Duft
Comment 1

The One

Dolce & Gabbana lanserte denne parfymen i 2006, og ryktet vil ha det til at den vart lagt til datra til ein sjeik som utfordra ei rekkje kjende parfymørar til å lage ei duft spesielt til henne.

The One er ein «Floral Oriental», med varme, orientalske botnnotar og blomster og frukt lenger opp i «pyramiden». Den har eit hint av plomme og jasmin, og botnnotane er vetiver, eit indisk gras som har ei veldig aromatisk rot, musk og amber. Mange vil oppleve den som søt, og det er den nok, men utpå dagen er (iallfall på meg) dei orientalske notane mest framtredande. Den finst og i ei lettare utgåve, L’eau The One, som har meir blomar i seg.

The One er ein tiltalande, lettlikt og varm parfyme, som etter min smak passar best på vinteren. Ei sideeffekt av denne parfymen er at alle menn eg har rundt meg følgjer etter meg som kjælne kattar når eg har den på meg. Og det kan jo ha sin sjarm?

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Prrrrr, ja denne er god!
    Jeg er fan av alt med Chanel, men xen min likte ikke de!! =0
    Istedet fikk jeg en julegave i fjor som lukta mann! hehe*

Leave a Reply to Inger Cancel reply