I serien meir eller mindre spennande søk har vi kome til søka som fekk treff i min blogg 27. og 28. februar. Eg syns dette er morsomt, og det er tydeleg at det ligg ganske konkrete spørsmål bak søka. Sjansane for at alle desse skal kome attende hit er kanskje ikkje så store, men det er kanskje nyttig for dokke som stikk innom her meir regelmessig. Her er svara mine:
oppskrifter billig mat – ja, det finn du nokre av her. Eg har ei kokebok i magen, trur eg.
lasagne pose – Berre tøys. Kva treng du posen til? Å krydre sausen? timian, salt, peppar og ei klype sukker gjer susen. Kvit saus? Det må du berre lære deg. Det er like lett som å røre ut ein sausepose.
pizza med artisjokkhjerte – Deilig. Skjer dei i tynne skiver, og kombiner med spekeskinke, tomatsaus og basilikum.
gresk slat – Sjekk rettskrivinga di. Det er berre velvilje frå Google si side at du kom hit og fann oppskrift på gresk salat. Men det var vel det du ville?
kakepynt blanke bær – Dypp bæra i flytande, avkjølt gelé før du legg dei på kaka, eller rør ut aprikossyltetøy i litt varmt vatn og sil det før du penslar bæra med det. Lekkert!
Alt godt blogg – Takk for at du stakk innom! 😀
oppskrifter for barn – Ja, det har eg også nokre av.
kyllingkjøtdeig – kan brukast på same måte som vanleg kjøttdeig. Egnar seg endå betre til suppebollar enn vanleg kjøtdeig. Den luktar ofte litt rart, men så lenge datoen er på rett side går det stort sett bra. Eg kasta nokre pakkar før eg forsto at den luktar berre slik.
oppskrift semla – Bak vanlege bollar, grav ut litt av krummen i botnen og fyll dei med riven marsipan som er rørt jamn med ei skei eller to med mjølk eller fløte. Ha piska krem oppå mandelmassen og legg loket på att. Ei skikkeleg bombe, altså.
søtt oppskrift – Sjekk til høgre, masse godt.
ny adelgade, København – Der ligg butikken til Tage Andersen. Har du ein time i København, så bruk den der.
biff bourguignon – Oppskrift her. Kåkk og bøff
pannekaker sitron og sukker – Deilig, fransk måte å spise pannekaker på.
note-duft – Spennande, mange, ei heil verd å utforske.
oppskrifter barn – Sjekk til høgre, og prøv gjerne andre oppskrifter og. Stort sett er mine oppskrifter så enkle at heile familien kan lage dei.
baking av laks – Lett som på ein plett, men ikkje bak den for lenge. Bruk gjerne steiketermometer, kjernetemperaturen skal (etter min smak) vere ca. 60 grader.
kveitemjøl – Fine greier. Ikkje så mykje å lure på, eigentleg.
gjær utgått på dato – Framleis ikkje noko problem. Sjekk denne. Utgått på dato?
steik farse – På høg varme, i små porsjonar gir det beste resultatet. Brukar du låg varme og for mykje i panna vert den kokt og ikkje steikt.
Eg tek i mot spørsmål på vanleg måte, så berre fyr laus, om det er noko du trur eg kan svare på.