Ferie, Lykke, Reise
Comments 6

Compact travelling

Lidenskapeleg reisar som eg er, har eg saman med familien min bytta hus med folk i mange land dei siste åra gjennom www.boligbytte.no. Vi har vore i Afrika, Asia og Europa, og hatt fantastiske feriar. No er det høgsesong for boligbytte, og tilboda haglar inn. Vi har snusa på USA, Italia, Barcelona, Gent og eitt par plassar i Frankrike, men har ikkje bestemt oss enno.

Når ein reiser med to barn er det viktig å vere disiplinert når ein pakkar. I vår familie har det sidan 2006 (den yngste var sju år) vore ein regel at på tur ber ein sin eigen bagasje. Då gjeld det å ikkje ta med meir enn ein treng, og å planlegge pakkinga nøye. Leiker dreg vi sjeldan med oss, vi baserer oss på å kjøpe småting undervegs. Det einaste av underholdning som alltid er med er Ipod, ein dobbel pose minidomino, minisjakk med brikker som kan festast og ein kortstokk.

Eg har mange gongar vore innom www.onebag.com, og fått masse nyttige tips der. Mi erfaring er at ein treng mykje mindre enn ein trur. Halvparten så mykje klede som det du opprinneleg har tenkt er ein fin tommelfingerregel. Du kjem til å kjøpe noko nytt undervegs uansett, tru meg.

Tre ting er alltid med: Antibac-gelé til hendene, eit lite førstehjelpsskrin og ein liten faldekniv (som må sjekkast inn). Førstehjelpskrinet inneheld bomull, saltvasspipettar til å skylle sår, plaster, pyriseptsalve, bandasjeteip, smertestillande krem (Lidokain-type) og pinsett.

img_3035Jålete som eg er passar eg alltid på at kleda eg pakkar med meg passar saman i farge og tekstur. Det gjer at ein kan kombinere mykje friare, og alltid sjå nokolunde presentabel ut. Fine sjal som ein kan ha over skuldrane om kvelden eller i ei kyrkje, eller over håret i muslimske land er alltid med, også dei i matchande fargar. Eg brukar å ta med eit i tynn ull og eit i chiffon.

I varme land treng du berre to par sko; eit par praktiske (som du reiser i) og eit par fine i kofferten. Yttertøy er som hovudregel heilt unødvendig, ta med ein regnponcho og det nemnde sjalet.

Ofte kan (moderne) syntetiske tekstilar vere meir praktiske enn naturmaterialar, dei nye kvalitetane pustar betre, syg ikkje opp sveitte og tørkar rasande fort når du skyljer dei opp om kvelden. Sjekk for eksempel ut treningsbukser i khakifarge i clamdigger-fasong; behageleg å gå i, passande i «sakrale» omgjevnader og representativ. Eg har slite ut to par.

Eg brukar ta med ei lita reiseflaske med sjampo, og så kjøper eg meg ei større flaske når eg kjem fram der eg skal bu, som får bli att når eg reiser. Småprøver av kremar og rensemiddel dekkjer behova undervegs, i staden for å ta med store krukker og flasker. Det finst såkalla reisebutikkar, som har spesialprodukt for å ta med på reise. Eg er skeptisk, eg finn like mykje praktiske ting på apoteket og på Clas Ohlson.

Fekk du lyst til å reise no? Det fekk eg…

This entry was posted in: Ferie, Lykke, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Hei,
    jeg har et spørsmål til deg som ikke hører inn under dette innlegget ditt, men dog.
    Jeg har stor dag om ikke så lenge og i den anledning har jeg invitert en haug med jenter til å feire med meg.
    Jeg har til og med invitert dem til å spise sammen med meg…

    Hvor lang tid i forveien (dager) kan jeg lage aioli, tzatziki, oreokake og sjokoladerullekake?

    Har du en formening, så blir jeg glad 🙂

  2. Hei!
    Aioli: 5-6 dagar dersom den er lagd med friske egg.
    Tzatziki: Bør lagast same dag. Du kan rive agurken og pakke den i ziplock, men å krydre yoghurten og blande i agurken ville eg gjort ein time før gjestane kom.
    Oreokake: Viss det er den oppskrifta som står under «mat for mons» til høgre her ville eg seie ikkje meir enn to dagar før. Oppbevar kjøleg, men ikkje så langt bak i kjøleskapet at den kan fryse. Då «døyr» gelatinen, og den sig saman.
    Sjokoladerullekake: Det kjem an på fyllet. Dei oppskriftene eg har sett er med sukkerbrødrøre med kakao og smørkrem. I såfall: Ikkje meir enn to dagar før. Eg har også fått denne servert med fløtekrem, då må den lagast same dag. Viss du lagar den med smørkrem bør du uansett pakke den så og seie lufttett i folie eller plastfolie.

  3. Tusen takk, da må jeg begynne å finne ut hva jeg faktisk får tid til å lage. 🙂

  4. Er du så glad i å reise ja, det er ikke jeg men så er det stort sett campinglivets gleder min kjære Mr E har tatt meg med på…Jeg hater campingplasser og han har lovt aldri ta meg med på det mere;0) Vi får se…

    Tusen, tusen takk for award, den setter jeg stooor pris på selv om det nok kommer en del av de. Pleier ikke lage et innlegg for hver og en men lager et tulleinnlegg innimellom ;0)))

  5. Sjekk ut boligbytte. Du har ein heilt anna heimefølelse når du bur i ein privat heim enn når du bur på hotell eller på andre måtar. -Og du blir godt kjent med dei du byttar med, vi mailar fram og tilbake i fleire månader før byttet, og avtalar praktiske detaljar og slikt.

  6. Marianne says

    Hei:) Jeg skriver en artikkel om det å reise med barn og lurte på om jeg kunne intervjue deg gjennom mail? Fint om du da også har noe gode bilder i full oppløsning som jeg kan bruke- da helst noen fra selve flyturen! Kan du sende meg en mail så fort du har muligheten, så sender jeg deg mer informasjon:)

Leave a Reply