Mat, Middag, Tilbehør
Comments 3

Gresk søndag


Aubergine er ei strålande grønsak som ein burde bruke meir. Den som aldri har smakt gresk moussaka med auberginar i har verkeleg gått glipp av noko godt. Det tek litt tid å lage, så ein må ha god tid og kose seg med matlaginga. Men som bror min seier: Mat som tek lang tid å lage smakar best. Kom du deg for seint i butikken og alle auberginane der du bur er selde, kan du lage moussaka med potetskiver og. Det er ikkje det same, men det er også godt. Då treng du ikkje forsteike dei slik du må gjere med auberginane.

Den porsjonen du får oppskrift på her er stor. Del den gjerne i to, så får du passe storleik til to små og to store.

Eg serverer moussaka med ein klassisk gresk salat. Lag salaten først, den har berre godt av å stå og trekke.

Gresk salat

007_04a1To modne tomatar per person

200 g fetaost

100 g svarte kalamata-oliven

Persille viss du vil

2 dl olivenolje

1/2 dl god eddik

Litt sitronsaft

1/2 ts tørka basilikum, eller eigentleg helst ein neve ferske blad

Sukker, salt og peppar

Skjer tomatane i skiver, og legg dei utover eit vidt fat. Kjøp dei raudaste tomatane du finn, med tomatar heng farge og smak som hovudregel saman, dess raudare i fargen, dess søtare i smaken. Og du, legg dei i ei skål på benken når du kjem heim. Tomatar bør aldri kome i kjøleskap, dei vert søte av varmen i rommet.

Smul fetaost over tomatane på fatet. Går du i ein innvandrarbutikk og kjøper, så prøv å finne 60 % fetaost, den er best. Ta med deg kalamataoliven medan du er der. Dei må vere med stein, når steinen vert teken ut på førehand forsvinn safta i olivenen, og den vert tørr og trist. Dryss olivenane over salaten. Har du persille eller fersk basilikum, så hakk det fint, og strø over.

Bland dressingen. Har du kjøpt fetaost på glas, kan du bruke oljen til å lage dressing av. Er det rosa pepparkorn i glaset, så la dei vere med. Det går ilingar av lykke gjennom kroppen når du finn eit slikt pepparkorn i salaten og tygg i det. Den rosa pepparen er mykje mildare enn svart, og løftar ein god salat. Smak til med basilikum, litt sukker, litt salt og litt peppar (viss ikkje den rosa er med), og dynk salaten med den. Sett til side, den treng ikkje stå kaldt.

pisaMoussaka

2 auberginar

Mild olivenolje til steiking

Ein stor løk

To fedd kvitløk (kan sløyfast)

800 g kjøtdeig, får du tak i lammedeig så ta halvparten lam og halvparten okse.

2 boksar tomatar

1 ts timian

1 ts oregano

1/2 ts kanel

Eitt laurbærblad

Sukker, salt og peppar

3/4 liter mjølk

3 ss smør/margarin

4 ss kveitemjøl

2 egg

2 dl riven kvitost

Set omnen på 200 grader. Skjer auberginane i fingertjukke skiver, strø salt imellom skivene og stable dei på ei fjøl på benken. Saltet trekkjer ut bitterstoffa, og ein god del av væta. La det stå slik medan du lagar dei to andre sausane.

006_03aTil kjøtsausen hakkar du løk og kvitløk, og fresar det i olivenolje på middels varme. Sett opp varmen, og ha i kjøtdeigen. Smuldre den med ein tresteikespade, og fres til den er gjennomsteikt, og slå over tomatane. Ha i timian, kanel og laurbærblad, og la det koke utan lok i ca. 10 minutt. Det kan høyrast rart ut med kanel, men det gjev den karakteristiske greske smaken, berre prøv. Smak til med ca. 1 ts sukker, salt og peppar, og la det putre vidare. Dette skal vere ei ganske tørr røre, for auberginane gjev frå seg mykje væte. Er kjøtsausen for blaut, vert det heile sørpete.

Medan kjøtsausen kokar, lagar du ostesausen. Smelt smør i ei gryte på middels varme, og rør inn mjølet. Slå opp varmen, og hell mjølka i gryta medan du rører flittig. På dette stadiet kan du ganske enkelt ikkje gå frå komfyren, då klumpar det seg eller legg seg i botnen. Når sausen har kokt opp, let du den koke i ca. 5 minutt medan du rører innimellom. Smak til med salt og peppar, og rør inn dei to egga og osten, og set sausen til side. Egga gjer at sausen stivnar, nærast som ein pudding på toppen. Når osten og egga har kome i, skal sausen ikkje koke opp att.

008_05aSå skal vi steike auberginane. Varm ei steikepanne, og ha i olivenolje. Tørk av aubergineskivene, og steik dei i olivenoljen til dei vert pent brune. Legg dei over på kjøkkenpapir for å trekkje ut feittet, og legg dei så over i ei stor, eldfast form. Dekk botnen i forma med aubergineskivene.  Fisk ut laurbærbladet av kjøtsausen, ha den over auberginane og slå over ostesausen til slutt. Gratinér det heile på nederste rille i 25-30 minutt på 200 grader, litt lenger viss du brukar poteter. Steiketida kan variere frå omn til omn, så slagordet er kjenn din omn.

Server med salat og noko godt brød til. Faren er at ein får akutt lyst til å reise til Hellas etter eit slikt måltid… 

This entry was posted in: Mat, Middag, Tilbehør

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. hildeG says

    Yepp – dette er nydelig. Lenge siden jeg har tatt meg på tak og laga det…

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s