Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 4

Meir trøstemat

Vel, eg trengte ikkje trøst i dag, men av ein eller annan grunn var mac’n cheese det einaste eg hadde lyst på då eg kom heim. Og når tiåringen er heilt enig er det berre å gå i gang. Eg brukar mac’n cheese som eit tilbehør, i staden for poteter eller ris.

img_5276Vi hadde det ganske enkelt til steikte fiskekaker, dei vaksne (i dag inkludert trettenåringen) fekk ein deilig, grøn ertepuré til, den yngste fekk rå sukkererter. Når det gjeld måla i denne oppskrifta og resultatet på bilda må du gjere som eg seier og ikkje som eg gjorde. Eg lagde nemleg dobbel oppskrift, så vi har mac’n cheese til i morgon og. Slik gjorde vi det:

img_52791Mac’n cheese

3 dl makaroni

3 ss smør

2 ss mjøl

1/2 liter mjølk

salt og peppar

1 ts sitronsaft

2 ts sennep, gjerne dijon

riven muskat

Strøkavring

150 g riven ost, eg brukte halvparten av ein pizzaostpakke, den med fire sortar ost.

img_5282

Sett omnen på 200 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør inn mjølet. La det frese litt før du slår på mjølka. Rør flittig til det tjuknar og byrjar koke. La sausen koke i 5-10 minutt. Smak til med salt, peppar, muskat, sennep og sitronsaft. Sett sausen til side.

Kok opp ein liter vatn, og salt det godt. Ha i makaronien, og la den koke til den er knapt mør. La den renne av i eit såld. Vend den inn i sausen saman med osten.

img_5283Ha blandinga i ei eldfast form med høge kantar, eller fordel den i småformer. Strø på strøkavring eller griljermjøl viss du har. Steik den på 200 grader i 18-20 minutt.

img_5284Ertepuré

250 g frosne erter

1 ss rømme eller kesam

1 ss smør

Kok ertene i salta vatn, litt saltare enn du trur. Dei skal berre koke i eitt par minutt. img_5286

La dei renne av, og ha dei i ein liten bolle. Ha i rømme og smør. Smak eventuelt til med salt og peppar. Køyr det glatt med stavmiksar.

Lett? Barneskirenn!

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Maiblomst says

    Eg er veldig glad i ertestuing, og den ertepuréen ser minst like god ut! 🙂
    Her i heimen får steikte fiskekaker ofte følge av pasta med pesto, og ein god salat.

  2. Elsa says

    Dette skal prøves til grove fiskekaker:-) Oppskriftene er printa ut og satt i perm.

    Tror du må lage en kokebok med alle de flotte oppskriftene du legger ut her:-)

  3. shoops says

    Dette såg godt ut!! Må jammen prøve å lage det ein dag:)

  4. åh. mac&cheese er så bra skikkeleg trøstemat, eller slappfilmkveld med jentene! og di oppskrift så skikkeleg god ut, skal teste ho ut, smil!

Leave a Reply