Mat, Middag, Noko søtt
Comments 2

No ska vi færra te Mexico!

Det meksikanske kjøkenet har blitt verdsberømt, og det fell i smak hos svært mange. Kombinasjonen av tomat, chili, spisskummen, koriander og mais i ulike former særpregar denne maten, og har blitt verdskjent i løpet av dei siste 30 åra. Du finn meksikanske restaurantar same kvar du kjem, sjølv om den mest presise nemninga er ”tex-mex”.

Det vi kjenner som taco og burritos er eigentleg ikkje vanleg mat i Mexico, men amerikanske bearbeidingar av tradisjonell meksikansk mat. Maischips dyppa i salsa eller rømme er blitt favorittlaurdagsgodt her i huset, til glede for store og små. På tex-mexrestaurantar får ein ofte gratinerte nachos (runde chips) til forrett eller som snacks, og denne laurdagen får du oppskrifta på min variant av gratinerte nachos.

Chili finn ein overalt no, og sidan den kjem i så mange former kan ein alltid få med den sterke aromatiske smaken utan å måtte kjøpe den fersk i butikken. Eg har alltid chilipulver, tørka chili og søt chilisaus i hylla. Pulveret brukar eg i enkle gryterettar og krydderblandingar, den tørka chilien er fin i rettar som skal koke lenge som til dømes bakalao eller chili con carne, og den søte brukar eg i wok og andre asiatiske rettar. Denne får du og i røykt form, chipotle-chili.  Fersk chili held seg ikkje så lenge, men den er så sterk at ingen bakteriar vågar seg på den. Det gjer at du kan tørke den sjølv viss du har handla for mykje av den.

Sjølv om chili står sentralt i det meksikanske kjøkenet, så er det lett å tilpasse smaksstyrken i rettane slik at dei vert ”etande” for alle, også for barn. Bestefar min på 85 syns meksikansk mat smakar nydeleg, berre han slepp å styre med desse skjella som følgjer med taco-pakkane.  Og då er Nachos heilt perfekt.  Når du kjøper bønner til denne retten, så er min favoritt bønner i meksikansk saus, sjå bildet, som såkalla velassorterte butikkar har. ingrediensar

Nest beste alternativ er kvite bønner i tomatsaus, då må du krydre litt ekstra. Dette treng du til fire personar:

Nachos

200 g maischips med ostesmak eller naturell smak

2 ss olje

3 fedd kvitlauk

1 vanleg lauk

400 g kjøtdeig

1 boks bønner i meksikansk saus, eller bønner i tomatsaus

1 boks hakka tomatar

ein pakke tacokrydder

Ein stor, raud chili (dei er mildast!) eller chilipulver etter smak (kan utelatast)

Salt og ei klype sukker

Riven ost til gratinering

Salsa og rømme til å servere ved sidan av.

texmexform

Hakk lauk og kvitlauk fint, og surr det i oljen. Sett opp varmen og steik kjøtdeigen. Slå på ca. 1 dl vatn, og strø over tacokrydderet.  Ha i tomatane, og la det frese til det er ei ganske ”tørr” røre. Ha i bønnene.  Del chilien i to, og ta ut frø og hinner.  Hakk han, og ha i etter smak. Skru ned varmen til det putrar forsiktig, og la det koke i 15 minutt medan du rører av og til. Smak til med salt, sukker og eventuelt meir chili.  Ta chilien i gradvis, smaken utviklar seg, og det er vanskeleg å gjere sausen mildare når den først har blitt veldig sterk. Denne sausen kan du godt lage stor porsjon og fryse ned, eller dele porsjonen opp og fryse viss du bur åleine.

Legg maischipsa i ei eldfast form, og hell kjøtsausen over.  Strø over ost, og gratiner det heile raskt ved 250° i 8-10 minutt til osten har blitt gylden og fin. Server med salsa og rømme til, og ein grøn salat.

Etter dette passar det godt med grilla ananas til dessert.  Det beste er frisk ananas, men du kan også bruke hermetisk.  Rens ananasen for skal, del den i båtar og ta bort den treene stilken i midten.  Legg ananasbitane (eventuelt skivene viss du brukar hermetisk) i eit eldfast fat, kryst ein sitronbåt over og strø på brunt sukker.

Er du tøff, smeltar du brunsukkeret med litt smør i ei steikepanne, kokar den ut med litt vatn eller sitronsaft (bruk lake viss du brukar hermetisk ananas) og rører inn det du har igjen av den hakka chilien.  Hell dette over ananasen, og bak det heile i ovnen i 10 minutt på 220°.   Kombinasjonen av det søte, det syrlege og det sterke er kjempegod.  Server med ei kule vaniljeis.

This entry was posted in: Mat, Middag, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Fersk chili: jeg vil igjen anbefale fryseren. Vi er avhengige av chili i nær sagt alt hos oss, og vi kjøper digre poser i løsvekt hos «innvandrerbutikken» i nabobyen, og så putter vi hele posen i frysen. Vi tar ut chiliene akkurat når vi skal hakke dem, for det går helt greit å hakke dypfrosne chilier. Vi synes det er helt greit med frøene, da – men venter man bare litt på tininig, så kan man åpne dem på langs og fjerne frø.

Leave a Reply