Mat, Middag, Sausar og dippar
Comments 5

Sommar midt på vinteren

Her om dagen fann eg ein flott svinekam i butikken der eg brukar handle. Røykt og fin låg den der og minte ikkje det minste om sommarkotelettar. For det er jo det sommarkotelettane er lagde av; Svinekammen vert delt i skiver og vips har ein grillmat til sommaren. Eg kan styre meg for sommarkotelettar, eg syns dei vert salte og seige. Men den røykte svinekammen beinar eg ut, skjer hinnene av og trekkjer han med grønsaker og krydder til han når 70 grader inni.

svinekam

Då smakar han kjempegodt med kokte poteter og sennepssaus til. Når vi har sennepssaus brukar eg lage ein saus til, ungane mine er sære når det gjeld sennep. Kinasausen min er lett å få til, og er også god til det røykte kjøtet.

Eg fann forresten ein ny måte å administrere kryddera til kjøtkrafta på då eg kokte svinekammen. Viss du som eg ikkje alltid har ei urtepotte eller to i vindaugskarmen midt på vinteren veit du at krydderbuketten ikkje alltid let seg binde med ferske urter til ei kvar tid. Vi må ty til dei tørre urtene, som ein meir enn gjerne kan få litt sirkulasjon på.

Men god kraft skal skummast av, og då hamnar som regel krydderet ut av gryta att saman med det eg skummar av, og då er eg like langt. I fine butikkar har eg funne teposeliknande pakningar med urter i, men det går an å kjøpe gullet for dyrt og. Eg er ikkje fødd bak ei vogn midt i veka, så eg fann ein (etter mitt syn) genial måte å løyse dette på, med minimale investeringar. Ta eit (ubrukt!) kaffifilter, fyll oppi dei urtene du vil bruke, brett saman filteret øverst og stift igjen med ein stiftemaskin. Stikk nokre hol i kaffifilteret med ei synål, og kast det i gryta. Då får du ut all den gode smaken, og urtene kan koke med i gryta så lenge du vil utan å bli skumma av. Smart!

kraft

Krafta som kjem av den kokte svinekammen kan du bruke til supper, sausar og til aspik med gelatin. Får du kjøtrestar puttar du dei i lapskausen, brukar dei til pålegg eller lagar ein god pai som du fyller med brokkoli og skinkerestar.

Svinekam med to gode sausar

2 kg røykt svinekam

2 laurbærblad

1 ts timian

1 ts pepparkorn

1 ts tørka persille

½ ts rosmarin

2 gulrøtter

1 skalk sellerirot

1 løk

Bein ut svinekammen. Kjøper du hos ein slaktar, og du ikkje kjem i butikken laurdag føremiddag, gjer flinke slaktarar dette gjerne for deg. Du må betale for beinet, men det må du ha med for å koke kraft på. Skjer bort den blanke hinna som dekkjer kjøtet. Legg kryddera i eit kaffifilter, og stift igjen. Eg hadde ein rynkete tomat som låg i kjøleskapet, delt i to fekk den og vere med å gje smak til krafta. Legg dei skrelte og grovkutta grønsakene i ei stor gryte saman med kjøtstykket, krydderposen og beina, og slå vatn over slik at det heile er dekt. La det heile koke opp medan du skummar av flittig. Sett eit steiketermometer i kjøtet, og la det trekke på låg varme til kjernetemperaturen er 70 grader.

I mellomtida skjer du opp og kokar dei grønsakene du vil servere med kjøtet, lagar sausane og koker poteter. Du kan gjerne servere kjøtet med gulrot og sellerirot, men dei du har kokt kraft på er heilt smaklause, og må silast frå og kastast saman med beina og krydderposen. La kokekrafta koke litt inn før du avkjøler den, då tek den mindre plass i kjøleskapet eller i frysaren.

Sennepssaus

Vanlegvis lagar eg sennepssaus med olje og eggeplommer, men denne oppskrifta er veldig lettvint, og ikkje så feit.

4 ss sennep, bruk gjerne ulike sortar om du har. 

1 ss lettmajones

1 ss lettrømme

Rør ingrediensane saman. Viss du ikkje har brukt søt sennep kan det vere godt med ei teskei honning i. Lett, ikkje sant?

Kinasaus

3 ss sukker 


4 ss soyasaus 


2 ss lys eddik, gjerne eplesidereddik

1 dl kjøtbuljong (ta frå kokekrafta)

1 ss maisennamjøl

1,5 dl appelsinjuice, eplejuice eller ananasjuice

Rør ingrediensane saman i ei lita gryte, og la det koke opp. Smak om balansen mellom det sure, det søte og det salte er på plass. Kjempelett, denne og! Denne sausen kan du bruke til wok, til fritert svinekjøt og mange andre typar kinamat. 

This entry was posted in: Mat, Middag, Sausar og dippar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. solfrid says

    Søndagsmiddag denne helgen – takk!

  2. Pingback: Spør så skal du få svar III « Alt godt

Leave a Reply