Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 3

Eit nytt kjøkkeneksperiment

Her i huset foregår det stadig eksperimentering på kjøkkenet, og for dokke som les bloggen min går eg ut frå at det ikkje er eit problem. For dei eg bur saman med er det heller ikkje vanskeleg – i utgangspunktet. Dei får ny og spennande mat som ikkje så mange har smakt før, og det er jo fint. Problemet er at når eg held på med ein idé må eg gjerne prøve den ut nokre gongar, og det betyr at det kan hende dei vert servert den same retten med minimale forandringar fleire gongar på rad. I lengda kan kanskje det bli noko trøyttande.

img_4584Dagens oppskrift er ei slik. Det byrja med ein idé om purregrateng, og så hadde eg ikkje mjølk, og hadde rømme i sausen. Det vart godt, men eg hadde litt lite purre, så eg måtte teste ein stor porsjon. Så kom eg på at eg kunne ha skinke i, og då kom den på bordet for tredje gong. Jaja, eg fekk iallfall ingen klager på smaken.

For å vere konsis: Dette er ein purregrateng, som kan vere ein rett åleine med brød og/eller salat til, eller tilbehør til ein meir forseggjort middag. Vi åt den for eksempel med steikte kyllingfiletar til. Eg har hatt skinke i forma saman med purren, og det var også veldig godt. Skinka kan også sprøsteikast, og dryssast over til slutt. Du kan også bytte ut skinka med bacon. Utan kjøt er den ein strålande god veggismiddag, for dei som et mjølkeprodukt.

Det som løftar denne gratengen til høge himlar er at eg fresar garam masala saman med smøret når eg lagar sausen. Du kan også prøve deg fram med karri viss du ikkje har garam masala. Det skjer eitt eller anna med smaken på denne enkle retten når du har i det indiske krydderet. Gratengen smakar ikkje indisk, men får ein rund, spennande smak som ikkje er så lett å beskrive. Saman med den ganske nøytrale purren blir det ein perfekt kombinasjon. Slik gjer du det:

img_4588Purregrateng

3 purrar

2 ss smør til steiking

3 ss smør til saus

3 ss mjøl

8 dl vatn

2 ts garam masala

2 dl rømme

Litt buljong viss du har

Salt, peppar og ei klype sukker

Riven ost

img_4591Sett omnen på 200 grader. Rens og skyll purren. Skjer den i skrå skiver, ca. 1 cm tjukke. steik dei på middels høg varme i smør til dei byrjar bli mjuke. Ha dei i ei eldfast form.

Smelt 3 ss smør i ei tjukkbotna gryte, og ha i garam masala. La det surre utan at det blir brent. Ha i mjøl, og rør det glatt. Slå på vatn, og rør til ein klumpfri saus. Ha i buljong viss du brukar det. La sausen koke medan du rører no og då i ca. fem minutt. Ha i rømmen, og smak til med salt, peppar og ei klype sukker. Slå sausen over purrane. Strø over riven ost, og bak gratengen i omnen i ca. 30 minutt. 

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Garam masala kan transformere den kjedeligste gugge til deilig, uhm-en kose-og nytemat 🙂

  2. *host*
    dette skulle da for sikkerhets skyld ikke forstås dithen at jeg kaller din mat for kjedelig gugge, kjære deg.

    Jøje meg! 😆

Leave a Reply to Britt Åse Cancel reply