Humor
Comments 7

Kjøkkenkreativitet

Når ein kjem i femte klasse er det slutt på SFO og andre støttetiltak, og tiåringane må klare seg på eiga hand fram til foreldra kjem heim. Det går stort sett heilt greit, og undersøkingar viser faktisk at barna likar den kjensla av fridom det gjev å vere heime åleine i den alderen. (At fridomen kan bli sterkt avgrensa av ei sjefete storesøster på 12 seier desse undersøkingane ingenting om.)

Når klokka nærmar seg tre er desse barna på sjølvstyr ganske svoltne, og at dei då byrjar å prøve seg på å lage mat er heilt naturleg. Repertoaret her i huset består av nudlar, makaroni, tomatsuppe med makaroni, steikte pølser viss dei finn det og kakao. Ordentleg kakao lagd på gamaldags kakaopulver, mjølk og sukker samt ei lita klype salt. 

Men når ein då er så heldig å ha fått ganske kreative barn, er det ikkje anna å vente at kreativiteten kan gje seg utslag i eksperiment som ikkje inngår i kokebøker som er i handelen. Min tiåring er mellom anna oppteken av kva som skjer når ein puttar ting i frysaren. Om sommaren frys han litt vatn i ei liggande farrisflaske, og har vatn i den når han skal på skulen. Det er veldig smart, drikka er kald mykje lenger med ein stolpe is i flaska enn viss ein berre legg ei vassflaske i sekken. Han har og eksperimentert med å lage ulike typar is, med juice, saft og andre meir eller mindre obskure blandingar. 

img_5485

I dag tok eg ei lita opprydding i frysaren, og fann eit glas med ein stor, brunfarga isklump i med ei skei oppi. Kva har du gjort her? spurte eg. Jeg ville lage kakaois, men det funka ikke, sa tiåringen. Eg tok glaset og sette det i vasken for å tine det. Eg syntest det lukta litt snodig, og stakk nasa litt nærare. Jau, eg hadde ikkje teke feil den første gongen, det lukta distinkt tran. Har du hatt tran i isen? spurte eg. Ja, jeg tenkte den ble litt sunnere da, sa luringen. 

Bildet ved sidan av viser resultatet etter sist han klipte seg sjølv. «Jeg er en luring, men jeg er snill!» seier han.

This entry was posted in: Humor

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Kakao med tran! Den var god:)
    Eldstemann her spiser sjokoladepålegg med agurk på, men han har i grunnen ikke begrunnet det med at det er sunt…

  2. Det er veldig vanskeleg å halde seg alvorleg når ein får slike forklaringar, ja! 😀

  3. snillesofie says

    for en vakker mann han blir med tiden!! håper du jobber for at han alltid vil behandle kvinner ryddig 🙂 og at han utvikler kommunikasjonsevner utenom det vanlige når det kommer til følelser og sånn 🙂

  4. snillesofie says

    han er mitt eneste fadderbarn hittil, og sjitt så glad jeg er i den snille luringen!! sjekker ut muligheter for å klatre oftere sammen med han 🙂 hva om det blir Ålesund 😉 hihi, jeg trives med å overraske i så fall

  5. HAHAHA utrolig bra!
    Du har oppdratt en fornuftig fyr med gode holdninger! Tran hehehe

Leave a Reply to RagnaCancel reply