Mat, Middag
Comments 6

Søndagsmiddag

Søndagar gjev rom for langsam mat. Eg likar å lage noko som tek litt tid å lage, men som i lange periodar kan overlatast til seg sjølv. Det er godt å gje seg litt betre tid innimellom, og gjerne ta ungane med i større grad enn den travle kvardagen gjev rom for. Mi husstellærarinne hadde nokre favorittar som eg har teke med meg vidare i livet, og improvisert over. Ein av desse var kjøtkake på topp. Den er ein morosam alt-i-eitt-rett som tek litt tid å førebu, men som smakar nydeleg.

Ofte kan det oppstå forvirring om kva som er kjøtdeig og kva som er farse. Dette er ei oppskrift med spedd kjøtdeig, og når kjøtdeigen er blitt spedd kallar vi den farse. Uspedd kjøtdeig brukar vi til dømes til taco, gryterettar og pastasaus, medan farse lagar vi kjøtkaker, kjøtpudding og liknande med. Når du  skal spe kjøtdeig er det viktig å først røre den seig med salt. Det gjer at deigen lettare tek opp i seg væska du skal spe med etterpå, og dermed blir resultatet saftige og smakfulle kjøtkaker.steiking

Kunsten når ein steiker kjøt er alltid å ta vare på den gode krafta som kjem frå kjøtet. I denne retten er kjøtkrafta med på å setje preg på heile retten, og er med på å lage ei god sky i botnen av forma, som dampar og gjev smak til grønsakene. Som du ser gjer eg sjya rikare i smak ved å ha i litt tomat. Eg brukar nokre skeier med tomatsaus frå glas, men tomatpuré gjer og nytta. Tomatsmaken skal ikkje bli dominerande, berre gje litt syre og god smak. Slik lagar du kjøtkake på topp til 4 svoltne:

Kjøtkake på topp

2 løk

1/2 kg kål

4 gulrøtter

Ein pakke sherrytomatar

700 g kjøtdeig

2 ts salt

1 egg

5 ss strøkavring

2 dl mjølk

200 g kvitost i terningar

2 ts tørka timian

1/2 liter vatn

1/2 buljongterning, 1 ss flytande buljong eller 1 ss worchestersaus

2 ts tomatpuré eller to ss pastasaus frå glas

Nykverna svart pepar

Smør

Skrell og grovhakk løken, og legg den utover i eit eldfast form. Finsnitt kålen, og legg den oppå løken. Skrell og skiv gulrøttene, og gjer sameleis med dei. Sett sherrytomatane heile rundt om i forma. Finn du ikkje sherrytomatar, då bruk båtar av vanleg tomat. Kvern pepar over, og strø ei ts salt over grønsakene. Legg gjerne nokre små klattar smør oppå grønsakene også. Har du andre grønsaker, så kan du godt byte ut eller supplere. Eg har lagd denne retten med potet, løk og fenikkel, det var nydeleg. Squash kan brukast, strimla paprika kan erstatte kålen og ei skiva persillerot eller litt sellerirot vil passe heilt perfekt.

Rør kjøtdeigen seig med to teskeier salt, timian og nykverna pepar. Ha i egget, og rør inn strøkavring og mjølk vekselvis. Har du ikkje strøkavring, så knus eitt par knekkebrød i matmølla eller med kjøtbankaren i ein plastpose. Du kan og bytte ut strøkavring med 2 ss potetmjøl. Blir kjøtfarsa for fast, så spe i litt meir mjølk. Farsen skal vere lausare enn du trur, er mi erfaring.

Form seks – åtte store kjøtkaker av farsen, trykk osteterningane inn i kjøtkakene og steik kjøtkakene lett i smør i steikepanne først. Pass på at du glattar over slik at osten ikkje renn ut når den smeltar. Den skal ikkje renne ut før du forsyner deg. Kok ut panna med litt vatn, og slå det over i den eldfaste forma. Legg kjøtkakene oppå grønsakene. Rør ut buljongterningen og tomatpuré/tomatsaus i 1/2 liter kokande vatn, og hell ned langs sida på forma. Brukar du Worchestersaus eller flytande buljong, så ha det i vatnet og slå i forma. Legg aluminiumsfolie over forma, og bak det heile i omnen på 220° i 40 minutt. Dei siste fem minutta kan du ta av folien.kjotkake

Du kan bruke mange slag ost i kjøtkakene, gjerne ein med litt karakteristisk smak som cheddar eller jarlsberg. Vanleg norvegia gjer sjølvsagt også nytta. Kvar gong eg er i Sverige brukar eg å ta med meg ein nydeleg whisky-cheddar som dei har der, den er perfekt til slike rettar som denne.

Skulekjøkkenlærerinna mi hadde potetene i botnen av forma, men eg syns det er best å servere kjøtkake på topp med ein god, heimelaga potetmos til. Kok poteter som vanleg, skrell dei etterpå, og mos potetene med ein potetstappar eller det du måtte ha av eigna reiskap. Bruk for all del ikkje kjøkkenmaskin til dette, då vert det lim! Varm opp ca. 1 dl mjølk til 1 kg poteter, ha i nokre gode klattar smør og rør det inn i potetmassen. Smak til med salt og peppar. Har du eit rømmebeger ståande så vend inn nokre spiseskeier i potetmosen, alt er lov på søndag!

 

This entry was posted in: Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. det där ser sjukt gott ut!
    jag hittade hit genom din kommentar pá min kommentar hos perfume posse.. och nu undrar jag: är det nynorsk du skriver pá? isáfall är jag väl stolt över att jag har förstátt det mesta… =)

  2. Så fint! Ja, eg skriv nynorsk, mange nordmenn syns det liknar på svensk. Trivelig at du stakk innom!

  3. Hei
    Så inspirerende å se alle den gode maten du lager! Når det gjelder matlaging har jeg mye å hente når det gjelder kreativitet og matglede.
    Får ta meg en tur innom her en gang i blant, så kanskje noe av det smitter over 🙂

  4. Det er alltid hyggeleg å inspirere, Tone. Eg prøver å gjere ting enkle, det er alt for mange ting i livet som er komplisert som det er, om ikkje matlaginga og skulle vere det. 😀

  5. Hei på deg!

    Takk for oppmuntrende kommentar inne hos meg! Skulle gjerne gitt masse av datakunnskapene mine for et snev av kokekunstene dine!!!

    Det er så en får vann i munnen av å svinge innom her hos deg *tjihiii* Ønsker deg en fin uke og ser frem til neste besøk her inne 🙂

    Hilsen og klem fra Irén

  6. shoops says

    No vart eg kjempesvolten!! 🙁
    det såg veldig, veldig godt ut!

Leave a Reply