Billig mat, Mat, Tilbehør, Veggis
Comments 5

Vaksenmat

Må vi spise det der?

Det er spørsmålet eg får frå datra mi når vi skal ha gjestar. Eg må som regel roe henne med at det kjem til å vere ”barnevennleg” mat på bordet og. Men i dag vil eg fokusere på vaksenmaten, skarp, sterk og velsmakande mat som barn går omvegar om, men som vi vaksne kosar oss med.

Både alderen og tilvenjing er viktig når ein skal utvide registeret av mat som ein gler seg over. Ei venninne av meg reiste til Mexico utan å like noko sterkare enn paprika. Dei første månadane levde ho på speilegg og mandariner. Då ho kom attende imponerte ho oss med å knaske jalapenopeppar som vi andre åt godteri. Eg, til dømes, har aldri klart å lære meg å like kaffi, sild og makrell. Det plasserer meg visstnok i kategorien matpingler.

Maten eg lagar i dag er ikkje for matpingler, den passar til å bli servert når vaksne møtest og kosar seg med god mat og godt drikke.

Tapenade er ei fransk olivenrøre som vert brukt naturell på brød, eller som tilbehør til fisk, egg, pasta eller grønsaker. Du vil som oftast få den laga av svarte oliven, men eg er veldig glad i varianten med grøne oliven, gjerne dei ”gamaldagse” som er fylte med paprika.

Lagar du den, så prøv å bake torsk eller annan kvit fisk i omnen med eit lok av tapenade på toppen. Det er kjempegodt! Nokre puttar kapers og i tapenaden, det går fint dersom du brukar svarte oliven, men med dei grøne kan det bli i saltaste laget. Slik lagar du

tapenade-brodGrøn tapenade

ca. 600 g avrente grøne oliven med paprikafyll (Eit stort glas)

2 fedd kvitløk (fire fedd viss du har bakte kvitløk)

8 ansjosfiletar

1 ss provence-krydder

1 dl mild olivenolje

Ha alt i ei matmølle, og køyr det til det er ein glatt puré. Fyll på glas. Tapenade held seg i eitt par veker i tett glas i kjøleskap. Server på toast eller ferskt landbrød.

Jalapenopeppar er ein chilivariant som ikkje er av dei verste styrkemessig. Den kan bakast, eller fyllast med ferskost eller anna godt. Vil du ha denne retten litt mildare, kan du godt bruke dei lange, spanske paprikaene som har byrja kome i butikkane. Dei er smale og lette å fylle. Slik gjer du det:

fylte-paprikaFylt raud peppar

Åtte jalapenoar eller små paprika

200 g kremost, gjerne krydderost eller tilsvarande

3 ss fløte

Finhakka krydderurter viss du vil

Rens paprikaen eller jalapenoen ved å skjere stilken av på tvers, og dra ut frø og hinner. Ikkje del paprikaen på langs. Kok opp vatn i ei gryte, og salt det godt. La paprikaen ligge i vatnet i 10 sekund. Ta dei opp, og la dei renne av. Pisk osten glatt og luftig med fløte, og ha i urter. Du kan også ha i paprikapulver for å få ein fin farge.

Fyll forsiktig ostemassen i paprikaen, og la dei ligge kjøleg til dei skal serverast. Fylte paprika kan oppbevarast dekte av olje på glas i kjøleskapet. Dei held seg ei vekes tid, men det er sjeldan dei får ligge så lenge, gode som dei er.

Kvitløk er ein gamal kjenning som vekkjer både glede og avsky alt etter kven du snakkar med. Bakar du kvitløken vert den mild og mjuk, med ein søtleg smak. Alle dei skarpe svovelstoffa vert borte, og ikkje luktar du så ille dagen etter heller. Bakte kvitløk kan også brukast i andre rettar, til dømes i tapenade. Du kan bake kvitløk i omnen, og eg likar å bake dei i olje. Rens kvitløkane, gjerne mange, for desse held seg i kjøleskapet ei vekes tid. Legg dei i ei trang, eldfast form, og slå olje over slik at dei er nesten dekte. Legg aluminiumsfolie over. Bak løken på 200 grader i 20 minutt til den er mjuk, omtrent som ein kokt potet. La fedda kolne i oljen.

Viss du i tillegg til dette har ein god aioli, litt spekeskinke, godt brød og noko i glaset er kvelden redda. Dette er saker du kan ha i kjøleskapet, og ta fram når du er fysen på noko godt, eller ein uventa gjest stikk innom. 

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Mari_ says

    Bakte kvitlauksfedd høres veldig godt ut. Det hørtes nå godt ut alt sammen for den saks skyld 🙂 mat er godt!

    Har prøvd å bake heile kvitlauk i ovnen, kappa av toppen av lauken, sette den på et ilfast fat med litt olje og krydder. Bakes i ovnen i 45 min da er fedda mjuke og kan presses ut og smøres på ristet brød.

  2. Brit says

    Heldige er de barna som har foreldre (eller skal man si det som det oftest er EN MOR) som har en strategi for å lære dem å like variert mat.

    Når det gjelder oss voksne så synes jeg vi skal la våre » absolutte antipatier» i mat- og drikkeveien i fred.
    Nyt din te, og la kaffe seile sin egen egen sjø ! 🙂

    Et lite apropos ; du fikk meg til å tenke på den gang jeg skulle prøve å lære meg å spise gammelost.
    – Hadde lest at det skulle være så utrolig helsebringende. Jeg åt meg gjennom flere gammeloster selv om jeg måtte springe på badet og brekke meg , og selv med syltetøy oppå osten vokste maten i munnen på meg og svette og tårer rant.
    Det gikk ikke ! Aldri mer !
    Nei , la de absolutte antipatiene være i fred … 😉

  3. Rebecca says

    Voksenmat? Barnemat?
    Dette er fremmedord i min verden. I min verden spiser vi ikke junk eller hel- og halvfabrikata men mat fra gode sunne råvarer. Lille Paolo på 20 mnd knasker hvitløk, brokkoli, ruccola og forundrer seg over hvordan sine egne fingre smaker etter å ha tatt på chilli.
    Akkurat slik det SKAL være – i MIN verden 🙂

  4. Det gjorde mine og – til dei var rundt 4-5. Plutseleg vart alt ekkelt, dei reagerte på konsistensar aller mest. Det skjedde noko med smaken deira då, sjølv om eg gjorde det eg kunne for å moteverke det.

Leave a Reply