Billig mat, Mat, Noko søtt, Supper, Veggis
Comments 7

Klart du kan!

Mange eg pratar med påstår at dei ikkje kan bake kaker. Eg har bakt med gutar i 5. klasse, så eg veit at alle kan bake med ei god oppskrift og litt motivasjon.

Når eg får tid skal eg lage ei kokebok med dei aller enklaste kakeoppskriftene, for dei er det mange av. Det er viktig å finne oppskrifter som passar eins eige nivå når det gjeld erfaring og teknikk. Det er stor skilnad på å køyre ein trehjulsykkel og ein racerbil, og på same måte er det skilnad på å bake ein smuldrepai og å bake ei sachertorte.

Her får du ei lettvint og velsmakande oppskrift som passar godt når ein skal lære seg å bake. Smuldrepai er ein velsigna enkel måte å lage ei kake på som kan varierast etter sesong og tilgjengelege råvarer. For oss meir erfarne er det ei enkel kake å sveive i hop idet uventa gjestar går inn døra, eller medan hovudretten vert spist. Og så kan vi dele ut oppskrifta med raus hand, til glede for nye bakarar.

Denne paien blir kjempegod med eple utpå hausten, med bringebær i juli, med rabarbra og jordbær rundt jonsok eller med nektarinar til hausten. Eg har også lagd den med stikkelsbær, og det smakte himmelsk. I deigen brukar eg valnøtter, men du kan bytte dei ut med mandlar eller hasselnøtter. Får du nøtteallergikarar på besøk kan du bruke pinjekjerner eller havregryn.

Sjølv om sommaren berre er eit glimt av von i auga våre er det godt med lett og grøn mat, som gjerne kan lagast på førehand. Eg lagde ei deilig ertersuppe i dag, men ikkje den typen du vanlegvis får. Denne er lagd med ferske erter, og kan like gjerne etast kald som varm. Eg brukar frosne erter, det har eg ofte i frysaren, og då kan eg lage denne suppa nesten utan å gå i butikken. Og det likar eg! Slik gjer du det:

ertersuppeGrønn ertesuppe

100 g løk, vårløk eller purre

2 ss olivenolje

Ein liten skalk sellerirot eller to selleristilkar

1,2 liter vatn

to buljongterningar eller 2 ss flytande buljong

500 g grøne erter

Fire mynteblad viss du har

Salt og peppar

Varm opp oljen i ei gryte. Hakk løken fint. Skrell og hakk sellerirota i små terningar. Surr grønsakene til løken er blank og fin, og slå over vatnet. Ha i buljong, og la det koke i 10 minutt. Ha i ertene, og la suppa koke opp att. Hakk mynteblada fint, og ha dei i. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar, og smak den til med salt og peppar. Server med ein rømmeklatt, brødkrutongar eller sprøsteikte baconterningar.

smuldrepaiSmuldrepai

125 g mjøl

80 g brunt sukker

1 ts kanel

125 g kaldt smør

50 g valnøtter

1 kg frukt eller bær, ta det du finn i butikken eller frysaren.

1 dl kvitt (vanleg) sukker

2 ss mjøl

Sett omnen på 200 grader. Rens det du har av frukt og bær, og del dei i passe store bitar.

Ha valnøttene i ei matmølle. Køyr dei til dei er finhakka. Tøm dei i ein bolle. Ha mjøl, brunt sukker og kanel i matmølla. Skjer smøret i terningar, og ha dei i. Køyr det til ein grynete masse. Det skal ikkje klumpe seg. Bland saman alt i bollen. Ha frukta i ein annan bolle, og ha i 1 dl sukker og 2 ss mjøl. Rist på det, slik at frukta er dekka av mjølblandinga. Legg frukta i ei paiform, og strø smuldredeigen over. Steik paien i 40 minutt på 200 grader. Server paien lunka med is, piska krem eller rømmesaus.

Rømmesausen lagar du slik:

Eit beger creme fraiche

2 ss melis

1 ss sitronsaft

Frø frå ei halv vaniljestang eller 1 ts ekte vaniljesukker

Rør alt saman. Server til smuldrepaien. Enkelt, ikkje sant?

7 Comments

  1. hildeG says

    Smuldrepai høres veldig tørt ut, men godt er det jo.
    Jeg møtte denne utgaven av eplepai for første gang som student i Irland – og de kalte den Apple Crumble. Høres koserligere ut av en eller annen grunn.
    Og det kan gjøres enda enklere enn dette – ha eplebiter i smurt form, strø på kanel og sukker og litt smeltet smør, hakkede nøttekjerner hvis du ikke er allergisk og har det i huset. Det går fint uten og. Rosiner er heller ikke dumt. Strø over havregryn, brødrasp eller hva du har – litt sukker og kanel, littmer smeltet smør og i ovnene til eplene (eller hva slags frukt du bruker…) er passe mørt.

  2. Smuldrepai kan varieres i det uendlige. Min oppskrift består av mel, smør, små havregryn, demrasukker (om du finner) og kanel. Og så bruker jeg vaniljesaus eller vaniljeis til. Bær/frukt etter sesong og smak.

  3. Brit says

    Smuldrepai :
    Skal formen smøres , hildeG nevner det , men det sto ikke i din oppskrift , så en som må ha alt helt i detalj lurer …
    Kan en sånn pai lages på forhånd og lunkes litt på ?
    Kan den fryses ?
    – Så greitt å kunne spørre sånn , det blir forskjellen på å lese oppskrift her og i en bok eller et blad. 🙂

  4. Eg brukar ikkje smøre forma, eg syns det legg seg ved uansett. Men det gjer sikkert ingen skade å gjere det, kanskje særleg viss du brukar ganske tørre frukter eller bær, som lett kan brenne seg fast. Denne paien lagde eg med jordbær og rabarbra frå frysaren, og det er så fuktig at å smøre forma er unødvendig. Det å vende frukta i litt mjøl og sukker først gjer at fruktsafta ikkje blir så tyntflytande, men meir delikat. Dette er ein festpai, med malte nøtter. Til kvardags kan ein lage den enklare, t.d. med havregryn.

  5. Hanne-Savanne :) says

    hei aller kjæraste!!
    er eitt bilete eg vil vise deg, men trur eg må legge det på min blogg, for det går visst ikkje å legge inn bilete i kommentarfeltet?

    lang kram!! gjekk glipp av Winnerbäck her i byen igår kveld, dessverre, men som mannen bak skjegget sa det, vi kan fylle bensin og kjøre til Winnerbäck så fort han skal lage lyd en annen plass 🙂 sola skin på meg gjennom bua vakre vindu idag, og søstra over alle søstre kjem til staden, er det no på laurdag det blir familiefest? då kan eg ikkje komme, kan du beklage til juvelen din at eg misforstod kva laurdag ho meinte.

  6. Legg det i din, på Face eller send på mail. Eg skal melde frå om misforståinga, det blir fullt hus uansett, så det er eigentleg like hyggeleg å spreie det litt utover. Synd med Winnerbäck. Vonar å sjå deg snart.

  7. Pingback: Meir rabarbra - ein pai denne gongen « Alt godt

Leave a Reply