Duft
Comment 1

Beautiful

1294Mine tidlegare dufter har eg ikkje noko nært forhold til, men Beautiful frå Estee Lauder var mi første «signaturduft. Det var byrjinga på ei lang rekke av Lauder-dufter som eg likar godt. Knowing, Pleasures og Spellbound er andre som eg har eigd og hatt glede av. To av dei lurer eg veldig på kvar dei vart av. Dei vart kanskje kassert eller gitt bort i samband med ei flytting? Synd, i så fall. 

Beautiful er ei typisk blomsterparfyme, den vart i følge informerte kjelder lagd til Estee Lauder sitt bryllup. Den vart lansert i 1985, eit merkeår i mitt liv, for då flytta eg til Oslo, byen eg visste eg skulle bu i sidan eg var 12. 

Denne parfymen er eit godt eksempel på at sjølv om ein ikkje likar så godt enkeltelementa i parfymen, så kan heilskapen bli nydeleg. Ein av dei viktigaste toppnotane i Beautiful er solbær, ikkje ein av mine favorittar. Eg syns heller ikkje at sitron er så godt i parfyme (i teen, derimot, der må den vere med). Liljekonvall derimot, er ein deilig duftnote i ein parfyme, og den er med her saman med sjasmin og bergamot, sitrusfrukta som gjev teen Earl Grey sitt særpreg.

Når Beautiful har vore på huda ei stund, er dufta av edeltre og vanilje sterkt og behageleg til stades. Eg har den på meg ein sjeldan gong, og kjenner meg brakt tilbake til åttitalet med ein gong. «Hvorfor sier du alltid det glade åttitallet?» seier datra mi. «Fordi det var det», seier eg.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Hanne-Savanne :) says

    tenk at du har hatt ein bevisst tanke om at det skulle vere signaturdufter, og at klemmen ifrå deg skulle lukte godt 🙂 fascinerande, har nemlig fundert på det der, spesielt når eg var lita, kvifor du ikkje lukta parfyme, men lukta godt 🙂 Det er ikkje meg du har gitt bort knowing, pleasures og liknande til, men du må ta meg med på parfymedufting på Glasmagasinet ein gong forstår eg

Leave a Reply