Mat
Comment 1

Kokebøker på Mammut

No er Mammutsalget i gang, og eg klarer ikkje halde meg, må sjekke ut kokebokhylla sjølv om eg unekteleg har ein del frå før. Nokre av dei som er på salget har eg i hylla, og har testa, så då kan det kanskje vere nyttig for deg å få mi vurdering av kva ein eventuelt bør bruke pengane på? 

Cappelens nye kokebok er redigert av Wenche Andersen, og ho gjer alltid solid arbeid. boka er ei basiskokebok, med dei fleste oppskriftene ein treng for å starte sitt liv som hobbygourmet. I og med at den er ganske ny har  den mange oppskrifter på internasjonal mat, og nye spennande råvarer som ein finn i innvandrarbutikkar og forseggjorte kolonialar.

Som basisbok er denne veldig bra, instruktiv og rikt illustrert. Fin gåve til ein nittenåring som skal flytte heimafrå.

multer_omslagTessa Kiros vekte mi interesse med boka Multer og makrellskyer. Dette er den vakraste kokeboka på Mammutsalget, både i utforming og i innhaldet.

Den fortel historia om den vesle jenta med finsk mor og gresk-kypriotisk far som voks opp i England, Sør-Afrika og som no bur i Italia med familien sin. Frå Finland fekk ho med seg den nordisk/russiske tradisjonen, frå Hellas den intense og nærverande middelhavskulturen og frå Sør-Afrika alt det som er nytt og framandt for oss, men velsmakande og vakkert likevel.

Oppskriftene er enkle, utan kokkejåleri og dei spenner over eit vidt felt, både når det gjeld ingrediensar og geografi. Men den rørande historia om denne matglade kosmopolitten bitt det heile i hop på ein måte som varmar langt inn i sjela. Tjukk er den og, nesten 400 sider, så her er det mykje mat og moro for pengane. Den er ei perfekt gåve til deg sjølv, eller til dei du kjenner som er rutinerte på kjøkkenet, som likar å prøve nye ting men som styrer unna det alt for kompliserte. 

365 middager på en halv time har ukjend forfattar, men er fagleg gjennomgått av Ingrid Espelid Hovig. Dette boka vart eg skeptisk til med ein gong. Det var uråd å finne ut kven forfattaren er, dei første 10 oppskriftene var faretruande like kvarandre, og det finst ikkje eit bilde i heile boka. Ein syltynn produksjon var førsteinntrykket. Men etter å ha nærlest den, og prøvelagd nokre av oppskriftene, har eg skifta meining. Den funkar som det den gir seg ut for å vere; eit hjelpemiddel for dei av oss som vil ete middag kvar dag, men som har ein smule middagsfobi.

Oppskriftene er godt organisert, og boka er enkel å slå opp i og bruke. Den brukar enkle ingrediensar som ein kan få tak i kvar som helst, og ein går heller ikkje av vegen for å foreslå bruk av halvfabrikata. Ei kvardagskokebok med låge skuldrar, med andre ord. Det treng vi og i hylla, og difor passar denne boka til travle småbarnsforeldre, folk som jobbar for mykje, og til dei som et for mykje ferdigpizza.

Italia av Dag Tjersland og Hans Petter Uleberg er også ei vakker bok. Den formidlar stemninga du opplever når du reiser rundt i Italia, og den har nydelege, kvardagslege og velkomponerte bilde.

Men det er nok ei bok du har meir glede av i senga enn på kjøkkenet. Den er ei lesebok, i mindre grad ei kokebok. Få oppskrifter i forhold til det enorme sidetalet, og dei er elementære, oppskrifter du finn i dei fleste andre italienske kokebøker. Så kjøp heller ei ordentleg reisebok frå Italia, og ei alminneleg kokebok om italiensk mat, til dømes Tessa Kiros si bok Venezia. Men den er dessverre ikkje på Mammut. Kanskje neste år?

Tom Victor Gausdal tok sølv i Bocuse d’or i 2006, og er ei av dei kjende kokkestjernene frå Noreg. I boka ”Husmannskost” presenterer han nettopp det, nemleg tradisjonell, norsk mat. Han kallar det ”kokkemat, for det er slik mat kokkane likar å lage til personalmat på dei fine restaurantane rundt om. Eg fekk ånda over meg, og sette i gang med å lage potetball etter å ha lese denne boka.

Viss du kan å lage aioli og bearnes, men ikkje har oppskrift på rognkaker og møssbremlefse i hylla, er dette rett bok. Respekt for den tradisjonelle maten og det arbeidet som har blitt gjort i heimane med å utvikle den norske matkulturen er eit viktig element i denne boka. Det er og sympatisk at Tom Victor Gausdal ikkje pøser på med smør og fløyte i alle oppskriftene slik enkelte andre kokkar gjer når dei skal skrive om tradisjonsmat.

 

 

This entry was posted in: Mat

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Oooo, Mammut! Skummelt. Har virkelig ikke penger, men blir vanskelig å holde seg unna bokbutikker, og hvis jeg går inn i en, er det umulig å ikke kjøpe noe.

Leave a Reply to Ragne Cancel reply