Ferie, Lykke
Comments 7

Mitt kjære Køben

Eg elskar København. Det er ein deilig by, med trivelege folk, god mat, masse å finne på og med ein smak av den store verda. Vinterferien då datra mi var 6 budde vi i husværet til ein kollega av meg på Islands brygge. Den dagen vi dro heim sa seksåringen: Mamma, vi kunne bodd i denne byen! Ja, det kunne vi verkeleg. Eg har gjort litt research for deg, og har nokre forslag til kva ein kan gjere der. Ber over med meg viss dette er litt familieretta, tipsa funkar fint for single og venninnegjengar og.

Å kome seg dit

Å reise til København er enkelt. Både med fly, båt og bil kjem ein seg lett og rimeleg nedover. Bil er strålande viss du skal vere i Danmark ei veke eller to, særleg viss du er glad i å handle, for å få med mykje bagasje på fly er eit strev. Når du først har kome deg til København er både byen og omlandet lett å finne fram i. God skilting og hjelpsame, vennlege danskar gjer sjåførjobben enkel. Båt frå Oslo er også eit alternativ, med god mat og drikke ombord og plass til bilen viss den skal vere med. Fly er lettvint viss du skal vere der berre nokre dagar. Sterling og Norwegian har billege billettar.

Smart å huske:

  • Reiser du med barn, så la dei vere med på å planlegge, lese kart og å finne fram til kva buss eller tog de skal reise med. Det er gøy for dei å få skaffe seg overblikk i staden for å bli skyssa rundt heile tida!
  • Del opp familien etter kva de likar å gjere. Alt må ikkje skje med alle til stades. Det reduserer konfliktnivået, og sjansane aukar for at kvar person får gjere det han eller ho har lyst til.
  • København-kortet gir deg gratis transport over heile Sjælland og gratis inngang til dei fleste interessante aktivitetane i København-området, så det er eit godt kjøp. Sjølv om ein reiser med bil på ferie er det mykje enklare å bruke buss, tog og trikk når ein skal farte rundt i ein storby.

Kvar skal vi bu?

Det er som regel lurt å ha bestilt ein stad å bu før ein reiser nedover, særleg viss ein har barn med seg. Men å booke for heile ferien er ikkje naudsynt. Ta heller ein runde i området der du syns det er ekstra triveleg, og sjekk ut tilboda. Å flytte på seg er også lettare viss ein ikkje har bunde seg til ein bustad for heile opphaldet. Sjekk ut denne nettstaden: www.bbdk.dk. Der finn du billeg og bra innkvartering i husvære og ”Bed and Breakfast”-hotell i heile Danmark. Sjekk ut Cityhostel på H. C. Andersens boulevard, det er billig, dei har familierom og det er rett ved kanalen, DGI-byen og tivoli.

Kva gjer vi?

Experimentariet er og ein strålande plass for dei mellom tre og alderdommen. Eigentleg er det eit stort læringslaboratorium for fysikk og kjemi, men det må du ikkje fortelje ungane. Dei må berre sleppast laus i fri dressur, for å prøve alle dei utfordringane og eksperimenta ein får lov til å vere med på. Sett av minst tre timar, for dette tek tid, og ungane vil elske det.

Tyco Brahe planetarium er ein perfekt plass å ta med nysgjerrige barn på ferie. Planetariet viser himmelrommet med planetar og solsystem, og eg lærte masse om kva stjernene består av og korleis dei rører seg. Ein ekte meteor har dei og, den imponerte meg!

Ny Carlsbergs Glyptotek er eit fantastisk museum, med rike klassiske greske og egyptiske figurar, masse vakker kunst, eit vakkert atrium og ein kafé som er lovprist i dansk presse. Viss familien skal gjere ein kulturell ting saman er eit besøk dit mitt beste forslag. Atriet er ei reise verd åleine, det gjev kjensla av å gå inn i eit harem, med grøne vekstar, greske søyler og benkar som ein kan slappe av på. Er du heldig er det også konsertar der, sjekk i avisene.

DGI-byen, Tietgensgade 65, er eit badeland som ligg rett bak Hovedbanegården. Det er ein strålande plass for å slappe av når ein er lei av shopping og treng å kose seg litt. Ungane kan stupe i stupetårnet eller symje 5000 meter i det ovale svømmebassenget der ein slepp å snu. Mor kan gå på Spa i 2. etasje, og far kan kose seg i boblebadet medan han passar på dei minste som duppar rundt i det 35 cm. djupe barnebassenget. Prisane er rimelege, langt billegare enn ”kommersielle” badeland, sidan huset er drive av det danske idrettsforbundet. Bowle kan ein og, når ein har trutna ferdig. DGI-byen har og sitt eige hotell, og bur du der kan du bade gratis heile dagen.

Shopping

Det er ikkje til å kome unna at mange har stor glede av shopping, også i ferien. Eg har det slik, så eg har gjort nokre erfaringar som eg gjerne deler med deg. Med mindre du veit at du har stor glede av dei store kjøpesentra, så bør du styre unna. Viss du likar det, så la iallfall dei av familien som ikkje syns slikt er stas sleppe å vere med. Litt tid kvar for seg er alltid av det gode.

Viss du først går inn for det i København, er undertøysavdelinga og parfymeavdelinga på Magasin ei reise verd i seg sjølv, og Illums bolighus gir deg dei siste trendane innan interiør og design. Dei har også ei fantastisk parfymeavdeling, med parfymer som ein ikkje får tak i i Norge. Fields er eit gigantisk senter som ligg ved Kastrup, og som er ein effektiv måte å gjere unna mange interessante butikkar på ein gong på. Der finn du Søstrene Grene, Ilse Jacobsen, ein kjempefin Pilgrim-smykkebutikk og Panduro Hobby. Ein smak av London får du og, sidan Debenham’s fyller opp ein stor del av senteret. Fields har ikkje teke av omsetningsmessig, så det er passe romsleg i butikkane, og du kan gjere nokre gode kjøp fordi dei har tilbod som ikkje finst andre stader. Sett av minst tre timar, elles blir du berre frustrert over å ikkje rekke over alt.

Men halve moroa med København er alle dei små spesialbutikkane, som har ting som ein ikkje finn heime. Dei verkeleg gode butikkane finn du ikkje på Strøget, men i sidegatene på nordsida av Strøget. Gå opp Købmagergade, så er du der, meir eller mindre.

specialkobmanden1

Specialkøbmanden må du besøke viss du bryr deg om mat, ein heil vegg med krydder, ein annan med kakepynteting som vi aldri har sett i Noreg og ein tredje med kaffi og te er freistande for matfolk. Butikken ligg i Vesterbrogade 3, og er definitivt verd eit besøk.

Te skal du forresten handle hos Perchs thehandel i Kronprindsens gade. Der står gubbane slik dei alltid har gjort i sine skinnforkle, og lagar dei nydelegaste teblandingar. Tidleg på sommaren får du Darjeeling´s first flush, som er dei første, grønne knoppane av tebuskene som vert forsiktig handplukka, og som kostar ei formue. Men det er verdt det! Ta med ein rull Christianfelder honningkaker med det same du er der, honningkakene et du med smør på når du kjem heim, dei held seg lenge. Når du går får du eit heimelaga sukkertøy, nydeleg!

perchs

Kunst og Køkkentøj i Pistolstræde rett ved strøket er ein semiprofesjonell kjøkkenutstyrsbutikk, som har alle dei reiskapane som gjer dei gode kokkane verkeleg gode. Silikonmatter til baking og eigen sukkertøyproduksjon, muffinsformer som ikkje treng smøring og som blir flate i kofferten, kokebøker frå heile verda og kakeformer frå den minste storleiken til den største gjer at det gjeld å ha bremsene på for ikkje å velte feriebudsjettet fullstendig. Det løner seg med kontantar, dei har eit påslag på prisen viss du betalar med kort.

lisbeth-dahl21

Lisbeth Dahl har ein stilig interiørkolleksjon som du bør få med deg viss du er i København. Stilen er American diner goes to China, altså rosa, lyseblått og kremfarga, i plast, perforert porselen eller i ullstoff, blomstrar, tøfler, lamper, bakebollar, såpeskåler til badet og alt anna småpiker liker. Ho har ein butikk i Købmagergade, gå dit!

tage-andersen21

Den siste staden du MÅ besøke er Tage Andersen sin butikk i Ny Adelgade. Det er den einaste butikken eg har vore i der eg må betale for å kome inn, men tru meg: 45 kroner er den opplevinga verd. Allereie på veg opp Ny Adelgade ved Kongens Nytorv forstår du at her er du på veg mot noko spesielt. Utanfor butikken står oppstamma margerittar, husfredar med små bær og restauranten på andre sida av gata er og prega av Tage Andersen sitt handlag.

Når du går inn stig du ned i eit sakralt univers med fuglar i bur og vandrande rundt i butikken, og vakre installasjonar av smijern, kvistar og blomar av stål. Overalt står det blomar frå danske skogar og frå framande land, og musikken er med på å gjere ein tur hit heilt spesiell. Opp vindeltrappa møter du endå eit vakkert rom med speil, møblar og installasjonar med eit særpreg du berre  finn her. Så går vegen ut i bakhagen, der eit lite lysthus med benkar og blomar lagar ein vinterhage for appelsintre og andre sarte vekstar. Gårdsrommet er og fylt av natur som er varsamt forma og stelt av Tage Andersen. Han arbeider sjølv i butikken kvar dag, i sine karakteristiske knebukser og lang frakk ser han ut som ei middelaldersk etterlevning. Dette er ikkje ein stad du går inn og shoppar, derav inngangsprisen, men kjøp med deg ein plakat eller nokre kort som minne.

tage-andersen31

Kvar skal vi ete?

Mat er alltid ei utfordring når ein er ein familie på tur, og det er vanskeleg å finne ein restaurant som alle likar og som ikkje kostar det kvite ut av auga på den som betalar. København er velsigna med mange små, etniske restaurantar som serverer god mat til ein billig penge, og eg foreslår at de prøvar desse. På ein buffet finn stort sett alle noko dei likar, og Mattilsynet i byen er såpass på vakt at det stort sett er trygt. Innimellom kan det vere spennande å prøve noko meir forseggjort i matvegen, og her er nokre tips:

Viva – ein flott restaurant i ei ferje ved Islands brygge. Nydeleg mat, franskinspirert, både lunch og middag.

Cofoco – Abel Cathrines g. 7 på Vesterbro. Trendy men ikkje dyrt, langbord med høge stolar, og full meny for under 400 kroner.

Pak Ka – Halmtorvet 36-38. Førsteklasses kinesisk kjøkken, hyggeleg betjening og nydelege, klassiske kantonesiske rettar. Prøv Dim Sum, dampa eller friterte smårettar som smakar fantastisk.img_37912

Ida Davidsen – Store Kongens gade 70. Dette er ein dansk, tradisjonell restaurant der du får høge smørbrød til lunch, altså frokost. (Frukost heiter morgenmad på dansk!) Ope berre mellom 10 og 16, men vel verdt eit besøk.

La Glace – Skoubogade 3-5, rett ved Strøget. La Glace er eit gamaldags konditori med nydelege kaker, både av smak og utsjånad, varm kakao, te eller kaffe i kanne og småkaker av alle slag, kjende og ukjende. Vakre boksar og esker gjer at du har glede av turen dit lenge etter at du har reist derfrå.

This entry was posted in: Ferie, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. mari says

    Takk for mange gode tips samla!!
    Lysten på en Købentur er ikke vanskelig å finne.

  2. Denne posten skal jeg bokmerke, tror jeg – til en dag jeg får med meg min elskede på Køben-tur.

  3. Hanne-Savanne :) says

    Eg vil og ha blogg, som eg forstår meg på, vakkert det du skriv her. Nydeleg å sjå at du kan skrive om dette. Eg minnest framleis plakaten som stort sett har hengt på alle dine hyblar (etter at du fekk tak i den) alle somrane eg har besøkt deg.

    Ta meg med til Køben, held med deg i at det er ein av dei finaste byane. Flyttar eg herifrå vil eg flytte dit, heller enn til Oslo. Så kanskje ein dag kan eg invitere deg til min, antakeleg kostbare bustad, i nærleiken av mitt favoritt-torg: Amager torg..

  4. Jeg skulle tilbake til falafel’en din, så fant jeg først denne beskrivelsen fra Kongens by. Nydelig.

  5. mari og Britt Åse: God tur! 😀

    Hanne-Savanne: Gjerne!

    Vigdis: Så fint at du likte den!

  6. Ada says

    Vet du om det finnest en Victorias secret butikk i københavn?

Leave a Reply