Duft
Comments 12

Narciso Rodriguez EdT

Eg oppdaga Narciso Rodriguez sine parfymar på ein liten ekspedisjon til Sandvika Storsenter i fjor. Etter ei opprydding på baderomshylla hadde eg kome til at eg trengte sårt ei fornying i parfymesamlinga, og var ute og leita etter ei ny duft som kunne vere ”meg”.

Det ville vere å underslå faktum å ikkje innrømme at den vakre, unge mannen som hjalp meg i butikken påverka vala mine, men eg koste meg verkeleg med å sjå at han var oppriktig interessert i parfyme, og forsto kva eg var ute etter. Utan hans hjelp hadde eg nok ikkje oppdaga Narciso Rodriguez for her.

Eg forlot han utan å shoppe, sette Narciso Rodriguez EdT på ønskelista for den nær foreståande bursdagen min og venta. Då den ikkje kom i gåve sette eg meg i bilen, køyrde til den vakre mannen, drog bankkortet, og sikra meg den for eiga rekning. Ein har blitt vaksen, ikkje sant? Ein lagar ikkje ønskelister berre på tøys?

evernia_prunastri_bleiktjafs_nhNarciso Rodriguez EdT er ein parfyme som på fagspråket kallast ”chypre”. Chypre-parfymane har duftbasen sin frå duftkonsentratet ”Oak moss”, som ein skulle tru er eikemose på norsk. Men nei, den har fått det sexy norske namnet Bleiktjafs, Evernia prunastri. Bleiktjafs er det gråkvite lavet du vil finne på mange tre i skogen, og den har ein ganske tydeleg søtleg aroma av tre og terpentin. I parfymar utgjer den chypre-aromaen saman med ambergris, eit sekret frå innvollane til kvalar, som no for tida stort sett vert framstilt syntetisk.

Chypre-aromaen vert ofte kombinert med blomsternotar (Floral chypre), som i Chanel Chance og Coco Mademoiselle, og i Miss Dior Cherie. Den vert også ofte brukt saman med fruktige notar, som i Diesels Fuel for Life og Guerlain Mitsouko.

I Narciso Rodriguez EdT er den mellom anna kombinert med appelsinblomar, vanilje og musk. Førsteinntrykket er elegant, tiltalande og prega av kvite blomar. Når parfymen har fått vere på huda ei stund går den over til eit varmare, meir sensuelt uttrykk.

Eg opplever Narciso Rodriguez EdT som ein nær huda-parfyme. Den gjev deg lyst til å kome nærare, lukte meir. Den går i eitt med huda, og smeltar inn i den på ein deilig måte.

På ulike hudtypar vil ulike notar i ein parfyme få ulik styrke, på meg er noten av kvite blomar og musk framtredande. Som alltid må ein gå med ein parfyme, gjerne ein heil dag, for å føle om du er komfortabel med å la den bli ein del av deg.

Då eg prøvde denne prøvde eg også Narciso Rodriguez Eau de Parfum. På meg lukta den røyk, fest og alt som er rampete, altså ikkje ein kvardagsparfyme. Eau de Toilette- og Eau de Parfum-utgåvene i denne parfymen har ulik notesamansetning, så EdP er ikkje berre ein meir konsentrert versjon av EdT slik det vanlegvis er. For meg var EdT ”rett”, iallfall til kvardags. Og prisen, som er det kvite ut av auga, gjorde at eg måtte velje ein av dei. Men eg må nok lukte på den andre om att snart.

Kjelder:

http://www.kristvi.net, Wikipedia, Osmoz.com, www.narcisorodriguez.com


This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

12 Comments

  1. sol says

    Takk for ein både flott og fristande beskrivelse! Denne parfymen (i begge variantar) er ei av dei eg av og til prøver når eg er innom eit parfymeri, og no kjenner eg at eg snart må lukte på den igjen.. 🙂 Eg tilhøyrer dei som absolutt ikkje har musk-anosmi, og muskdufter har alltid hatt trekkkraft på meg. Imidlertid er det få av dei som «tør» la musk ha hovedrolle. Den av dei eg best har likt hadde eg dessverre kun i et (riktignok) stor prøve, Jean Louis Gady Musk oil (trass namnet var den alkoholbasert, ikke oppløyst i olje), og den var av det orientalske slaget: ein varm (trenoter) og krydra musk, med mandarin og appelsin i toppnotene og langt nedover mot botnen.

  2. Det merket har eg aldri sett, eg skal sjå etter det når eg er på slike stader. Eg prøvde Kiehl’s Musk Oil som satte New York på hovudet på 1850-talet, men den ga meg ingenting. Den har dei på Kastrup i tax-freeen der, ein stor Kiehls-stand.

  3. sol says

    enig med eg angåande Kiehl’s. Huskar den som ganske enkel/eindimensjonal også, og det på ein kjedeleg måte (minimalistiske parfymer synes eg forøvrig kan være flotte, men då må tonen på ein måte uttrykke essensen av noko på ein rein og klar måte)

  4. Denne posten fikk meg til å gå i parfymekjøleskapet og hente min flaske av NR, så det ble kveldens duft i går. Rein pleasure!

  5. 😮 Eg har høyrt at dronning Sonja har eit eige kjøleskap på hytta til kremane sine, at du, Britt Åse er like velutstyrt imponerer meg! 😉

  6. Når hoteller i nærområdet legger inn årene og alle hotellkjøleskapene kommer på markedet må man være om seg, vettu! Det er egentlig kjøpt til stratifisering av frø, men nå er jeg litt passiv på frøfronten for tida, og dermed får parfymene rangen .-D

  7. glampl. says

    Tusen takk for tipset! Da blir det nok tur til Steinkjer rett over helga 🙂
    Veldig god informasjon om parfymen i bloggen din også.
    Fin blogg både til informasjon og inspirasjon når det gjelder mat.
    Kommer nok innom her både titt og ofte!
    God helg!

  8. Pingback: Narciso Rodriguez Essence « Alt godt

  9. Pingback: Dette tok ikkje heilt av… « Alt godt

  10. Pingback: Sublime Balkiss (The Different Company) « Alt godt

  11. Det var et godt tips. 🙂 Den skal jeg prøve. Iallefall hørtes den ut til å kunne passe meg. Jeg er litt ensporet når det gjelder parfyme. Men liker det klassiske.
    Synes du ga en god forklaring og har tydelig litt greie på dette 🙂

    Klemmer fra Maria

Leave a Reply