Musikk
Comments 3

Viss berre ein person…

Eg har alltid vore fascinert av Jim Henson sine figurar i The Muppet show, Sesame street og Fragleberget. Jim Henson døydde alt for tidleg i 1990, berre 54 år gamal. Denne songen var skriven til eit muppet-show, men vart framført i hans gravferd av dokkene han hadde lagd, og dokkeførarane han hadde samarbeidd med.

Sangen handlar om at dersom berre ein person ser deg, aksepterer deg som du er og set pris på deg, vil fleire byrje å gjere det, og til slutt vil du akseptere og sette pris på deg sjølv slik du er og. Vår oppgåve som menneske er å starte denne gode sirkelen for kvarandre, og sette pris på dei vi har rundt oss. Ber over med lyd og bilde, som (nesten) alltid.

Denne «scena» frå Jim Henson si gravferd inspirerte filmskaparane bak «Love Actually» til scena der musikarane spelar All you need is love, og blir fleire og fleire. Rørande.

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Jane says

    Nydelig! Akkurat det jeg trengte på en mandags ettermiddag.

    🙂

  2. Muppetene er jo bare helt fantastiske! Jeg har det for tiden særdeles morsomt med Animal og venner som synger Danny Boy. Vi synger den sangen i koret jeg er medlem av, og det gjør det selvsagt ikke mindre morsomt. Ligger på Youtube det klippet også 🙂

Leave a Reply