Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 9

Når du kjem til Oslo…

bør du gå ein tur gjennom Torggata, Grønlandsleiret og Tøyengata. Vietnamesiske, tyrkiske og afrikanske restaurantar og butikkar ligg side om side, og inspirerer til nye, uventa matopplevingar. Er du svolten, kan du gå inn på eit tyrkisk gatekjøkken, og be om falafel i pita. Falafel er ein slags kjøtbollar utan kjøt, som er lagd av kikerter. Retten er typisk arabisk fastfood, langt betre enn hamburger, spør du meg. Falafel vert gjerne servert i pitabrød med hummus og ein god chilisaus til, og smakar kjempegodt når du har vore på shopping og treng noko sunt og næringsrikt raskt.

Som med mykje anna god mat kan falafel lagast både raskt og meir tidkrevande. Tida som går med og kvaliteten heng ofte saman, men har ein lite tid er lettvint-falafel kjempegodt. Då kjøper du ganske enkelt ein eller to pakkar falafelmiks, rører det ut med vatn og formar til små ballar. Desse friterer du i varm olje, og serverer med pitabrød og det som elles høyrer med. Friteringa gjer at dette ikkje går inn i Grete Roede sitt opplegg, men det blir ikkje så frykteleg feitt.  Så lenge oljen er varm og du let falafelane trekkje på eit handklepapir etter steikinga trekkjer ikkje oljen så veldig inn i bollane.

 falafel

Eg brukar å kjøpe med meg ein pakke kikerter når eg handlar i den tyrkiske butikken i nabolaget, og då lagar eg falafel frå botnen av, utan at det går så mykje meir tid. Slik gjer du det:

Falafel

200 g tørre kikerter

Ein raud løk (gul går også greitt)

3 kvitløksfedd

3 ts malt koriander

3 ts malt spisskummen

1/2 ts chilipulver

2 ts salt

1 ts bakepulver

1 dl hakka persille

1 egg

2 ss mjøl

1 l solsikkeolje eller liknande til friteringa.

La kikertene ligge i bløyt over natta. Hakk løken og kvitløken. La ertene renne av, og ha dei i ei matmølle saman med løk og kvitløk. Køyr maskinen til det er finhakka. Ha i kryddera og urtene, og køyr det glatt. Det skal vere ein ganske fast deig som er heilt finmalt. La den stå kaldt ei stund.

Ha oljen i ei gryte som du har eit tett lok til. Eg brukar ei lita jerngryte. Varm opp oljen til det fresar rundt eit treskaft du puttar ned i oljen.

Form bollane med ei skei og hendene, og friter dei til dei er pent brune. Server dei varme i pitabrød med ein chilisaus du likar.

Ein annan god rett å lage av kikerter er hummus. Det vert servert til brød som eit tiltygg til noko godt å drikke, og er typisk arabisk mat. Hummus vert også servert som tilbehør til falafel. For å lage hummus treng du den karakteristiske sesamfrøpuréen Tahine. Tahine har ein karakteristisk røykt smak fordi den er laga av rista sesamfrø. Eg har eit glas i kjøleskapet, og brukar det berre når eg skal lage hummus og baba ganoush, men det held seg i minst eitt år så det går fint. Slik lagar du det:

falafelhummus

Hummus

Ein boks kikerter

Ein sitron

1 dl Tahine-puré

2 kvitløksfedd

Salt

1 ts paprikapulver

1 ts spisskummen

2 ss olivenolje

Litt honning

1 ss frisk, hakka persille viss du har.

 La ertene renne av, og ha dei i ei matmølle. Mos dei saman med tahine, paprikapulver, spisskummen, kvitløk og salt. Smak til med safta av sitronen, til du syns det smakar godt. Kanskje treng du også litt meir salt og ha i litt honning.Det gjer smaken rund og delikat. Mosen skal vere heilt glatt. Vert den for tørr, så ha i litt vatn.

Ha hummusen i ei skål, og lag eit fint spiralmønster i mosen. Hell olivenoljen over i mønster, og dryss persille over. Har du ikkje frisk persille så gjer det ingenting. Viss  du vil kan du også røre inn litt paprikapulver i olivenoljen, det gir oljen ein vakker farge. Rist små skiver loff eller anna brød, og smør på hummus. Svarte olivenar er også godt ved sidan av.

Både falafel og hummus er ein del av det tradisjonelle, arabiske meze-bordet. Meze er eit knippe smårettar som ein får severt ved byrjinga på eit festmåltid, og kan bestå av børek, som er innbakte paiar, dolmades, som er sylta vinblad fylt med krydra ris, baba ganoush, som er ein deilig puré av grilla aubergine, tsatsiki og masse anna ”snuskegodt”. Den arabiske maten er ikkje så sterkt krydra, og både små og store syns desse rettane er kjempegode. Falafel kan også serverast med ein enkel tomatsaus, til dømes frå eit pastasausglas.

9 Comments

  1. Musikeren min, som bor på Grünerløkka, snakker ofte og varmt om falafel (hans alibi for sunn mat!) og jeg har hatt en tanke om å søke etter oppskrift. Og der var den jo, med tilbehør, takktakk!

  2. Namenam, Tina lagde også falafel, i forrige uke, hvor kjøper du spisskummen, Gunda?

  3. Pingback: Dette tok ikkje heilt av… « Alt godt

  4. Bjørg says

    Vi åt falaffel og hummes i Jordan. Det smakte godt! Kanskje eg skulle prøve å lage det ?

  5. Alexandra says

    I Oslo anbefaler jeg å stikke kjapt innom «Lille Amir»-sjappa, de pleier å ha en velsmakende falaffel og de har hummus om du ønsker det. Den er veldig god(og uten melk, egg, smør o.l som er viktig som veggis)! Så verdt en prøvesmak. 45 spenn for vanlig, 55,- for dobbelt opp med falaffler. Yummie!

    • Ja, Lille Amir er ein klassikar for falaffel og hummus! Fin «på vegen heim»-plass. 🙂

      • Alexandra Dybvik says

        VELDIG fin plass på-vei-hjem-fra-byen-eller-generelt-sent-på-natta-mat 🙂

Leave a Reply