Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 6

Teryakibakt laks med asparges og vårløk

 Eg har ete mykje trist laks i mitt liv, og hovudgrunnen til at laks vert kjedeleg mat er at den vert steikt eller kokt for lenge slik at kjøtet vert tørt. Dersom du treff med koketida vert laksen mjuk og saftig samstundes som den har gått over frå mørkerosa til lyserosa, og det er den beste fisken.

Eg skal lære deg eit triks som gjer at du aldri meir behøver å ete tørr og kjedeleg laks, og trikset er å bruke steiketermometer. Det er genialt, eg stiller det inn etter ei bruksanvisning som til og med ein bruksanvisningsvegrar som eg klarte å ta meg fram i, og det pip når fisken eller kjøtet har nådd perfekt temperatur.

I dag sender eg deg til fiskebutikken for å få tak i ein fin laks, for vi skal bake laks i omnen med japansk teriyakisaus. Teriyaki er ein slags soyasaus som passar veldig bra til fisk, og som er ganske lett å få tak i. Prøv denne oppskrifta, eg trur du og dei du serverer den til vil nyte resultatet i lange drag. Eg brukar vanlegvis ein bunt miniasparges saman med vårløken, men det kan vere vanskeleg å skaffe. Finn du vanleg asparges kan du bruke det, men splitt dei i to på langs for at dei skal bli gjennomkokte saman med løken og fisken.

Til fisken serverer eg brød og ein grønn salat, i tillegg til ein sterk saus eller dipp som passar strålande til den milde smaken i laksen og teriyakisausen. Det skal ganske lite til av den sterke sausen, så oppskrifta er stor nok. Fileterer du laksen sjølv sparar du tid, men er filet på tilbod i butikken kan du like gjerne spare deg arbeidet. Beinfri filet er det beste utgangspunktet, så vipp beina langs sida ut med ein potetskrellar. Dette er ei ganske stor oppskrift, du mettar sikkert seks til åtte personar. Skal du servere til færre, tek du eit mindre fiskestykke, og reduserer steiketida litt.

Du kan også lage denne lakseretten ved å steike laksen heil. Då dyttar du asparges og vårløk inn i buken på fisken. Berekn litt lengre steiketid.

Slik gjer du det:

klar-laksTeryakibakt laks

To laksesider utan bein, men med skinn

Ein bunt vårløk

15-20 miniasparges eller 8-10 vanlege

ca. 2 dl teriyakisaus

Salt og peppar

Dippsaus:

1 dl salt soyasaus

1 ss riven ingefærrot

3 ss søt chilisaus

3 ss god eddik, kvitvinseddik eller eplesidereddik, til dømes.

2 ss brunt sukker

Sett steikeovnen på 200 grader. Legg dobbel aluminiumsfolie i ei langpanne. Du må ha nok folie til å pakke inn heile fisken. Dryss laksefiletane med salt og peppar, og la dei ligge litt. I mellomtida lagar du dippsausen ved å røre saman alle ingrediensane, enkelt som fot i hose. Rør til sukkeret har løyst seg opp.

Rens og skylle vårløken og aspargesen, og surr dei fort i ei steikepanne med litt olje.

Legg ein filet i folien, legg grønsakene oppå og legg den andre fileten ”anføttes”, altså hovudende mot spord. Hell over teriyakisausen, og pakk det heile inn. Stikk inn steiketermometeret gjennom folien inn i den tjukkaste delen av fisken (på oppsida for å unngå at sausen renn ut…), og bak fisken til den har oppnådd ein kjernetemperatur på ca. 60 grader, i min omn tek det ca. 45 minutt.

salatMedan laksen står i omnen kan du lage ein salat med issalat, litt ruccola viss du finn det, tomatbåtar og bitar av mozzarellaost. Finn du ikkje mozzarella kan du rive litt parmesan over. Server godt brød til, og ris viss du har lyst.

6 Comments

  1. Namnamnam!!
    Du, kan du repetere hvordan det var man skulle lage sin egen vanlijeekstrakt a al det Nigella bruker?

  2. Kva Nigella gjer veit eg ikkje, eg har brukt Jamie-metoden av og til, og køyrd vaniljestenger i matmølle med sukker.

    I det siste har eg lagd mitt eige ekte vaniljesukker med hjelp av noko eg fann i ein helsekostbutikk; Brecht bourbon-vanilje som er malte vaniljestenger. Eg blandar ei teskei Brecht med 1 dl melis. Eit Brecht-glas kostar ein hundrelapp så vidt eg huskar, men det blir MYKJE vaniljesukker av det når du blandar det med melis.

  3. Janei, Nigella har nok kjøpt sin vanilla extract, -det var kanskje ikke du som kom med tipset inne på Gal? Det var noe med alkohol…

  4. Ser veldig godt ut! Jeg bruker også fennikel til laks, det passer godt i lag 🙂

Leave a Reply