Day: 15/03/2009

Pikekyss og det som verre er

I går lagde eg to porsjonar aioli, ein vanleg og ein med smak av soltørka tomatar. Alle vart glade, og eg sto att med fire eggekviter. Difor bestemte eg og prinsessa oss for å lage marengs til dessert. Porsjonen vart stor, så vi delte den i to, og eksperimenterte litt. Ladning nummer to vart nemleg eplepikekyss. Deilig! Marengs er veldig enkelt å lage, men du må ha ein eller annan form for miksar. Å gjere dette med handemakt er iallfall for mykje for meg. Så er det også viktig å piske eggekvitene stive før du byrjar å ha i sukkeret. Når eg lagar marengs brukar eg engelsk Tate&Lyle sukker. Det er ekstra finkorna, og er best til marengsar, sukkerbrød, eggedosis og andre rettar der sukker skal piskast inn i egg, og ein vil unngå sukkerkorn. Eg huskar bestemor mi sende bestefar min til Ulsteinvik for å kjøpe Tate&Lyle sukker, og han kom heim med ein sekk om gongen, storkar som han kunne vere. Får du ikkje tak i det kan du bruke vanleg sukker og, …

Søndag morgon…

…og noko spesielt, men enkelt. Eg likar egg i ein eller annan variant når eg har god tid om morgonen, og i dag lagde eg ein enkel eggesalat. Kok eit egg per person. Del det i ein eggedelar to vegar, altså ein gong på langs og ein gong på tvers. Ha eggehakket i ein bolle. Bland inn 1 ss majones, 1 ss lettrømme og 1 ts sennep, gjerne ein søt type som Bergby eller liknande. Finhakk eit eller anna løkaktig, eg hadde kvitløkspirar, men du kan bruke sjalottløk, gul løk, raudløk, vårløk eller tørka grasløk. Kvern over peppar og bland godt. Fordel på to skiver rista brød. Godt!