Allergi, Billig mat, Mat, Middag, Supper, Veggis
Comments 7

Den raude fare i kjøkenet

Vanlegvis vert ungane mine glade når dei kjem heim og eg er på kjøkkenet i full gang med noko. Dei veit at då får dei stogga svolten ganske raskt. Men mandag var dei himmelfalne. Eg sto der iført forkle og gummihanskar, og det såg ut som om eg hadde teke livet av nokon. ”Blod overalt” ville vere det korrekte uttrykket for ein med legning for dramatikk. Det var eit resultat av lemfeldig omgang med raudbeter i kombinasjon med teknisk utstyr, eg skulle rive raudbeter, og så var eg slurvete med å sette mateloket skikkeleg fast på matmølla mi. Dermed vart det ein smule sprut rundt om i kjøkenet. Men heldigvis er fargen vassløyseleg, så skaden lot seg reparere.

Det er ei vanskeleg tid for grønsaker no, triste, smaklause tomatar og slapp salat i alle hyller. Urtene døyr i vinduskarmen før eg får sukk for meg, og eg er uinspirert i matbutikken. Men denne gongen var det altså store, vakre raudbeter som redda meg. Rotgrønsakene er dei vi kan stole på no på slutten av vinteren, og raudbetene har mange gløymt. Dei fortener å få kome på matfatet att, vakre som dei er. Problemet er berre at fargen smittar overalt, så det nyttar ikkje å koke noko anna saman med dei. Dei krev særbehandling. Men det finst nokre rettar der raudbetene får lov til å spele hovudrolla, og ein av dei skal vi lage i dag, nemleg den russiske suppa bortsj.

Eg lærte å lage denne suppa ein gong eg vart invitert til ein kondisjonert raddisheim på Nordberg i Oslo, der far i huset hadde vore stasjonert i Moskva på 70-talet, og difor hadde lært å lage bortsj ”the hard way”. Sidan har eg lagd den med ujamne mellomrom, på min sedvanlege lettvinte måte. Når eg no skulle skrive om suppa måtte eg gjere litt research, og det er det mest vanvittige eg har gitt meg ut på. Eg har sjeldan funne så mange ulike oppskrifter til same, presumptivt enkle rett som på bortsj.

For ikkje å snakke om alle rare skrivemåtane! Når eg googla ”bortsj” fekk eg 105 treff, medan den noko meir kompliserte ordlyden ”borsjtsj”(!!) fekk 294 treff! Kor vanskeleg kan ein gjere ein enkel ting, spør eg meg. I følge den mest kompliserte oppskrifta skulle ein koke kraft på ein andunge, men det slepp du her hos meg. Å  lage denne suppa som vi lagar fersk kjøt og suppe er ganske vanleg; ein kokar kjøtet, og får ei god kraft. Så vert suppa kokt på krafta, og kjøtet vert servert ved sidan av.

Ungane åt bortsj først etter eg i kjent stil hadde gjort suppa om til ei pinglesuppe, altså køyrt deira porsjonar glatt med stavmiksaren. Nokre kompromiss må ein gjere, så lenge vitaminane framleis er på plass.

suppe2Bortsj

2 gule løk

4 kvitløksfedd

1 ss olivenolje

4 raudbeter

Ein skalk kvitkål

2 gulrøter

Ein bit sellerirot

2 ss eddik

1 ss sukker

1,5 liter vatn

2 buljongterningar, helst oksebuljong

100 g bacon

Salt og peppar

Rens og hakk løk og kvitløk. Skjer baconet i tynne strimlar, og fres det i ei stor gryte med olivenoljen. Fres løken og kvitløken i feittet saman med baconet. Slå på litt vatn, og la dette stå å putre ei stund medan du gjer det andre klart. Ta på deg gummihanskar (dei tynne eingongshanskane frå helsevesenet er fine til dette) og skrell raudbetene. Riv dei grovt på rivjern eller i matmølla. Eg brukte mi matmølle, og det var gjort på null tid, hadde eg berre huska på å sette på loket, du veit… Skrell gulrøttene og sellerirota, og riv dei og. Snitt kålen så fint du klarer. Ha alt oppi gryta, slå over vatn og ha i buljongterningane. La suppa koke til grønsakene er møre, det skulle ikkje ta meir enn eit kvarters tid. Smak til med eddik, sukker, salt og peppar. Suppa skal smake friskt syrleg.

Kva type eddik du brukar er ikkje så nøye, bruk ikkje balsamicoen din på dette. I nokre oppskrifter meiner dei det er naudsynt å ha rivne rå raudbeter i bakhand for å friske opp fargen rett før servering. Eg syns ikkje det er naudsynt. Fargen på vaksensuppa heldt seg frisk og fin, så det er berre unødig stress, spør du meg. Pinglesuppa til ungane lysna litt etter at den hadde fått seg ein runde med stavmiksaren, men det gjorde ingenting, etter mitt skjønn.

Server suppa med ein klatt yoghurt, rømme eller kesam i, og eit godt brød til. Nokre serverer den og med små, sure agurkar til. Eg lagde eit brød til denne suppa som eg fekk heilt uforholdsmessig mykje skryt for, enkelt som det var. Vil du dele æra med meg så prøv denne oppskrifta. Den er kjempeenkel, men du bør ha litt tid sidan deigen hevar tre gonger. Slik gjer du det:

brodNøttebrød med rug

1 liter lunka vatn

1 pakke fersk gjær

300 gram grov, sammalt kveite

300 gram fint rugmjøl

100 gram hakka valnøtter

1 dl olivenolje

1 ss lys sirup

2 ts salt

Kveitemjøl til passe deig

Eg lagde dette brødet i kjøkkenmaskina, og det er ein fordel for då kan du ha deigen noko lausare enn du kan når du eltar  han for hand. Den vert og elta lenger, iallfall hos meg. Ha vatnet i bakebollen, og løys opp gjæra i det. Ha i sirup, salt og olje. Rør inn det grove mjølet først, deretter nøtter, og ha så i kveitemjøl til deigen har slept bollen, men framleis er ganske laus. Den skal eltast ganske lenge. La deigen heve i maskina, og når den har blitt dobbelt så stor let du maskina elte den i nokre minutt til. Så får den heve ein gong til. Sett omnen på 210 grader.

Når deigen er ferdig heva må den kanskje få elta inn litt meir mjøl for at den skal vere lett å handtere når du tek den ut av bollen. Del deigen i to eller tre, og form emna til brød som du legg på ei mjølstrødd plate. Steik brøda lågt i omnen på 210 grader i ca. 40 minutt. Eg bakte to store, runde brød av denne deigen, når det skal vere fest syns eg det er fint at dei ruvar på bordet.

Skal det vere vaksenfest er bortsj visstnok noko ein drikk vodka til, men for meg fungerer det betre med reint vatn.

7 Comments

  1. Mor mi leser russisk, merkelig hva de fant på i husmorlagets studiesirkler i hine hårde dager! Til å begynne med hadde de ei aldrende russisk ballerina som lærer. Nok om det, husker fra innlæringsfasen at det var mange merkelige lyder i alfabetet, blant anna en som uttaltes sjtsj. Kålsuppe heter visstnok sjtsji – vi ungene syntes det hørtes ut som et bra navn på den retten! Men bortsj er nydelig.

  2. Bortsj er bare helt utrolig godt. Jeg liker russisk mat. Det ble en del av det da jeg bodde i Tyskland. Liker forøvrig tradisjonen med te, champagne og vodka til middag og da på en gang. Det er en sann fryd og lage mat, og ikke minst kunne glede den oppvoksende slekt med det, og ikke minst når de i tillegg setter pris på forpleiningen…

    • Alt på ein gong? Ja, eg har høyrt at for mykje av det gode kan vere heilt fantastisk…

  3. Vera says

    Bortsj er fantastisk godt! men jeg må jo bare presisere det er ikke russisk! Det kommer fra Ukraina!!! Mange ukrainere flyttet til Russland både frivillig og ufrivillig under Stalin sin tid og da har mye av den ukrainske kjøkken blei en naturlig del av russisk kjøkken. Det finnes som mange opksrifter og måter å lage den på som det finnes Ukrainere sies det: alle har sin egen måte 😉

Leave a Reply