Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 6

Skikk og bruk

Eg vaks opp med ”Skikk og bruk” i bokhylla. Dette klassiske danningsverket som viste tv-stjerna Øivind Johnsen som modell der han viste korleis ein skulle gå opp i overkøya i ei sovevogn. Boka gjorde eit enormt inntrykk på meg, eg lærte korleis ein fiskekniv såg ut, eg såg glastypar som ikke fanst i vår fråhaldsheim og eg lærte at ein skikkeleg middag skal ha tre rettar.

Dette vart sjeldan praktisert hos oss. Fekk vi gjestar kom all maten på bordet samstundes, kaker og karbonadar om einannan og ein drakk kaffi til alt. Ungane fekk eit eige bord der det vart servert brus, og drakk du ikkje kaffi fekk du sitte ved det bordet til du byrja å drikke kaffi. Så hadde eg ikkje flytta heimafrå hadde eg vel sete ved barnebordet framleis. No har eg lært, og har med meg mine eigne teposar i kaffislabberas med slekta på Sunnmøre.

Tre rettar er ikkje så dumt som ein skulle tru. Har du tre rettar treng du ikkje så mykje kjøt eller fisk til hovudretten, og måltidet vert også meir variert i smak, farge og presentasjon. Du får tre rettar av meg i dag, italiensk bruschetta til forrett, møretorsk med pestotopping og ei deilig lys browniekake til dessert. Kaka er med mjølkesjokolade. Vanlegvis er brownieaktige kaker laga med mørk sjokolade, men denne får lysare farge og ein mildare smak. Eg har også lagd den med firkløver i røra, då skiftar den namn, og smakar himmelsk!

Då gjestane våre kom inn døra, og eg stolt proklamerte at vi skulle ha møretorsk såg den eine gjesten i golvet. Han klarer ikkje lukta av torsk, og blir kvalm berre ved tanken. Løysinga vart å legge ein pakke vakuumpakka fileterte laksebitar i kaldt vatn, og dei mjukna medan vi lagde forretten. Når eg sette fisken i omnen delte eg den eldfaste forma mi med bakepapir, og steikte ein porsjon torsk og ein porsjon laks slik at alle vart glade. Brukar du laks blir faktisk dette ganske billig mat.

Eg serverer fisken med omnsbakte potetbåtar og grønsaker som er dampa i syrleg buljongvatn. Eg brukte sukkererter, paprika og squash, men du kan bruke det du har i di grønsaksskuffe. Skjer grønsakene i passelege bitar. Kok opp eit sterkt buljongvatn, ein halv liter vatn med ein buljongterning pluss litt ekstra salt blir bra. Press i safta av ein halv sitron, eller ha i to spiseskeier eplesidereddik. Legg grønsakene i etter koketida, paprika i 3-4 minutt, sukkererter og squash i ca. 1,5 minutt. Dei skal ikkje vere heilt mjuke, men framleis litt sprø.

Potetbåtane ristar eg i ein stor bolle med salt, peppar, provencekrydder, paprika og litt olje. Beregn meir poteter enn vanleg, for desse potetene er så gode at alle et meir enn vanleg. Dessutan er dei gode dagen etter og, skulle du få restar tilovers. Legg bakepapir i botnen på forma, så går oppvasken raskare. Steik potetene i 45 minutt på 200 grader.

Bruschetta blir best med surdeigsbrød, har du ein god bakar i nærleiken som bakar det så kjøper du, og slepp strevet. Finn du ikkje kan du bruke andre brødtyper og, det treng ikkje vere heilt ferskt. Slik lagar du bruschetta  til fire personar:

img_5021Bruschetta

Fire gode skiver surdeigsbrød

Mild olivenolje

Eit kvitløksfedd

Fire godt modne tomatar

Hakka fersk basilikum

Salt og peppar

Del tomatane, og ta ut kjernane og safta inni. Skjer dei i små terningar, og bland med krydder og basilikum. Vurder om det trengst ei klype sukker, er tomatane for sure kan det vere godt. Dette kan du gjere i god tid før gjestane kjem. Rett før de skal gå til bordet varmar du opp oljen i ei steikepanne, og steiker brødskivene i godt med olje. Det skal ikkje tørrsteike. Ta skivene opp, og legg dei på ei rist. Når dei har svalna slik at du kan ta i dei, deler du eit kvitløksfedd, og gnir det inn i skivene.

Legg tomatrøra på skivene, kvern litt peppar over og server med ein gong. Du kan også ha røra for seg, og la gjestane legge røre på sine skiver. Ha litt godt flaksalt ved sidan av, har tomatrøra stått litt renn det ofte litt væske av, og dermed blir også litt av saltsmaken borte.

Pestofisk

img_5290Berekn ca. 200 g fiskefilet per person. Legg filetane i ei eldfast form, gjerne i bakepapir. Det sparer oppvask. Legg pesto frå glas på fiskefiletane, og steik det i omn på 200 grader i 15 minutt. Ha forma med fisken i på ei rist, og så kan potetforma stå nedst i omnen.

Lys brownie/firkløverbrownie

200 g mjølkesjokolade

100 g smør

2 egg

1,5 dl sukker

2 dl kveitemjøl

1 ts bakepulver

Ei klype salt

Sett omnen på 175 grader. Smør ei 20 cm rund form godt, og legg bakepapir i botnen på forma. Hakk 100 g sjokolade, og smelt den i smøret på svak varme. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland bakepulver og salt i mjølet, og vend det inn i eggedosisen vekselvis med sjokoladeblandinga. Hell røra i forma, hakk resten av sjokoladen og dryss den over røra.

Du kan godt bruke firkløver eller Walthers mandler i staden for mjølkesjokolade, viss du ikkje får besøk av nøtteallergikarar. Steik kaka i 15 minutt, og sett den kaldt i minst to timar. Den er eigentleg best dagen etter. Pynt gjerne med sjokoladefigurar, med mørk sjokoladesaus frå flaske eller med smelta mørk sjokolade. Server med ein kremklatt eller med ei kule is.

Kva gjer ein i kva rekkefølge for at maten skal vere klar når ein går til bords utan at vertinna og/eller verten ser ut som ei oppvridd tvoge? Det er viktig å ha ein plan når ein skal servere ein god middag til fleire. Brukar du desse oppskriftene er planen ikkje så komplisert. Lag kaka dagen før, og sørg for at du har krem eller is i huset. Skal du garnere med sjokoladesaus gjer du det rett før servering, figurar eller smelta mørk sjokolade toler å ligge på kaka ei stund.

Lag fisken klar i god tid, men ikkje legg på pestoen før rett før steiking. Lag tomatrøra i god tid, og sett den til side, gjerne i romtemperatur. Potetene kan også vaskast, delast i båtar og krydrast i god tid. Legg dei klar på bakepapir i ei langpanne.

Når du går i gang med dei siste førebuingane er det viktig å rydde fortløpande, slik at det fint ser ut der du held på. Ha tom oppvaskmaskin, og rydd unna jamt og trutt, slik at det ikkje ser ut som eit humlebol.

Ein time før gjestane kjem, dekker du bordet, og finn fram alt du treng av serveringsbestikk, bollar og likande. Sett potetene i omnen ein halvtime før gjestane skal kome. Lag klart buljongvatnet til grønsakene, og skjer opp grønsakene. Grønsakene kan godt serverast lunka, så du treng ikkje tenke på å halde dei varme. Steik brødskivene ei lita stund før gjestane kjem, slik at du rekk å lufte ut steikeosen. Kok opp grønsakene, og la dei renne av. Legg dei i den skåla dei skal serverast i, og finn fram serveringsbestikk. Når gjestane kjem, pratar du hyggeleg med dei, medan du skjenkar drikke, gnir kvitløk på bruschettaskivene og smakar til tomatrøra. Idet de set dykk til bordet set du fisken inn, slik at den er klar når forretten er eten.

Når du serverer hovudretten, tek du samstundes ut isen, og set den i kjøleskapet. Då er den passe mjuk til desserten. Vil du servere kaka med krem, kan du piske kremen medan nokon annan ryddar bort etter hovudretten. Kremen treng ikkje vere stivpiska, mjuke toppar er meir delikat enn gamaldags stivpiska krem.

Følgjer du denne planen kan du invitere gjestar utan å stresse, og kanskje du til og med klarer å nyte maten utan å bekymre deg for ”neste trekk”. Lykke til!

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Lille Voff says

    Hei. Tre retter er en glimrende idé. Fungerer godt til hverdagsmiddag også. Vi hadde en fransk utvekslingselev boende hos oss og tre retters middag er et av sporene etter ham.

  2. sol says

    Takk! No er søndagsmiddagen bestemt for oss.. 🙂

  3. «Lys brownie» blir da helt feil … kaka må da for skams skyld skifte navn til «palie»… 😉

  4. Pingback: Dette tok ikkje heilt av… « Alt godt

  5. Pingback: Skikk og bruk « Alt godt

Leave a Reply to Lille VoffCancel reply