Mat, Middag
Comments 8

Dermed basta

Det italienske kjøkenet er verdskjent, og med pizza og pasta var det italienarane som brakte dei første utanlandske matskikkane til Norge. Eg minnest enno første gongen eg var på Bella Napoli i Oslo, og fekk pizza på middagstallerken med kålsalat (!) ved sidan av. Det var stort for ein tolvåring!

Framleis er pasta velsigna godt og lettvint å ty til som kvardagsmiddag, og i dag skal du få ei god oppskrift på ein rask og velsmakande middag. Pasta vert oftast servert med tomatsaus i ulike utgåver, men her kjem det ein lys saus, basert på fløte.

Kaloriane kan du spare inn ved å bruke matfløte eller kaffifløte, og jamne sausen med litt maizena. Det smakar ikkje like godt, men det gjer nytta viss sideflesket tynger deg.

Koking av pasta er ein heil liten vitskap, og etter nokre års erfaring har eg lært meg nokre triks som du kan prøve. Det viktigaste er å ha nok vatn og ei stor gryte. Særleg dersom du brukar fersk pasta er det naudsynt å ha nok plass, pasta kokar utruleg lett over, og det er ei grisete affære. Når eg kokar pasta til familien min på fire pluss nokre ekstra ungar som blir med heim frå skule og barnehage, brukar eg ei tiliters gryte med ca. 6 liter vatn i til ca. 500 gram pasta. Det tek uhorveleg lang tid å koke opp så mykje vatn, så eg tek ein liter eller to i gryta først, set det på plata på full pinne og så supplerer eg med vatn som eg kokar opp i den elektriske vasskokaren. Då går det ganske raskt å koke opp vatnet.

Så må kokevatnet saltast. Det skal meir salt til enn du trur, minst ei og ei halv spiseskei til 500 gram pasta. Har du stålgryte, så husk at saltet ikkje må i før vatnet kokar. Elles legg det seg på botnen i gryta, og lagar flekkar i stålet som ikkje går bort. Eg brukar som regel ikkje olivenolje i kokevatnet. Einaste unntaket er når eg kokar pasta som eg skal ha pestosaus til. Formålet med å ha olje i er å unngå å koke kabel, altså at pastaen klistrar seg ihop. Men til vanleg pasta unngår du lettast kabel ved å røre godt i byrjinga når du har i pastaen, og koke den på høg varme heile tida. Pasta skal fosskoke utan lok. På min komfyr går platestyrken frå 1 til 9, og eg kokar pasta på 8, då er eg sikker på å unngå kabel.

Når eg slår av kokevatnet og har pastaen i ei skål eller tilbake i gryta drypper eg eitt par spiseskeier olivenolje over og vender det inn for viss eg ikkje har sausen klar med ein gong.Ei skei smør kan du og bruke. Koketida varierer med pastatypen, smak på pastaen undervegs, og ta den av når konsistensen passar din smak. Pasta kjem i alle former, storleikar og fargar, berre fantasien og utvalet i butikken set grenser for kva ein kan lage. Denne pastaretten lagar eg av det eg har i huset, enten spagetti, tagliatelle (bandpasta) eller penne (rørpasta). Dei som ser ut som skjel er også fine, då er det lett å få med den gode sausen.

Denne oppskrifta er banalt enkel, men den smakar nydeleg, og ingrediensane finn du i alle butikkar. Eg brukar fersk sjampinjong, men finn du andre soppslag så prøv dei gjerne. Dette treng du til fire svoltne:

Pasta med skinke og sopp

400 gram pasta, tagliatelle eller penne

15-20 mellomstore sjampinjongar

200 gram skinke

Ein halv buljongterning, til dømes hønsebuljong

ein pakke matfløte eller kaffifløte

1 ts maizena

Smør til steiking

Salt og pepar

Kok pasta slik eg beskriv det over. Skjer soppen i relativt små bitar. Smelt ei spiseskei eller to med smør (margarin funkar ikkje til dette, dessverre!) på høg varme i den beste panna di, og ha i soppen. Rør jamnt og trutt, og steik til soppen byrjar å sleppe væska den ber på. Damp inn væska, og ha i ei ny spiseskei smør. Strø over salt og nykverna peppar, og set til side. Skjer skinka i passe bitar. Kok opp fløten i ein kjele, og smuldre i buljongterningen. Rør maizena ut i 1 ss vatn og ha det i fløten slik at den tjuknar. Ha i skinkebitane, og set sausen til side. Hell kokevatnet av pastaen, ha den i ein bolle og hell sausen over. Vend sausen inn. Strø den steikte soppen over, og kvern over svart pepar. Server med godt brød og ein salat.

pasta

This entry was posted in: Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Du verda for ein flott og ordentleg blogg du har. Reine avhandlinga. Interessante avhandlinga. Eg har sete med vatn i munnen lenge no og lest :)..og eg som sa til mannen i går: her et me altfor mykje pasta! men heilt klar av ein anna kvalitet enn her hjå deg. Dette må me prøve 🙂

    Ha ein fantastisk dag!
    Britt

  2. RandiF says

    Kor kjekt det er at du deler alt dette med oss. :-)))
    I dag skal jeg ha pasta carbonara!!

  3. RandiF says

    Hmmm….her ble det visst blanding av språkformer….

  4. Ramme alvor: Takk for skryt! Ein fantastisk dag til deg og!

    Heilt i orden, RandiF! 😀

  5. Jeg er imponert igjen over alt du vet. Takk for tips om å ikke ha saltet i før vannet koker. Jeg har fått et par kjeler som ser ut sånn, og da vet jeg jo hvorfor.

  6. RandiF says

    Og Pasta carbonara var nydelig godt….. 🙂

  7. Jeg var heller ikke klar over det med saltet! Det er lenge siden vi har hatt denne retten så den må på bordet etter helgen!

  8. Marit: Eg skal ikkje hevde at mine gryter er så pene heller…

    RandiF: Ja, ikkje sant? 🙂

    Gry: Ja, har ikkje du eigen kokk? 😉

Leave a Reply to Ramme AlvorCancel reply