Blogging
Comment 1

Spør, så skal du få svar I

Søk er morsomt. Her er søka eg fekk fredag. Det er mogeleg dette svaret kjem litt seint, men det kan hende mine faste lesarar kan ha glede av dei og?

tomat jerngryte – Ja, men ikkje over lengre tid. Og oppbevar for all del ikkje mat over natta i ei jerngryte, uansett kva det er. Kok gjerne ein pastasaus i jerngryte, men kåkk å væ og bøff borginjong bør ikkje lagast i jerngryte, dei er så syrlege at eventuelle belegg inni gryta løsnar, og gir dårleg smak på det du lagar.

alt det gode blog – Ja? Du kom dit du ville, forhåpentlegvis?

børek oppskrift spinat 1 l olje – Dessverre, eg har ikkje kome så langt, men det er ein god idé for ein ny post. men er ikkje ein liter olje litt mykje?

babaganoush oppskrift – Ja, det skal du snart få. *noterer*

god og billig mat – Klikk på billig mat til høgre, der finn du ein del. Meir er i kjømda.

steike biff – Ja, det kan eg. Og no kan sikkert du det og.

narciso rodriguez parfyme – Deilig, ikkje sant?

tomat+jerngryte – Som over.

te utgått på dato – Ikkje noko problem. Drikk den. Smakar den tamt så kast den.

middag oppskrift for barn – Sjå til høgre.

spinatstuing – Ja, det finn du også her. Dette trur eg er det ordet eg har mest treff på her i bloggen. Skikkeleg kjerringblogg, altså.

sencha+camelia sinensis = te.

billigmat oppskrifter – Sjå til høgre.

sauternes dessert oppskrift – Deilig, ja takk!

utløpsdato+kesam – Det går fint. Nokre dagar over for slike syrlege mjølkeprodukt er uproblematisk. Bruk ditt eige beste skjønn, og unngå å drikke eller lage mat av ting som har skilt seg eller mugna. Mjølk (og kesam/rømme og, forsåvidt) som er gått ut på dato går i brøddeigen.

oslo – Fin by, ikkje sant?

This entry was posted in: Blogging

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. hehe, søkeord er gøy 🙂
    Ikke alt passer så godt da.. av og til blir jeg temmelig overrasket over at søkemaskinen velger å sende de til meg…

Leave a Reply