Duft
Comments 6

Svipptur til Hermès del II

Utflukta mi til Hermés-butikken ville ikkje vore komplett om eg ikkje sniffa på (og rapporterte om) Calèche-duftene. Calèche var den første parfymen til Hermès, eit firma som fram til då var kjend for dyrt, forseggjort men ganske maskulint reiseutstyr i skinn. Hermès var det første av dei berømte mote- og utstyrsfirmaa i Paris som tok sjansen på å produsere parfyme. Calèche vart lansert i 1961, og det var naturleg at den vart ein floral aldehydparfyme.

Floral er enkelt; ei duft basert på blomar. Aldehyd er verre. No er så og seie alle parfymar i alminneleg stormagasinsalg produsert med kjemisk framstilte duftstoff. Tidlegare var naturstoff meir vanleg å bruke, som ekte musk, ekstrakt av urtar og blomar. Aldehyd var den første reint kjemisk framstilte parfymenoten. Benzoin er eit tilsvarande kjemisk stoff, som også vert brukt i parfymar for å gje ein distinkt aroma. 

Men kva tilfører aldehydar ein parfyme? Ein parfyme med aldehydar får meir «volum», meir berekraft. Aldehydduft i seg sjølv vil visstnok (eg har ikkje lukta på reine aldehydar sjølv) ha eit bittert preg, men for å få ein komplett smak må det bitre med, og då er det nok sameleis med duft vil eg tru. Det er ein aroma som framhevar og løftar andre aromaer, og som i seg sjølv er ein kontrast til dei meir harmoniske, tiltalande frukt- og blomenotane. 

Dei florale notane i Calèche er rose, jasmin og liljekonvall. Alle er klassiske, «gamle» florale notar, og mange kan difor føle at Calèche er ei alderdommeleg duft. Toppnotane er sitrusprega, og gjer den frisk i opninga, men når den tørkar og får kvile på huda vil notar av pudder og edeltre vere att. Eg opplevde Calèche som friskare enn ein kunne frykte, og den er heilt klart ei heilstøpt duft. Den blir nok ikkje med heim til meg, men eg forstår kvifor den framleis er populær, på same måte som Chanel no. 5, som tilhøyrer same parfymegruppe.

Kelly Calèche er den rampete veslesøstra til Calèche, og sjølv om dei er i familie så er Kelly friskare, rundare, meir lettlikt. Kelly er også rik på florale notar, med ulike typar roser som nøkkelelement. Den kan minne om Gucci Envy, viss du har sniffa på den.

Men det viktigate inntrykket eg sit att med av Kelly er lær. Ikkje tjukt garva støvellær, men mjukt behageleg kalveskinn, brukt i ei lekker, silkefora dameveske. Sonen min sa det første gongen eg tok Kelly på meg, og han fekk lukte: «Det lukter dameveske!» Det stofflege er viktig her, Kelly har nærast ein stoffleg, glatt men kraftig struktur. Kelly kan eg nok med tida kome til å like så godt at ho får vere med heim, vi får sjå. Kelly er definitivt unisex, eg kan veldig gjerne tenke meg denne på ein mann.

Til slutt ein rarietet: Hermès i Nedre Slottsgate har den utgåtte Calèche Eau Délicate. Den er jenteutgåva av Calèche-duftene, den er meir som ein fruktig tremenning. Behageleg og frisk, ikkje akkurat lineær, men notane blir borte og så kjem dei att. Som dei andre sit den godt på huda, den er ein av dei meir varige parfymene eg har vore borti av den lette typen. Den kom som ein limited edition, og er ikkje vidareført. Så viss du vil sikre deg noko om kan bli eit samleobjekt, så er det berre å dra kortet. 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Jeg sniffet på Kelly da jeg var innom en Sephora i Krakow, og «glatt men kraftig» er en god betegnelse, skal jeg ta det etter husken. Jeg gjorde ikke notater den dagen, så minnene er bleknet – men tenkte ikke jeg på noe veldig lime-aktig da? Det kan ha vært en annen. Husker jeg var bortpå og sniffet et par andre jeg kjente igjen fra det folk forteller at de har bak ørene på fredager hos bibliotekaren, -så jeg kan rote.
    Den flaska over her er veldig lekker, synes jeg. Innpakningen er jo så herrans viktig for meg, seddu! 😀

  2. Lime er ikkje blant dei offisielle notane, men ein kan godt oppleve ein aroma i ein parfyme utan at den framgår av notelista. Eg lukta på ein parfyme her om dagen som eg no ikkje huskar, men som ga meg klare mynte-assosiasjonar. Og så mykje mynte som eg har drege opp frå hagen så kjenner eg den lukta ganske godt. Men i notelista var den fråverande. Eg trur nok ikkje alle notane er oppgitt alltid, og sitrusnotar blir veldig ofte brukt for å tilføre det friske preget.

  3. Ja, jeg ser på disse parfymebloggene bl.a. du har ledet meg til, at flere av disse gærningene ganske hyppig kjenner andre dufter enn det som er oppgitt i «offisiell pyramide».

  4. Aldehyd lukter kjemisk lim – som løsemidlet i araldit eller modellflylim … finnes også i en del neglelakker og kan likne litt på acetonholdig neglelakkfjerner sier hun som laget flyslimester på 2kj. Stikker man innom et billakkeringsfima kjenner du fort lukta. Den er ganske flyktig og i små mengder kan den greit kamufleres med friske og litt skarpe, kalde frukt-/blomsterdufter dufter som sitrus, fresia eller mimosa.

  5. Spennande, smgj! Acetonlukt er spesielt, men eg kan godt tenke meg at den supplerer og løftar dei øvrige ingrediensane i ein parfyme.

  6. Endelig noen som kunne fortelle hvordan aldehyder lukter! Jeg har surfet og strevet uten å finne noe som var forståelig nok. Bra!

Leave a Reply