Billig mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Veggis
Comments 10

Skillingsbollar til vinterferiekos

I dag skal vi lage skillingsbollar, ein spesialitet frå Bergen som heldigvis har spreidd seg over heile Norge. (Og i Sverige heiter dei ganske enkelt kanelbullar.) Dei kosta sikkert ein skilling første gongen dei vart laga, og det er dei verd, så gode som dei er.

lagedeigFør vi går i gang og bakar, er det nokre ting ein må passe på. For det første må ein som oftast rydde før ein går i gang. Det står alltid nokre greier på benken eller i oppvaskkummen, og det er enklast å byrje og lage mat med ryddig arbeidsplass, så set all gammal oppvask i oppvaskmaskinen eller vask den opp, og rydd unna alt som lagar rot der du skal jobbe.

For det andre må du finne fram alt du treng før du byrjar å lage mat. Tenk deg at du har satt i gang med å varme mjølk og smelte smør, og så oppdagar du at du manglar mjøl eller gjær! Det er kjempeirriterande, og einaste måten å unngå dette på er å sjekke at du har nok av alt før du byrjar, og eventuelt springe i butikken før du har sett på komfyren.

Har du ikkje fersk gjær, så kan du bruke ein pakke tørrgjær. Denne deigen er søt, så då kan du bruke spesialgjær for søt deig. Men det går fint med vanleg gjær og.

Du må også ta fram det kjøkkenutstyret du treng for å lage mat. For å lage skillingsbollar treng du bakebolle, kjøkkenmaskin viss du ikkje vil kna deigen med hendene, bakepapir og kjevle. Så går vi i gang!

leivJentene mine lagar bollane etter denne oppskrifta:

50 gram smør

3 1/2 dl mjølk

50 gram gjær (ein pakke)

1 ts bakepulver

1 dl sukker

1/2 ts kardemomme

ca. 9 dl sikta kveitemjøl

kanelFyll:

5 ss smør

5 ss sukker

kanel

1.              Ta smøret ut av kjøleskapet.

2.              Ta 50 gram av smøret oppi ei gryte, og smelt det.

3.              Ha mjølka oppi smøret, og varm det heile til det er fingervarmt, ca. 37 grader.

4.              Smuldre gjæra i bakebollen.

5.              Slå mjølkeblandinga over, og rør slik at gjæra løyser seg heilt opp.

6.              Ha i sukker og kardemomme.

7.              Bland bakepulveret i mjølet. Ha i mjølet, litt etter litt, til du får ein smidig deig som er passe fast og passe laus. Den skal ikkje vere klissete, men heller ikkje hard. Ha i ei og ei skei med mjøl mot slutten, så blir det ikkje for mykje.

8.              Set deigen til heving på ein lun stad (badegolvet er fint!) med ein handduk over bollen i ca. ein halvtime.

9.              Skru ovnen på 220 grader.

ferdigebollar2Strø mjøl på bakebordet, og kna deigen saman på bordet. Form den til ei tjukk pølse. Kjevle deigen til ein stor firkant, 40 cm høg og 50-55 cm brei. Mål med eit målband eller ein linjal. Pass på heile tida at du har mjøl under deigen, elles klistrar den seg til bakebordet. Dryss meir mjøl under viss den byrjar å klistre seg. Smør eit tynt lag med mjukna smør utover leiven med ein slikkepott eller ein smørekniv.

Har du ikkje smør, kan du bruke soyamargarin eller bremykt. Brelett og andre lettmargarintypar fungerer dårleg til baking. Smør gjev ein god smak, så har du det brukar du det. Pass på at smøret har fått mjukne før du smører det utover leiven, elles er det vanskeleg å få jamnt. Skjer det i tynne skiver og la det ligge på ein tallerken ei stund, så mjuknar det fort.

Strø sukker og kanel på leiven. Rull den saman til ei tjukk pølse, og skjer den i 16-18 bitar med ein kvass kniv. Sag med kniven i staden for å trykke, elles vert bollane flate og rare. Legg bollane på høgkant på bakepapiret på bakeplata, og trykk dei litt flate. Du får berre plass til 9 bollar på eitt brett, dei hevar seg mykje, så dei må ikkje stå for tett.

La bollane heve i 25 minutt, og pensle dei med eit samanvispa egg før du set dei inn i ovnen. Har du perlesukker, kan du strø det over før du steiker dei.

velbekomme

Steik skillingsbollane midt i ovnen i ca. 15 minutt på 200 grader. Set du dei lenger ned i ovnen kan dei bli brente på undersida, fordi sukkeret smeltar og karamelliserer seg. Bollane smakar best med ein gong. Har du bollar att når alle har ete seg mette kan du fryse dei i ein pose du knyter att. Når du tinar dei let du dei ligge på benken ei stund, og så kan du varme dei litt i ovnen (5 minutt på 150 grader) for å gje dei ein lunk. Då smakar dei som nybaka igjen.

Vi hadde ikkje perlesukker til å strø over bollane, så vi tok melis i ei tesil og dryssa over rett før vi serverte dei. Du kan også lage glasur med melis og nokre dropar vatn som du blandar i ei skål og stryk på bollane før du set dei på bordet. Skal du fryse bollane bør du ikkje ta på verken melisdryss eller glasur før du tiner bollane.

10 Comments

  1. Maiblomst says

    Kjempegodt, og ein hit her i huset! Her i Rogaland kallar me dei «kanel i svingen». Eg har planar om å lage pestosnurrar i dag. Snadder til lunsj!

  2. sol says

    Mmm, kanelbollane ser nydelege ut! Og den illustrerte oppskrifta di gjer det enkelt å gjere etter!
    Kanelbollar heiter det også her i Trondheim, på kafear har eg opplevd at dei blir usikre om eg seier at det er skillingsbollar eg (rettare sagt: borna mine) skal ha.

  3. Her sier vi «kanel i svingan» (altså flertallsform av svingene). Jeg er ikke så glad i denne typen bakverk, men akkurat disse syns jeg det fra tid til annen kan være godt å kose seg med. 🙂

  4. Mari_ says

    Oooo gjett hva jeg fikk lyst på nå 🙂 Får fram med bakeremeliene etter middag. Jeg kaller de for kanelsnurrer, vet ikke om det er normen her, men samme kan det være de smaker godt uansett 😉
    Takk for oppskriften, denne skal prøves.

  5. Elizabeth says

    Blir nostalgisk, det er lenge siden mine barn var små og vi lagde skillingsboller

  6. Det å lage skillingsbollar går ikkje ut på dato, Elizabeth! Det kan vel vere koseleg når dei er store og? (*kryssar fingrane*)

  7. Pingback: Dette tok ikkje heilt av… « Alt godt

  8. Pingback: Kaketips for 17. maifest « Alt godt

  9. Pingback: Maikaker « Alt godt

Leave a Reply