Billig mat, Noko søtt
Comments 3

Den perfekte svela

Denne bloggen er basert på ei matspalte eg har hatt i Sunnmørsposten i mange år. For å følge opp takkekatastrofa mi med Jif og alt det der utlyste eg ein sveleoppskriftskonkurranse. Her er resultatet.

Leitinga etter den perfekte svela er over, og dei ulike oppskriftene eg har fått tilsendt er testa etter alle kunstens reglar. Vi har kåra ein vinnar, og to andreplassar. Premiar har eg ikkje budsjett til, men heider og ære kan vere vel så verdifullt som jordisk gods, kan det ikkje? Vi inviterte utflytta sunnmøringar med familie til sveletesting, og det var ingen lett jobb. Men den var desto meir gledefylt, og heimlengten låg over stova den dagen.

Dei to andreplassane går til Målfrid Stølen og Mari Irene Tvergrov. Målfrid sender oppskrifta som vart brukt på sveletreff i kyrkjekjellaren på Valderøya, og Mari Irene, som bur i Volda, har sendt ei oppskrift som er ganske lik. Alle dei tre premierte er einige om at til fire egg treng du ein liter surmjølk, men sukkermengda varierer saman med mengda hevingsmiddel. Mari Irene gjer det slik:

Mari Irene sine sveler

sveler14 egg

3 dl sukker

1l kefir

1/2 kg kveitemjøl

1.5 ts natron

1.5 ts hjortesalt

1/2 ts salt

1 ss olje

Pisk egg og sukker til eggdosis. Bland natronen og hjortesaltet i halvparten av kefiren og bland den med eggdosisen. Pisk inn dei andre ingrediensane og til slutt resten av kefiren. Mari Irene meiner ein ikkje treng å smøre takka med denne oppskrifta, men etter mi takkekatastrofe der alt svidde seg fast tek eg ikkje sjansen på det.

Målfrid brukar konsekvent koppemål, og det fungerer godt viss ein veit kva storleik ein har på koppen ein brukar. Men det kan vere vanskeleg for andre å gjere det etter, så ein er noko tryggare med liter- eller vektmål, Men resultatet vart altså fortreffeleg med denne oppskrifta. Slik gjer ho Målfrid det:

Målfrid sine sveler

4 egg og en kopp farin piskes lett.

en liter kulturmelk (ikke mager) blandes i.

en liten ts. salt

to ts natron og en ts. hjortesalt blandes i litt av melka

4 kopper mel i til slutt, blandes lett sammen og stekes umiddelbart.

Stekes på takke, ikke for sterk varme, da blir de nok harde ja.

Men vinnaren vart Borgny Solbakken, som har regjert i kantina på Ulstein Vidaregåande skule i mange år. Ho lagar fantastisk god mat, og svelene hennar er sagnomsuste. Grunnen til at dei får førsteprisen er at røra er lett å jobbe med, den sig ikkje på takka, og svelene blir mjuke og lette å falde på tradisjonell måte. Dei har og litt mindre hjortesalt, så den smaken blir ikkje så påtrengande. Men som du ser er oppskriftene såpass like at vi byrjar nærme oss det perfekte her. Viss du fær forbi Ulstein Vidaregåande så kan du sikkert snike deg inn for å smake. Eller du kan lage sveler slik ho Borgny gjer det:

sveler2Borgny sine sveler

4 egg

3,5 dl sukker

1 liter skumma kulturmjølk

½ ts hjortesalt

1 barneskei natron

½ kg kveitemjøl

Visp egg og sukker til tjukk eggedosis. Ha mjølka i ein bolle, og rør inn natron og hjortesalt med ein ballongvisp. Vend eggedosisen inn i surmjølka. Ha i mjølet forsiktig, litt og litt, og rør med ein stor ballongvisp omtrent som når du lagar sukkerbrød. Steik svelene på ganske varm takke med ein gong røra er ferdig. Borgny meiner at røra vert tynnare og meir utflytande viss den vert ståande, så svelene bør steikast med ein gong. Smør takka med margarin eller smør på ein bit handklepapir mellom kvar steikerunde. Oppskrifta rekk til ca. 20 sveler, alt etter kor store du lagar dei.

Røra er så lite rennande at eg dytta røra litt utover med sleiva på kvar svele. Elles blir den for tjukk og høg. Steik svelene pent brune, og legg dei på rist for å kolne. Rør saman smør (det må vere smør, margarin legg seg som eit belegg i ganen…) og sukker etter smak, som du smører inni dei kalde svelene, og faldar dei dobbelt. Lag kaffi og te, og inviter til svelekalas! Svele kallast skjebladkake i Nord-Norge, men det er dei same deilige, mjuke kaffekakene. Mmmm!

This entry was posted in: Billig mat, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Då e det konstatert ein gong for alle, Borgny sine svele e best. Var det ikkje det eg visste! Og dama er ikkje ein gong oppvaksa på Sunnmøre 🙂

  2. RandiF says

    Ja dei var kjempegode. Beste sveler eg har laga!!

Leave a Reply