Billig mat, Mat
Comments 7

God morgon!

-Og viss det er ein god morgon, (og elles også forresten) så treng ein noko godt til frukost. Mange av mine oppskrifter byrjar med ei eller anna anekdote om når, kvar og med kven eg smakte ein bestemt mattype for første gong. Sånn er eg skrudd saman, eg likar å fortelje historier, eg er datra til far min. Hovudgreia i denne oppskrifta er noko så prosaisk som hermetisk tunfisk i gelé. Det smakte eg første gong på besøk hos ei venninne av mora mi i Tromsø. Det smakte heilt fantastisk! Eg åt med begge hender, og hadde fått eit matminne for livet.

Då vi kom heim til Sunnmøre var turen til samvirkelaget kort, og jammen hadde dei ikkje ein liten stabel med boksar med tunfisk i gelé ståande. Det var den gongen det ikkje var så nøye med datoar, dei hadde sikkert stått der i fleire år. Eg vart fast kunde, og eg var vel sannsynlegvis den einaste som sytte for at det sirkulerte på den hylla i butikken. Vi snakkar om ein butikk med eit kundegrunnlag på ca. 600 menneske. Ikkje all verda, altså.

I vaksen alder har eg lært at tunfisk finst hermetisert i vatn og i olje, og at den gelévarianten eigentleg er ganske harry. Det gir eg katten i, eg er glad i aspik, i bjørnebærgelé og forøvrig alt som dissar, så eg et min harry tunfisk i gelé. Eg byrja tidleg å eksperimentere med tunfisken, men eg kom vel til at den ikkje egna seg til særleg anna enn på brødskiva, og til nød i ein salat. Men eg har gjort eit vellykka tunfiskeksperiment, og det skal dokke få nyte godt av  i dag, i allfall viss dokke prøver oppskrifta. Eg har teke ei slags pioneer woman-tilnærming i dag, så prosessen vil bli vist i større detalj enn eg elles brukar å gjere. Ber over med meg. Slik gjer du det:

Tunfiskrøre

Ein boks tunfisk i gelé (viss du vågar deg på dei andre variantane så gjerne det, og fortel korleis det gjekk.)

Ein halv løk (eg hadde ein sjalottløk liggande)

2 ss rømme eller kesam

2 ss majones

1 ss tørka grasløk

salt og mykje grovmalen peppar

Pinjekjerner viss du har, og likar det

Hakk løken fint, veldig fint. Eg brukar først å dele løken i to:

img_45231

Så delar eg den i tynne båtar frå topp til botnar:

img_4524

-og så skjer eg den i tynne skiver på tvers.

img_4525

Viss du blir stressa av å sjå at eg kuttar løk med venstra, så kan eg ikkje hjelpe. Eg jobba hos ein advokat ein gong som forbaud meg å skjere brød, fordi eg skar med venstra, og han var sikker på at eg kom til å skade meg alvorleg, og då var han ansvarleg. Ja, han var (og er) ein artig fyr.)

Så kan du ha tunfisken i ein bolle, ha oppi rømme, majones og hakka løk, og røre godt. Det vert enklast viss du mosar tunfisken med ein gaffel før du har oppi dei andre greiene.

img_4527

Rør godt, og ha i salt og masse grovmalt peppar (som du mel NO. Ikkje grovmalt på boks, ver så snill. OK, viss du har berre det så, men skaff deg ei pepparkvern viss du ikkje har, vennen.)

img_4528

-Og masse grasløk.

img_4530

Eg likar å strø pinjekjerner over denne røra. Det gir ein god tekstur, det smakar godt og du får brukt opp dei pinjekjernene som ligg der innerst i skapet og vansmektar. Ha dei i ei varm, tørr steikepanne, 

img_4529

og rist dei på middels sterk varme med eit lite dryss salt til dei er pent brune.

img_4531

La pinjekjernene kolne litt på ein asjett. Rist ei brødskive eller to, ha tunfiskrøre på, og dryss over pinjekjernene. Deilig, ikkje sant? Denne porsjonen er til fire brødskiver. Røra held seg i tett boks i kjøleskapet til dagen etter, men ikkje lenger, på grunn av den rå løken.

img_4534

 

This entry was posted in: Billig mat, Mat

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Neimen hei der ;0) Elsker dette pålegget selv jeg ,bare at jeg bruker vårløk og masse hvitløk da…. Men pinjekjerner må jeg skaffe emg skjønner jeg, så jo så herlig ut da!!!

    Skal svare deg på mailen siden idag, kjempegøy. Hihi

    Ha en rasende flott dag, skjønner av hvor du bor at det er et flott vær der og.

    Klem

  2. GundaM: Sola skin ikkje, men det er -5 og gode skøyteforhold. Pinjekjerner er standard skapvare! Løfter alle salatar, kan strøast over pastarettar (pasta pesto, pasta gorgonzola etc.) og held seg iallfall eit år i kjøleskapet.

  3. For ein HERLEG blogg du har! Er veldig glad i å lage mat sjølv, prøve nye oppskrifter og lese kokebøker. Endå kjekkere er det å få oppskrifter som er utprøvde av andre vanlege folk:-) Legg av og til ut matoppskrifter på bloggen min om eg synest eg har ei veldig god ei. Linkar deg til eg slik at eg kan følge med!

    Takk for kommentar på bloggen min forresten!

    Ha ein fin søndag!

  4. Akk, ferdigfrokost-salaten i butikken bør skamme seg etter denne oppskriften ble lagt ut. Herlig! Må utprøves. 🙂

  5. O ja, det der er veldig godt :-). Jeg pleier også å putte oppi hvitløk. Og friskpresset saft av økologisk sitron (den økologiske smaker dramatisk bedre enn den andre, synes jeg), -og en dæsj kayennepepper.
    Sånn skal jeg ha til helga. Med rista brød. Uhm!

  6. PS: jeg putter pinjekjernene jeg har til overs i en sånn derre zip lock-pose jeg har liggende i frysen på kjøkkenet. Rister dem direkte i steikepanna fra posten. Så greit, atte.

  7. Pingback: Tunfiskgreier « Alt godt

Leave a Reply to Alt godtCancel reply