Billig mat, Mat, Noko søtt, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Trøstemat…

Kva gjer du når verda går deg imot, når det regnar på tvers for firogtjuande dag på rad, og ingen forstår deg? Eg har eit triks: Lag deg noko god trøstemat! No har vi alle høyrt om trøstespising, men det er ikkje det eg snakkar om her. Det eg beskriv her er ikkje noko du skal gjere dagleg, men er det ein dag då du innser at du treng trøst, og ingen klarer å gje deg det, eller du må bestikke nokon for å kome på besøk og trøste deg, då er det enkelte typar mat som fungerer betre enn andre.

Eg har tre typar trøstemat som alltid hjelper meg: mat med steikte poteter, mat med smelta ost, og mat med sjokolade i. Det vert sagt om sjokolade at det er ein jenteting, men det trur eg ingenting på. Min kjære kjem stadig heim med lange sjokoladar når han er ute og reiser, og eg et berre ein liten brøkdel av dei. Og menn treng også trøst av og til! Dette er ikkje ein jentematblogg, å lage seg trøstemat når ein treng det er ein menneskerett, etter mitt syn.

Noko som er viktig når ein skal lage trøstemat er at det er mat ein har i huset. Det å trenge trøst kan kome brått på, plutseleg forstår ein at ein har det ille, og då er det ikkje alltid tid til å gå i butikken. Poteter, ost og kokesjokolade har ein ofte i huset, og då gjer det ingenting at det tek litt tid å lage maten. Ring til ein venn du veit stiller opp for deg og inviter på deling av trøstemat. Då aukar sjansane for at det triste går over – bortsett viss årsaka til dei triste tankane er regnet, det kan ikkje ein gong smelta ost sette ein stoppar for!

Den første oppskrifta mi er den amerikanske retten potato skins. Det åt eg første gong i kjellaren på studenten på Karl Johan. Eg hadde ete bakt potet tidlegare, men potato skins var mykje betre, syntest eg. Det vert ofte ete som tilbehør til kjøt, det passar fint til ein saftig biff, men eg nyt det like gjerne åleine. Eigentleg vert denne retten laga ved å skjere skalet av ferdigbakte poteter, og får du bakte poteter til overs etter ein fest så er dette ein strålande måte å bruke dei på. Men har du ikkje ferdigbakte poteter går det like fint å byrje med rå poteter, skjere dei i skalkar og steike dei i ein runde. Litt fortare går det og, sidan potetbitane er tynnare enn ein heil potet. Paprika er heller ikkje med i den originale oppskrifta, men eg syns det smakar nydeleg i kombinasjon med osten. Slik lagar du det til to:

potetTo store poteter, eller fire små

1 ts paprika

Mykje riven ost, gjerne cheddar eller ein annan lettsmelta ost.

Salt og peppar

2 dl rømme, guacamole eller salsa

Sett steikeomnen på 200 grader. Skjer skalet av potetene i tjukke flak, slik at det nesten ikkje er noko att i midten. Legg alle bitane inkludert midtstykket i ein bolle, dryss over salt, peppar og paprika, og kast det rundt i bollen slik at krydderet festar seg heile vegen rundt. Legg potetbitane i eit eldfast fat, slik at skinnet vender ned. Steik potetene i 40 minutt. Ta forma ut, og skru opp varmen til 225 grader. Dryss ost på kvar potetbåt. Gratiner potetbåtane i 10 minutt til dei er pent brune. Server med rømme, guacamole eller salsa, eller alle tre.

Den ultimate trøstematen må uansett alle helseguruar vere sjokolade. Ein sjokolademousse (det skal uttalast ”moss” med ein o som i sko) er lett å lage, og du gjer det medan potetene står i omnen. Denne sjokolademoussen er ”halvsunn”, den har ikkje anna feitt enn det som er i sjokoladen, for eg har kutta ut fløyte og smør. Men den er kjempegod for det! Eg lagde den ein gong med toblerone, det vart nydeleg, med krokanbitar i. Kanskje eg skal lage den med Walters mandler ein dag? Slik lagar du den til to:

sjokolade50 g sjokolade

1 eggekvite

50 g melis

1 ts balsamicoeddik eller ein annan søt eddik

1 klype salt

Grovhakk sjokoladen, og smelt den forsiktig i vassbad. Eg brukar sette ei suppeskål oppi ei gryte med kokande vatn. Ikkje rør for mykje i den, då kan den bli kornete. Nokre brukar mikrobølgeovn, det går sikkert fint, eg har det ikkje, så eg veit ikkje. Prøv deg fram. Pisk eggekvita med eddiken og saltet. Du kan også bruke bringebæreddik, eplesidereddik eller kvitvinseddik. Saltet må med for å framheve sjokoladesmaken. Når eggekvita er halvstiv kan du byrje ha i melisen litt og litt. Eg brukar melis i staden for sukker fordi då slepp eg å piske kvita så lenge for å få bort sukkerkorna. Har du berre sukker må du vurdere om du heller vil ha sjokolademousse med sukkerkorn enn ikkje sjokolademousse…

Pisk til massen er blank og fast, men ikkje heilt knallstiv. Vend inn sjokoladen i eggekvitemassen. Hell røra i to pene, høge glas, og set moussen kaldt så lenge du klarer å vente. Server som den er, eller pynt med sitronmelisse, eitt par mynteblad eller dryss over litt melis.

Når du har fått i deg steikte poteter, smelta ost og sjokolademousse er eg sikker på at livet ditt ser litt lysare ut. Den viktigaste terapien er å gjere noko som gir deg krefter, og ikkje bruke for mykje tid på det som tappar deg for krefter, veit du!

1 Comment

  1. Rita says

    De der potetgreiene skal jeg jammen prøve i kveld. Tror det kommer til å falle i smak hos ungene 🙂

Leave a Reply to Rita Cancel reply