Blogging
Kommenter innlegget

Spør så skal du få svar III


Søka som får treff hos meg er den morsommaste lesnaden eg finn i bloggen min. Og då kan eg sjølvsagt ikkje la vere å dele den med dokke. Her er dei siste tre dagane:

Søndagsmiddag – Ja, det skulle du vel finne mykje av her.

skikk og bruk – Gode råd om skikk og bruk har eg ikkje, bortsett frå at alminneleg sunn fornuft er eit bra utgangspunkt. Og at smørasjetten din står på di venstre side. Og at det ytterste bestikket skal brukast først. Ein er jo frå ein heim med klavér…

oppskrifter for barn – Jepp, eigen kategori.

kryddersmør til biff – Det er litt retro og usunt, men VELDIG godt med eit godt kryddersmør. Full støtte frå meg!

alt godt blogg – Ja, så fann du fram i dag og.

afrikansk mat – Eg er ingen ekspert, men lag ei ladning harissa, det er ein god start.

Burka – Den einaste burkaen du finn her er frå Alexandria, og er på djupt vatn, bokstaveleg tala.

narciso rodriguez parfyme – Den er deilig, ikkje sant?

afrikanske bolle – Her må eg seie eg er usikker. Kva kan eg bidra med?

babymais engelsk – Er det skilnad på engelske babymais og dei andre?

Fastelaven – Masse treff på denne, takk, Heidi.

lettvint sennepssaus – Ja enklare enn denne finn du ikkje. 

pizzadeig sopranos – Om den er sopranos veit eg ikkje, men pizzadeig finn du her.

carl butlers fiskegrateng – Her slo panikken inn, eg fann ikkje Butlerboka mi. Den hadde falt ned bak dei andre kokebøkene, som står på lang, lang rekke 2,5 meter oppi lufta. Carl har tomatar i sin grateng, han lagar ei tjukk tomatrøre som han slår over fisk som har dampa i sitronsaft og vatn, og så har han ein bechamel på toppen med ost oppå.

redde aioli – Ja, det er mogeleg. Dersom den har blitt gelé kan du røre den ut med litt iskaldt vatn. Har den skilt seg har eg best erfaring med å byrje på nytt, spe med olje den første halvdesiliteren og så spe med den skilte aiolien oppi den nye. Eg har aldri fått den til å emulgere igjen med kaldt vatn, slik nokre påstår skal gå an.

vidar kalland – Honningprodusent på Sunnmøre.

noko godt å tygge på – Ja, det skulle det vel vere nok av her?

This entry was posted in: Blogging

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s