Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 4

Lett og godt

Gode tilbehør – ingenting gjer kvardagsmaten lettare enn det. Det er lett å variere med tilbehøret. Der kan eg putte inn alt det sunne som eg vil familien min skal få i seg, og klarer eg å få til den gode smaken veit eg at det sklir ned utan protestar. Noko fargerikt og smaksrikt ved sidan av kjøt eller fisk gjev matlyst og gjer at dei rundt bordet føler seg sett pris på.

Eg er veldig glad i bakte grønsaker. Alt som steller seg sjølv er av det gode, for det er grenser for kva eg orkar å bruke tid på å fikle med ved komfyren. Eg blandar løk med andre grønsaker, og let det heile godgjere seg medan potetene kokar. Spesielt paprika får ein deilig, søtleg smak når den får bake i omnen med olivenolje og krydder.

Nok ein gong har eg funne ein svinekam, denne gongen er den fersk. Du kan bruke ein filet og, framgangsmåten er den same. Eg lagar ein god saus og, den passar godt til svinekjøt. Let du vere å ause olivenoljen frå dei bakte grønsakene på tallerkenen, er dette til og med ganske feittfri mat, i tilfelle det skulle vere viktig for deg.

sweet_chilli_sauceSmaken på svinekjøt er så nøytral at ein kan godt eksperimentere litt med søte og sure smakar. Eg brukar ofte søt chilisaus på flaske. Det kan høyrest faretruande sterkt ut, men er du av det engstelege slaget kan du sile bort frøa, då får sausen eit lite sting utan at det står flammar ut av munnen på deg.

Sjå etter sausen i asiahylla i velassorterte butikkar, eller besøk ein av butikkane til våre nye landsmenn. Der har dei den typen saus, og den er veldig billig. Eg betalte tjue kroner for ei flaske med ein liter chilisaus hos mine lokale tyrkarar her i nabolaget.

Svinekam med ovnsbakte grønnsaker

Denne middagen byrjar altså med eit kjøtstykke, i mitt tilfelle fersk svinekam, som vert gnidd inn med krydder og får stå i omnen på 180 grader og godgjere seg til kjernetemperaturen er 72 grader. Kjøp deg eit steiketermometer like godt først som sist, det gjer at du slepp oversteikt og tørt kjøt, og du slepp å lure på om det snart er ferdig. Krydringa av kjøtet er også viktig for å få ei god sjy å lage saus på. Eg brukar salt, paprika, peppar og hakka urter på min svinekam, og let det gjerne stå litt før eg set steika i omnen.

Når temperaturen på kjøtet i omnen passerer femti grader slår du to-tre desiliter med vatn i kjøtforma (for å få sjy), og byrjar med tilbehøret. Sett poteter på kok. Finn fram det du vil bruke av andre grønsaker, og så byrjar moroa. Slik gjer du det:

3 paprikaer, gjerne forskjellig farge

Ein squash

To gule løk

Olivenolje

Salt og peppar

1 ts provencekrydder eller timian

½ sitron

Sett omnen på 200 grader. Del squashen i to, og skjer den i tynne skiver. Er frøa grove kan du fjerne dei, i så fall må du gjere det før du byrjar å skjere den i skiver. Dei kan lett fjernast med ei teskei som du dreg nedover midten på squashinnmaten. Er squashen liten og fin kan frøa vere med. Skrell løkane, og del dei i båtar. Det er fint om dei heng saman i stilkfestet. Fjern stilkfestet på paprikaene, og del dei i to. Skjer kjøtet i grove båtar. Fjern alle frø, og legg paprikabåtane, løken og squashen hulter til bulter i ei eldfast form. Eg la mine grønsaker i ei brødform, den fekk lett plass ved sidan av forma som kjøtet ligg i. Forma skal ikkje på bordet, så den treng ikkje vere så stilig.

Ringle olivenolje (ikkje den finaste) over, og dryss på timian/provencekrydder, og godt med salt og peppar. Bland godt, og la det heile bake i 30-40 minutt. Når grønsakene er ferdige, har du dei i ein bolle, og pressar safta av ein halv sitron over. Server lunka til alle typar kjøt eller fisk.

Sausen eg lagde baserer seg på sjya frå kjøtet. Slik gjer eg det:

2-3 dl sjy frå steika

3 ss søt chilisaus

2 ss eplesidereddik eller sitronsaft

Salt og peppar

Litt maisenna utrørt i vatn

Når steiketermometeret viser 72 grader tek du forma ut, legg kjøtet til kvile på ein tallerken og silar av sjya frå forma. Prøver du å unngå feitt kan du sike av feittet frå kjøtet. Kok opp sjya, og smak til med chilisaus, eddik eller sitronsaft og salt og peppar. Er smaken framleis litt tam kan du ha i litt worchestershiresaus viss du har det i hylla. Den er laga på ansjos, og gir ein god saltsmak.

Når sausen er passe søt, salt, sterk og sur, rører du eitt par spiseskeier med maisenna ut i ørlite vatn. Rør maisennaen i sausen medan den kokar. Du kan også bruke brun maisennajamning viss du har det. Vert sausen for hot med chili i, kan du sile den før du jamnar den.

Skjer kjøtet i skiver, server med gode, bakte grønsaker og den sursøte sausen. Så er det klart for ein fredeleg middag som ingen har stressa med å lage.

 

4 Comments

  1. Takk for kommentaren i bloggen min.

    Du har så mange gode mat oppskrifter her på bloggen din.
    Jeg vet akkurat hvor jeg skal gå vist jeg har lyst på noe godt :-)).
    Etter en vinter med mye god mat, trenger jeg vist noe mer slankende mat.
    Har du noen gode mat oppskrifter for oss som har fått noen kilo for mye etter vinteren.
    Godt at det snart er hage tid igjen da tenker jeg kiloene som kom i vinter forsvinner fort med hageaktivitet.

  2. Eg er ikkje så oppteken av slanking, men denne oppskrifta inneheld få kaloriar, i allfall. Torskeforma mi og, kan gjerast ganske «smal».

  3. Marosa says

    Mmm, dette hørtes godt ut! Jeg er også en svoren fan av bakte grønnsaker. Jeg synes faktisk at de beste er de gode gamle, norsk rotgrønnskane. Gulrot, kålrot, sellerirot, pastinakk og løk blir totalt forvandlet etter tre kvarter i ovnen! Og med litt hjemmelaget urtesalt og uanstendige mengder olivenolje blir det god kveldssnacks 😉 Og klimavennlig, ikke minst!

  4. Jeg er også glad i den chilisausen, bruker den til mye rart, blant annet til å blande i tomatretter 🙂

Leave a Reply