Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Noko søtt, Veggis
Comments 5

Fastelaven

Denne artikkelen om fastelaven er skriven av mi kjære venninne Heidi. Den er lagt ut med hennar samtykke. Enjoy!

Alt godt

I Norge var det i Gulatingslova forbode å ete kjøt på fastedagane og åt ein kjøt kunne ein verte bøtlagt. Fastelaven kjem av det tyske ordet Fastel-abend, og tyder kvelden før fasta. Fastelaven vart markert med rikeleg, feit mat før ei tid med ransaking og ettertanke fram mot  høgtida. Mange av dei religiøse skikkane våre er ihopblanda med folketru. Det gjer at dei varierer etter kvar i landet dei oppsto og kva tid dei vart gjort til ein tradisjon.

Fastelavensbollar er truleg eit tysk påfunn (slik mange av tradisjonane våre er) og dei vart baka i Bergen av hanseatane. Tysk baketradisjon stod sterkt i Bergen, og heitevegger, (heissewecke) var truleg dei første fastelavensbollane som vart baka. Dei skar toppen av bollen, laga eit hol og fylte kokt kremfløyte nedi og la toppen tilbake på bollen. Desse måtte sikkert etast med skei, sidan dei var oppbløytte. 

Blåmåndag skulle ein ha skrinn mat slik at ein vart skikkeleg svolten til feitetysdag. I den katolske middelalderkyrkja dekte ein alteret med blå duk denne dagen for å vise at presten hadde byrja si faste.

Grauta-tysdag eller feite-tysdag var den siste dagen før fasta, og dagen skulle brukast til å få i seg mykje feit mat slik at ein hadde litt å gå på gjennom fasta. Enkelte åt rømmegraut, medan andre åt kokt kjøt av ymse slag, kokt svinehovud, raspeball med sauekjøt eller liknande.

Oskeonsdag er første dagen i fasta, og namnet går heilt attende til middelalderen då dei ”botferdige” gjekk til kyrkje med botsklede og presten strødde oske i håret på kyrkjefolket.- Å kle seg i sekk og oske er eit kjent uttrykk, oske var eit religiøst uttrykk for bot. I Bergen var det vanleg å ete pannekaker denne dagen, ein skikk som truleg kjem frå England.

I alle fall er fasta ei tid for å ete fisk, og det er ikkje rart at dei i katolske land er glade i vår  tørka saltfisk som er lett å oppbevare. Men i mange katolske land har dei sine eigne tradisjonar med å tørke fisk. Denne heng utanfor husa deira klare til bruk i fastetida. Dette fenomenet kan ein sjå langt inn i Andesfjella.

Vi held fast på grautatysdag og lager feit graut denne dagen. Å lage rømmegraut er nokså fort gjort, berre prøv!

img_1101Rømmegraut

(4 porsjonar)

6 dl seterrømme

2 ss kveitemjøl

1 liter heilmjølk

1 1/2 dl semulegryn

1/2 ts salt.

 

Kok rømmen i 10 minutt. Sikt på 2 spiseskeier kveitemjøl og visp mjølet godt inn. Rør deretter med ei tresleiv eller ein trespade som er flat framme. Etter ei stund vil feittet piple fram, men av og kan dette ta litt lenger tid. Ver tolmodig, feittet kjem til slutt. Du skal ikkje røre for mykje i grauten i denne perioden, det hindrar feittet å samle seg. Ta feittet av med ei skei. Eg slår det rett å slett ut av gryta ved å helle på ho. Bland saman den kalde mjølka og semulegryn, og slå dette i rømmen. Ha i salt til slutt.

Har du halde feittet varmt no er det berre å seie velbekomme og strø sukker og rosiner på. Nei, vent eit augeblikk – flatbrød og mør må du ha til. Eg må visst bort i hylla mi og finne ei flatbrødoppskrift, men møren må du klare å få i hus sjølv.

Flatbrød

500 gram sammalt fint kveite

7 1/2 dl kokande vatn

2 ts salt

250 gram havremjøl (Gjerne frå mylnå i Volda)

250 gram sikta fint kveitemjøl

Bland sammalt kveitemjøl, kokande vatn og salt, og la dette stå i 25 minutt. Kna så inn havremjøl og sikta kveitemjøl. Kna deigen og lag ei tjukk pølse. Når du bøyer pølsa skal ikkje deigen sprekke, Del deigen i 18 emner som du legg inni ein plastpose. Bak ut flatbrøda i ei blanding av havremjøl og semulegryn. Steik dei på begge sider. Når du tek dei av takka så brett dei i to med ein gong medan dei framleis er mjuke. Då er det lettare å oppbevare dei. Lag deg ein pose av gråpapir og oppbevar dei i. Desse kan bakast svært tynne.

Desse fastelavensbollane bør du prøve. Vi deler dei i to og legg ein klatt krem og sylte oppå. Det beste av alt, vi legg ikkje toppen tilbake. Då vert det ”opne” bollar og lettare å ete for store og små. 

Fastelavensboller

(18-20 stk)

80 gram margarin

5 dl mjølk

50 gram gjær

9 ss sukker

1 ts kardemomme

1 ts bakepulver

ca 11-12 dl sikta kveitemjøl

Smelt margarin og varm mjølk og margarin til 37 grader. Rør ut gjæra i deigvæska og tilsett sukker, kardemomme, bakepulver og mjøl. Sjå til at du får ein passe fin deig som ikkje er for fast men heller ikkje for laus. Kjenn på deigen og vurder. Forhev i 25 minutt. Legg deigen på melet bakebord og form deigen til ei pølse. Del deigen i 18-20 emne som du trillar ut til bollar. Etterhev bollane i 25 minutt. Steik dei på 210 grader i ca. 10 minutt midt i omnen. Pensle dei gjerne med mjølk eller egg før du steikjer dei. 

Du har sikkert smakt berlinerboller allereie. Har du lyst til å lage dei sjølv, kan du prøve denne oppskrifta. Eg lover ikkje gule og grøne skogar, dette er komplisert bakst, men kanskje er det vert eit forsøk.

Berlinerbollar

2 1/2 dl mjølk

50 gram margarin

50 gram gjær

60 gram sukker

1/2 ts salt

3 eggeplommer

500 gram kveitemjøl og 2.5 dl ekstra mjøl

Ei eggekvite til å pensle med.

Lag ein vanleg gjærdeig, følg oppskrifta til bolledeigen. Forhev deigen i 30 minutt. Del deigen i to og kjevl ut to like rektangel som er ca 1-1,5 cm tjukk. Marker rundingar på det eine rektangelet med eit glas som er ca 6 cm i diameter. Legg ei lita skei med bringebærsyltetøy midt på kvar runding og pensl med eggekviter rundt syltetøyet. Legg det andre rektangelet over slik at syltetøyet vert dekt. Ta glaset og stikk ut nye rundingar oppå dei rundingane du laga sist. Du ser det ved å sjå kvar syltetøytoppane er. På denne måten låser du syltetøyet inne i kvar bolle samtidig som du stikk gjennom to deiglag. Hev bollane i 30 minutt og steik dei i ei jarngryte med 1 kg smult, eventuelt ein liter maisolje eller rapsolje. Feittet skal ikkje vere varmare enn at bollane må ligge i 3-4 minutt i smulten før dei vert ferdigsteikte og får fin farge. Vert dei brune med ein gong er dei garantert rå inni.

Om faste

 I vår protestantiske kyrkje finst det få eller ingen fastereglar. Faste i kyrkjeleg regi vart det slutt på etter reformasjonen, då den romerskkatolske kyrkja var den rådande hadde kyrkjeåret mange fastedagar. I dag har den katolske kyrkja berre to fastedager att, nemleg oskeonsdag og langfedag. Fasten gjeld likevel ikkje sjuke, gamle og born. Den ortodokse kyrkja eller oldkyrkja har og fastetider framføre dei store høgtidene.

Det finst fleire måtar å faste på. Når ein faster i ikkjereligiøs samanheng et ein ikkje noko mat. Ei religiøs faste er ikkje ei total avhaldstid frå mat, men ein unngår enkelte matvarer. Ei slik faste kan og vere deler av døgnet f.eks når sola er oppe, men om kvelden kan ein ete. Karneval tyder oppheving av kjøt, at ein ikkje skal ete kjøt i denne perioden. Går ein inni ei asketisk faste slik enkelte klostertradisjonar tilseier, unngår ein all mat frå dyreriket, fisk, mjølk og kjøt. Når ein avstår frå ulike matvarer bli ein minna om å bruke tida si på Gud. Dette handlar om å ikkje berre tru med hovudet, men og med magen, samanhengen mellom ånd, sjel og lekam. 

5 Comments

  1. hildeG says

    Fasteperioder forekommer jo i flere religioner, og har sikkert noe for seg. I Irland, i den tiden jeg bodde der, gikk alle katolikker til messe på askeonsdag, og kom tilbake med en svart flekk i panna, omtrent som et kastemerke. De hadde ikke fastelavensboller, men Hot Cross Buns – det var også veldig godt. Tror ikke det var så mange som tok det helt bokstavelig med å avstå fra kjøtt i fastetiden (men at det skal være fiskemiddag på fredager er en utbredt tradisjon i katolske land) – men «What are you giving up for Lent» var et vanlig spørsmål. Svært mange brukte dette omtrent som nyttårsforsetter – dette var tiden for å slutte med tobakk, alkohol eller sjokolade – alt ettersom hva man syntes man kunne trenge å avstå fra.

  2. Anita says

    TAkk for herlige oppskrifter. Grauten skal jeg avstå fra, men bollene – mmm. Som svenskene kaller semlor. Med vaniljekrem. Akk. 🙂

  3. Pingback: Spør så skal du få svar III « Alt godt

  4. Pingback: Det blir fastelaven i år og « Alt godt

  5. Pingback: Når er fastelaven i år då? « Alt godt

Leave a Reply