Billig mat, Mat, Veggis
Comments 7

Søndag morgon…

img_46741…og noko spesielt, men enkelt.
Eg likar egg i ein eller annan variant når eg har god tid om morgonen, og i dag lagde eg ein enkel eggesalat.

Kok eit egg per person. img_4676Del det i ein eggedelar to vegar, altså ein gong på langs og ein gong på tvers.

Ha eggehakket i ein bolle. Bland inn 1 ss majones, 1 ss lettrømme og 1 ts sennep, gjerne ein søt type som Bergby eller liknande. img_4678

Finhakk eit eller anna løkaktig, eg hadde kvitløkspirar, men du kan bruke sjalottløk, gul løk, raudløk, vårløk eller tørka grasløk.

img_4682Kvern over peppar og bland godt. Fordel på to skiver rista brød.

Godt!

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Mmmm. Det så jammen godt ut! Går nok mest i kaffe her, etter en lang kveld med bryllupsfeiring for brodern i går. Fremdeles mett av tapas og kaker.

  2. Gunnar says

    Det er svartgrønn rand på eggeplommen, fysj og fysj!

  3. Det er fordi eg var så framsynt at eg kokte egga kvelden før, uklart av kva grunn. Eg syns ikkje det er så ille?

  4. Du er berre misunneleg på den deilige frukosten. Misunneleg og svolten. 😉

  5. kjersti70 says

    Oi oi, dette må eg prøve! Takk for kommentar på bloggen min! Eg ser at eg absolutt må utforske din blog; masse å hente her, og så på skikkelig målføre også da!

    Eg likar egg… med grøn rand eller ei! Mat skal vere ekte, ikkje dillete!

Leave a Reply to kjersti70 Cancel reply