG_2853_2

Tenk å vere tolv år…

27/09/2012

og få vere med i bryllup! Og bli spurt om å lage raude cupcakes til over hundre menneske!

 

Og få danse med søskenbarnet sitt heilt til det er tid for å gå heim!

 

 

Til min kjære

26/09/2012

Kjære Kjetil,

Kva er det du gjer med meg? Kva er det som gjer at eg kjenner langt inn i sjela at eg vil vere saman med deg for resten av livet?

Det er ikkje alltid så lett å sette ord på denne kjensla, dette behovet for å ha nettopp deg saman med meg. Men eg kjenner det. Eg kjenner det når du er ute på farten, og eg ventar på at du skal kome heim. Eg kjenner det når du held rundt meg og gir meg akkurat det eg vil ha og treng.

Eg kjenner det når du svarer ærleg når eg spør deg om noko. (For det har eg lært meg gjennom eit langt liv, ein må aldri stille eit spørsmål som ein ikkje er budd på å ta imot eit ærleg svar på.) Eg kjenner det når du stiller opp for meg, når eg virkeleg treng deg. Og ikkje minst, du let meg stille opp for deg, og gi deg det du treng.

Men mest av alt kjenner eg det når vi syklar heim frå Bohemen saman fredag kveld. Å sykle opp Ullevålsvegen er tungt, det veit alle som har prøvd det. Men når eg syklar saman med deg så legg du den sterke handa di i korsryggen min og så gir du meg ekstra fart opp bakken. Di kraft gjer at eg kan gire ned i femte gir, og eg kjem meg opp bakken dobbelt så fort som eg gjer åleine.

Men mest av alt kjenner eg det når du slepper taket, når handa di ikkje ligg der i korsryggen min. Då kjenner eg at noko manglar. Alt blir så utruleg mykje tyngre. Vinden eg hadde i ryggen er borte. Krafta mi er borte. Eg må jobbe dobbelt så hardt utan deg.

 Og det er det du er. Du er vinden i ryggen min. Du er støtta mi. Du er min beste venn, kjæresten min og no også mannen min. Du er  der alltid for meg. Du gjer meg sterkare, gladare og bedre. Eg elskar alt du er. Eg elskar deg.

Godteribufféen

24/09/2012

Kva gjer ein når ein feirar bryllup og har 15 barn mellom seks og seksten på gjestelista?

Ein planlegg (og gjennomfører) eit kort bordsete, med få talar. Berre dei viktigaste får tale under middagen. To timar er meir enn nok for barna.

Ein plasserer gjestane på bord med 8-10 gjestar på kvart bord, slik at både små og store kan snakke saman og kvart bord vert ei fin gruppe.

Ein plasserer foreldre og barna deira på forskjellige bord. Barn og ungdommar hentar fram det beste i seg når dei får sitte til bords utan foreldra ved sidan av seg.

Ein steller i stand ein godteribuffé som får både små og store til å smile breitt.

 

 

 

På godteribufféen har ein noko søtt og noko salt, altså snop for ein kvar smak.

 

 

På den måten får både store og små eit fint bryllup. :)

 

Det blir fint!

19/09/2012

Dette skal Kjære omforme til vakre dekorasjonar i bryllupslokalet. Eg trur det blir veldig fint, og eg gler meg til å sjå resultatet.

Den hektiske veka

17/09/2012

No er vi på veg inn i den hektiske veka. Bryllupet står på laurdag, så det er mykje som skal ordnast dei neste dagane.

I dag skal eg hente hårpynt, og eg skal treffe frisøren min. I kveld skal vi lage program til vigsla, og det tek kanskje kvelden i morgon og.

Onsdag ettermiddag overtek vi nøklane til lokalet, og då må alt flyttast opp dit, drikkevarer, tørrmat, pynt og anna som må til for å lage fest. Det blir ingen liten operasjon!

Så om det vert litt stilt her dei neste dagane så ha tol med meg og oss. Vi kjem sterkare attende etter helga! :D

Den store bryllupskaka

24/08/2012

4. august gifta to av dei vakraste menneska eg kjenner seg, og gåva vår til dei var bryllupskaka.

Det har liksom blitt ein tradisjon, det at eg lagar bryllupskaka til vennar og kjente, og det er ei like stor glede kvar gong.

Denne gongen ynskte brudeparet seg ei marsipankake, og det fekk dei. Sidan det var vår gåve til dei var det naturleg å pynte den som ei gåve, med pakkeband, roser og det heile. Som dei fleste marsipankaker hadde denne sukkerbrødbotn. Den må lagast i omgangar, og har du to kjøkkenmaskiner som kan gå parallelt er det det beste. Du må også ha ei djup langpanneform, elles må den steike i veldig mange omgongar.

For å gjere dette slik at den er klar til du skal i vigsla må du byrje dagen før, og då bør du ha eit kjølerom til kaka over natta. Alternativet er å fylle den på sjølve dagen, men den vert saftigare og betre om den får stå med fyllet over natta. Vi budde midt i eit bringebærland, så vi fekk ha kaka i kjølerommet til bringebærbonden over natta.

Kaka vart pynta på ei spesiallagd plate som passa akkurat til eit bord familien hadde. Husk på at du må kunne flytte kaka på den flata du pyntar den på. Slik gjorde eg det:

Kakebotn:

6 egg

180 g sukker

120 g kveitemjøl

60 g potetmjøl

1/2 ts bakepulver

Sett omnen på 160 grader, ikkje varmluft.  Knekk egga i vispebollen, og ha i sukkeret. Pisk dette til stiv eggedosis, det tek gjerne 5-10 minutt. Bland saman det turre i mellomtida. Legg bakepapir i forma.

Ta bort vispen, og ta bollen av maskina. Bruk ein halv ballongvisp eller liknande, og vend mjølblandinga forsiktig skei for skei inn i eggedosisen. Hell røra i forma. Gjenta operasjonen (lag ei ladning til) til du har fylt opp langpanna. Steik kaka på 160 grader i ca. 35 minutt, på nederste rille. Blir det røre til overs kan du fylle det i ei brødform eller i ei lita langpanne. Det er fint å ha litt ekstra botn til å fylle på med når du held på.

Når kaka er steikt, tek du den ut av omnen og vender den på ei rist. La den kolne der, gjerne over natta. Del kaka i tre ved å skjere eit jamnt, vassrett kutt inn i kaka rundt heile kanten. Legg ein sterk sytråd inn i kuttet, og dra den fram og tilbake til du har delt frå øverste laget av kaka. Gjenta dette slik at du til saman har tre lag.

 Lag tre ladningar av denne kakerøra, det fyller ei høg langpanne på 30×40 cm. Gjenta det heile ein gong til viss du vil ha ei kake som er 60×40 cm. Den vi lagde var 70×80 cm, så eg kom ut av tellinga. Eg trur botnane til vår kake totalt inneheldt mellom 40 og 45 egg.
Fyll:
Bringebærmousse
1,5 kg bringebær
300 g sukker
2,5 liter kremfløte
30 (!!) gelatinplater
1 dl vatn
Rør bæra med sukkeret til bæra har løyst seg opp. Sil bærmassen gjennom eit såld slik at du vert kvitt alle frøa. Pisk kremfløten stiv. Legg gelatinplatene i bløyt i eit vidt fat, til dømes ei eldfast form. Når dei har blitt mjuke krystar du ut vatnet. Ha dei i ei gryte saman med 1 dl vatn. Set det på middels varme, og la gelatinen smelte. Det skal ikkje koke. Rør gelatinen inn i bærmassen. Vend saman bærmasse og kremfløte. Set moussen kaldt ein times tid. Den bør ikkje stå lenger, for den kan bli for stiv av gelatinen.
Kremfyll:
2 liter kremfløte
5 dl syltetøy, eg brukte jordbær og rabarbra-syltetøy, utan ingefær.
Pisk kremen ganske stiv. Vend inn syltetøyet. Smak om du syns det er passe, suppler eventuelt med ekstra syltetøy.
Del sukkerbrødbotnane i tre, og fordel dei på plata du skal ha kaka på. Legg på eit lag med syltetøykrem. Dekk dette laget med eit lag med sukkerbrød. Fordel bringebærmoussen over kaka. Legg på sukkerbrød igjen, slik at alt er dekka.
Pisk 2 liter kremfløte, vi piska to pakkar i gongen, med litt melis og vaniljesukker. Fordel kremen utanpå kaka.
Kjevle ut marsipan, vi brukte overtrekksmarsipan frå Pals. Lag loket i fire leivar, og klipp eller skjer bort det overflødige.
“Krøllane” lagde vi ved å elte inn 1 ts spiseleg lim i 300 g rosa marsipan. Så vart den kjevla ut, og eg skar ut strimlar med eit pizzahjul. Så tvinna eg strimlane lett, og la dei på eit steikebrett. Der låg dei til tørking over natta, og dagen etter var dei stive, men ikkje slik at dei knakk. Dei store krøllane vart laga av den same marsipanen, og snurra rundt glatte og rette glas. Endane vart festa med det same limet, og så vart det løsna frå glaset med ein skarp kniv dagen etter.
Rosene er lagde med rundingar som er lagde sidevegs over kvarandre, og så rulla saman. Rullen vert delt i to, og blada vert forsiktig bretta utover. Kalaene vart laga med eit hjerteform. Eg farga ein liten klump marsipan gul til støvberaren. Hjartet vart trykt ut i kvit marsipan. Støvberaren la eg i midten, og så rulla eg hjartet saman med spissen opp. Dei vart limt saman med vatn. All pynten er festa på kaka med spiseleg lim, sidan den skulle fraktast.

Meir Hellas!

25/07/2012

Å, vi har det så fint her! Eg skal skrive litt meir detaljert etterkvart, men no er vi på reise, så det blir med desse bilda.

Fin sekstenåring som ikkje kan gå på vatnet, det berre ser slik ut. (Ho hoppar frå ein båt.)

 

Den tredje største byen på Ithaka; Kioni:

 

Ein sommarfugl som har tilhald i Kioni:

 

Ser du stalagtittane som heng ned? Dei har hunge i grotter, men ytterveggen i grotta fall ned, og i havet. Dermed vart det ein naken vegg med stalagtittar på. Kult!

T-bana i Oslo redesigna

18/07/2012

Har du sett denne bloggen?

Innehavaren redesignar t-banene rundt om i verda med sirkulære former. Fantastisk! Presentasjonen av t-bana i Oslo gjorde faktisk at eg endeleg forsto korleis banene går forbi Storo og Nydalen. Vakkert!

Aster og eg

08/07/2012

Eg fortalde om møtet mitt med Aster tidlegare i veka.

No har eg fått eit fint bilde av oss, der vi held på med live-sylting i Ørsta. Det er Ingvild Runde som har teke bildet. Du ser at desse to damene er PÅ, ikkje sant? ;-) Ha ein fin søndag!

Kvar gong eg høyrer denne…

07/07/2012

…må eg gråte litt. Det er sikkert fordi eg saknar kjæresten min sånn. Og fordi han elskar meg akkurat slik eg er.

Slikt gjer meg så glad!

05/07/2012

Ja, eg elskar flashmobar. Spesielt denne.

Ein ny venn

03/07/2012

Eg har tenkt litt på det med vennar i det siste.

Eg får relativt ofte nye vennar. For meg er det lett å knytte meg til nye menneske. Ikkje ukritisk, og ikkje tilfeldig, men eg syns eg er heldig som stadig møter nye menneske som eg kjenner ein forbindelse med, og som eg trivest i lag med.

Min nyaste venn heiter Aster. Då eg sto og prøvde å få overblikk over situasjonen tidleg om morgonen på laurdag i Volda smatt ho inn frå høgre og spurte: Can I help? Ho hadde på seg festspel-t-skjorte, så eg forsto at ho jobba for Dei nynorske festspela. Ja, sa eg, og viste henne korleis ho skulle kutte opp ein nektarin til nektarinsyltetøy.

Fort og greitt hadde ho kutta opp to kilo nektarinar, og ho tørka og rydda og fiksa rundt meg som om ho aldri hadde gjort noko anna. Eg skulle vidare til Ørsta etter ein time, og eg spurte dei som administrerte det heile om eg kunne “låne” henne med meg, og eg spurte henne om ho ville bli med. Det ville ho.

Så samarbeidde vi side om side heile dagen, ho sprang og kjøpte fleire råvarer, ho skumma syltegrytene og vi skravla i veg om det eine og det andre. Når det heile var over rydda vi opp, og så dro vi og spiste saman. Eg køyrde henne heim, og vi tok ein kopp te medan eg viste henne bloggen min og ho fortalde si dramatiske historie om arbeid for FN, fengselsopphald i Eritrea og flukta til Norge. Vi veksla mellom engelsk og norsk, og hadde eg kunna fransk kunne vi ha veksla over til det og for hennar del.

Då eg dro frå Aster den ettermiddagen følte eg meg som eit rikare menneske. Vi hadde utveksla adresser og telefonnummer, og eg har invitert henne til Oslo når det måtte passe for henne. Eg hadde blitt møtt med varme og eit ope sinn, og det var lett for meg å gjengjelde det på same måte.

Eg har hatt fleire slike opplevingar dei siste åra. Fine Elisabeth i nord tok kontakt med meg ein gong ho skulle til Oslo, fordi vi hadde kommentert i kvarandres bloggar. Vi møttest og hadde ein utruleg koseleg dag saman. Etter dette har vi møttest mange gongar, reist til London saman og blitt kjent med kvarandres familie. Eg har venninner som ligg og vakar rundt pensjonsalderen frå hagemiljøet som eg elles aldri ville møtt, men som stiller opp om det er noko, og som verkeleg har betydd mykje for meg. Når Suziluz er i byen møtest vi over eit glas vin eller ein kopp te og delar det meste med kvarandre, til felles glede.

Eg er så glad for at vennar er noko meir enn det som oppsto i barndommen. Begrepet barndomsvennar har ein romantisk aura rundt seg, men vennane eg har møtt i vaksen alder, som har møtt meg slik eg er no og som har blitt ein del av livet mitt er like kjære for meg.

Når vi giftar oss i september skal vi ha mange til bords. Det er fordi det er mange som er viktige for oss, som spelar ei avgjerande rolle i livet vårt og som vi vil dele ein slik dag med. Eg føler meg heldig som har både gamle og nye vennar som gjer livet mitt rikare og meir spennande.

Idyll

28/06/2012

Vi er bra heldige, som får lov til å kome på besøk til dette vakre huset kvar sommar.

Nedanfor verandaen står revebjellene ranke og fiolane lyser opp med sin intense fiolette farge.

Og når vi går tur passerer vi dette vakre vatnet der vassliljene såvidt har sprunge ut.

Dei finaste kveldane

22/06/2012

Det er desse kveldane som ein delar med gode vennar i ein flott hage midt i byen i det vakre sommarlyset.

Det er desse kveldane då praten går lett, maten smakar godt og rausheit og glede pregar samveret.

Det er desse kveldane då ein syklar heim forbi botanisk hage og pustar inn den intense dufta av skjærsmin.

Det er desse kveldane då ein kjem heim til fine ungdommar som har laga seg middag, og som ryddar når ein ber om det.

Det er desse kveldane då vi vaksne tenner lys og delar ei stille stund etter at ungdommane er i seng.

Fine kveldar.

Den fine trappa

07/06/2012

Eg har vist fram denne trappa før, den ligg rett på andre sida av plenen, og inkluderer eit lavterskeltilbod av sosial type. Perfekt for oss travle kvardagsmenneske.

I dag var eg innom igjen, og den er om mogeleg endå vakrare om sommaren. Vertinna har fingerspitzgefühl, og veit korleis lys og blomar bør velgast ut og plasserast.

Sjå nøye på bildet. Ok, du skal få eit til. Ser du kva ho brukar for å halde døra open? Ei gamal japansk tekanne, som dessverre har rusta innvendig. Tung og fin, perfekt for å halde døra på plass.

I tillegg har ho dei vakraste peonane i verda. Dette er ein trepeon, og blomane er som middagstallerknar. Nydeleg!

Korleis gjere ein sekstenåring lykkeleg

21/05/2012

1. Planlegg tur til Paris.

2. Sjekk ut om sekstenåringen kan vere med.

3. Bestill billettar til Paris sjølv om sekstenåringen ikkje kan bli med.

4. Dra til Paris.

5. Stikk innom Ladurée, og kjøp med ei eske med makronar til sekstenåringen.

6. Sett makroneska på ei hylle i stova, og vent til sekstenåringen oppdagar den.

7. Sjå sekstenåringen hoppe opp og ned av glede når ho oppdagar verdas søtaste eske frå Ladurée.

Gjett kvar vi er!

18/05/2012

:-)

Ja, vi elskar!

17/05/2012

Ja vi gjer faktisk det. No meir enn nokon gong. :-) Ha ein fin syttandemai!

Eg blir så glad!

10/05/2012

Ok, eg innrømmer det, eg elskar te. Eg er ein skikkeleg tenerd. Eg likar ikkje alt for tunge eller mørke tear, Earl Grey er favoritten, men eg kan også drikke Jasminte, Darjeeling first flush eller kvit te av ulike slag.

Spesialbutikkar er fint, men sjølv om eg har bikka 45 får eg alltid prestasjonsangst når eg står der og skal velge. Eg er ikkje typen som går inn i ein butikk og seier “dress me up”, for å seie det slik.

Difor likar eg aller best butikkar der eg kan finne fram sjølv, leite blant ulike merke og så ta med heim nokre flotte te-skattar. Og under over alle under, slike butikkar ligg faktisk her i byen! Eg hadde ein halv fridag her for noko sidan, og då var eg innom Jacob’s på Holtet.

Det er nærast uråd å kome ut derifrå og ha brukt mindre enn 800 kroner, og det du då har kjøpt får plass i ein liten pose. Men det du får med deg då er virkeleg førsteklasses varer. Krydderet, oljane, ostane, kakene, urtene (dei sel ramsløk i bunt no for tida!) og sjømaten – alt er heilt fantastisk.

Men eg fall altså i stavar over teane. Dette er berre ein del av hylla, eg fann Russian Earl Grey frå Lipton i pose, den har eg leita etter lenge. Eg fann masse anna deilig som også berre måtte bli med meg heim. Så viss du har ein time eller to å slå i hel i Oslo, ta trikken til Holtet og kos deg hos Jacobs. Det er ei reise verd!

Eg må ha gjort noko rett…

06/05/2012

Ein heilt alminneleg torsdag kjem eg heim frå jobb. Det er pappaveke, så berre kjæresten og eg er i huset for tida.

Men likevel, på bordet står det ein vakker orkidé med to greiner. Framfor orkidéen står denne lappen; Fordi selv verdens beste mamma trenger å bli påminnet at hun er det i blant. <3

Det er då eg tenker at det har fungert, det eg har gjort for og med desse flotte barna mine. Og så kryssar eg fingrane for at det kjem til å fungere vidare. Og så blir eg så inderleg, inderleg glad.

Vårdugnad

04/05/2012

Dugnad, dette særnorske ordet er noko av det vi nordmenn er stolte av.

Vi møter opp, kvar med ulik evne og vilje til å bidra, og gjer vårt beste for å halde orden, reparere eller å lage nytt. Nokre gongar gjer vi slik vi alltid har gjort andre gongar tenker vi ut gode løysingar på felles utfordringar.

Reiskapane vi brukar er såpevatn, malekost og white spirit til hagemøblane, trykkluftspylar til steinhellene og rein handemakt for å bere rot og rusk ned frå loft og opp frå kjellar.

Ting som er forlatt stiller vi ved sidan av containeren, kva om dei kan kome til nytte? Eit rundt trebord får nye eigarar, ein jentesykkel likeså. Med nye slangar i dekka, litt smøreolje og generelt stell er den god som (nesten) ny. Ivar-hyller vert gitt bort over ein låg sko, kjekt å ha i boda.

Eg likar dugnad. Min jobb, i tillegg til å stelle i hagen, er å servere pølser og forfriskningar til alle som vil ha. Klokka halv to er pølsegryta ferdig, og då har eg lang kø ved serveringsbordet av svoltne arbeidarar. Barna står fremst, og dei vil blande cola, solo og urge til ei underleg lysebrun gugge. Dei vaksne er litt meir tilbakehaldne, spør om dei kan få ei pølse til og tek seg ein fortent pils eller eit glas brus.

Nye naboar helsar på gamle, vi utvekslar siste rundar med sladder eller informasjon om ein vil, og nye verdsborgarar som har komt til i løpet av vinteren vert ynskte velkomne. Ungane elskar dugnad, dei syns at det at alle dei vaksne er ute på same tid er kjempegøy.

Å ha ein dugnad er fint for å få ting gjort, men eigentleg er det viktigast for at vi skal bli kjent med kvarandre, gjere noko i lag og styrke samhaldet i gården. Ikkje alle har stor familie, men å kjenne at ein er del av eit sosialt fellesskap er godt for mennesket. Det gjer ein på dugnad. Fine greier. :-)

Har du ei dugnadoppleving å dele?

Hva er ømhet?

16/04/2012

Hva er ømhet? Begjæret vi setter fri
eller styrken vi holder vår lidenskap fast i,
ikke å tråkke en annens grenser ned.
Jeg vet ikke hva ømhet er…
Hver enkelts viten om savn, eller summen
av to menneskers ensomhet

Å kjenne seg igjen i en annens smerte
er det ømhet. Å se en annen, ja, finne
den riktige avstanden å se en annen i.
La en annen få drømme sine egne horisonter
Kanskje ømhet er noe veldig enkelt, som å se
et vindu lyse i mørket og vite, der bor du…

Noen ganger kjenner jeg pusten
av noe stort og levende i språket. De
som var her før, som levde her, elsket her
har etterlatt språket som et savn.
Og nå bruker vi ordene deres til å bytte
bilder av oss selv med en annen

Med kropper som ikke er skapt
til å huse lengsler så store som våre,
setter vi vårt ene sekund av evigheten
opp mot døden, og vet. Kjærlighet
er ikke språk. Kjærlighet river ordene
ut av oss og ber oss være, bare være!

Det nærmeste du kommer deg selv, er
hos en annen. Det nærmeste du kommer
himmel og helvete, er å gi deg hen.
Du må velge kjærligheten, sier livet.
Og hvis det er sant at jeg må brenne
alle broer bak meg, så vil jeg
brenne dem her, her hos deg.

Stein Mehren

Ein roleg ettermiddag…

12/04/2012

…gjerne når det regnar, og du likevel er i Oslo.

Då kan du stikke innom Bibliotekbaren på Bristol Hotel. Der serverer dei masse deilig, både smørbrød og kaker, men min favoritt er den klassiske britiske Afternoon Tea.

Du får ein slik oppsats med lekre snittar, heilt nysteikte scones med krem, vaniljetilsmakt ferskost og syltetøy, lemon curd og dessutan petit fours og friske bær på toppen.

Eg var litt bekymra for om vi skulle bli mette, men det vart vi alså. Deilig! Teen vert servert i gamle, flotte, slitne hotellsølvkanner, og om nokon ikkje likar te kan dei få sjokolade eller kaffe til.

Ein strålande måte å tilbringe ein roleg ettermiddag på! :-)

Der det er liv er det von

12/03/2012

Overalt får eg tilbod om å kjøpe løkplantar i potter for tida.

Det er eg glad for, det er få ting som uttrykker vona om at våren er på veg som ei tettplanta potte med muscari, tulipanar eller tète a tète-påskeliljer.

I dag vil eg berre minne deg om at dersom du gjer som meg, og fell for desse gode tilboda, så kast for all del ikkje løkane etter at dei har blomstra av! Dei kan ha eit langt og godt liv framfor seg med di hjelp.

Alle desse løkane kan nemleg blomstre igjen neste år. Når di potte er blomstra av kan du berre la dei stå i potta og visne, typisk i ei kjellarbod eller liknande. Dei kan faktisk også gjerne få litt gjødning i denne visnefasen. Det gjer løkane sterkare.

Når dei har visna heilt ned kan du fjerne “graset”, og legge løkane i ei luftig korg på ein ikkje for fuktig stad. I september er det klart for å grave dei ned i jorda. Legg ein huskelapp i kalenderen din, så gløymer du det ikkje.

Har du ikkje hage? Lån ein! Plant løkane i ein solfylt grøftekant der du passerer ofte, under hekken i burettslaget der du bur eller i utkanten av ein park der du trur folk vil ha glede av nokre vårblomar som sprutar opp. Gerilja-haging, kallast det.

Eller kanskje kjenner du ei gamal dame med hage som ikkje klarer å stelle sin eigen lenger? Då kan du spørje om å få grave dei ned hos henne.

Når du plantar løken skal den ha dobbelt så mykje jord over seg som løken sjølv er høg.

Løk kan også leggast i lag, tulipanar nederst, så muscari og til slutt krokus. Då har du samla deg eit flott lite bed der det vil blomstre frå april til byrjinga av juni. Neste år. :-)

Kunsten er å smøre seg med tolmod!

Det er ikkje mi sterkaste side, men når det gjeld hagen har eg klart å opparbeide ei viss evne til å berre la ting stå og bruke den tida det tek for å la dei kome til sin rett.

Ha ein fin dag, alle flotte lesarane mine!