Billig mat, Mat, Noko søtt
Comments 2

Sukkerbrød forgår ikkje


Har du ei bankers oppskrift på noko så enkelt som sukkerbrød, spurde bror min. Sukkerbrød får du ferdigbakt, men dei er verkeleg ikkje gode, fulle av konserveringsmiddel som dei er. Er det krise skal ikkje eg sette meg til doms over nokon, men eg unngår i det lengste å bruke butikksukkerbrød.

Eg huskar ein gong eg vann på eit kakelotteri, eg vinn så sjeldan så eg var over meg av lykke. Dette var medan eg studerte, og eg inviterte masse vennar til å dele kaka med meg i lunchen. Så kom ei anna venninne av meg forbi, og eg såg kor ho rødma frå genseren og opp. Det var ho som hadde levert kaka, og ho hadde teke eit kjøpesukkerbrød og smurte eit glas med hapå på som glasur. Ganske triste greier altså, ikkje stort å dele.

Sukkerbrød er eigentleg ganske enkelt å lage, men du må bruke ein ordentleg miksar. Eggedosisen må vere stiv og fin, det er hovudsakeleg den som hevar kaka. Bakepulveret er berre med som ein slags støttehjul.

Ikkje er det feit kosemat heller. Begrensar du mengda krem, og fyller med deilig frukt så har du ei ganske kalorisnill kake når det først skal vere fest. I vår familie finst det ein klassisk versjon av bløtkake, og den heiter pærekake. Kvar gong nokon har bursdag må vi ha pærekake, og eg kan sverge på at far min kan ete ei heil åleine.

Søstra mi var utvekslingsstudent i USA på åttitalet, og lengta frykteleg heim. På bursdagen sin sette ho himmel og jord i bevegelse, og lagde pærekake til familien sin. «It’s different» var det beste dei kom på å seie. Det reduserte ikkje heimlengten. Slik gjer du det:

gokakePærekake

Til rund form 22 cm.

3 egg

90 g sukker

60 g kveitemjøl

30 g potetmjøl

1/4 ts bakepulver

Til rund form 26 cm.

6 egg

180 g sukker

120 g kveitemjøl

60 g potetmjøl

1/2 ts bakepulver

1/2 liter kremfløte

1 boks hermetiske pærer

1 flaske sjokoladesaus

Sett omnen på 160 grader, ikkje varmluft.  Knekk egga i vispebollen, og ha i sukkeret. Pisk dette til stiv eggedosis, det tek gjerne 10-15 minutt. Bland saman det turre i mellomtida, og gjer forma klar ved å dekke botnplata med matpapir og knepp den igjen. Pass på at kanten på botnplata vender oppover, vender den ned kan røra renne ut.

Ta bort vispen, og ta bollen av maskina. Bruk ein halv ballongvisp eller liknande, og vend mjølblandinga forsiktig skei for skei inn i eggedosisen. Hell røra i forma. Steik kaka på 160 grader i ca. 35 minutt, på nederste rille.

Når kaka er steikt, tek du den ut av omnen og vender den på ei rist. La den kolne der, gjerne over natta. Del kaka i tre ved å skjere eit jamnt, vassrett kutt inn i kaka rundt heile kanten. Legg ein sterk sytråd inn i kuttet, og dra den fram og tilbake til du har delt frå øverste laget av kaka. Gjenta dette slik at du til saman har tre lag.

Dynk kaka med safta frå pæreboksen. Den skal ikkje vere våt, men saftig. Pisk halvparten av kremen, og smør halvparten av det igjen på den nederste delen. Del pærene i tynne skiver, og legg dei utover kaka. Legg på neste lag, ha på krem og pærer. Avslutt med eit godt lag med krem over heile kaka. Lag eit rutemønster (eller kva som helst slags mønster, eigentleg) med sjokoladesausen. Server med kaffi og solo med sugerør.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Elsa says

    Sukkerbrød er vel noe av det mest lettvinte å lage, særlig når mixeren gjør vispejobben.
    Jeg hadde en tante som var husstelllærer og hun lærte meg at eggedosisen til sukkerbrød skulle være så stiv at en kunne skrive Ole Olsen i den:-)

    Likar

  2. Her er en meget enkel og like god oppskrift på sukkerbrød, slik min mor alltid gjør det:

    Like deler (i volum) egg og sukker. Dette piskes til eggedosis. At man skal kunne skrive i den har jeg ikke hør før. Men den skal være så stiv at du kan snu bollen opp/ned uten at noe renner ut. Så tilsetter du forsiktig like mye (i volum) hvetemel. Sikt gjerne melet og vend det inn med en slikkepott.

    Det er så enkelt. Du knuser et passende antall egg i et litermål, et glass eller noe annet. Så er det bare å måle opp like mye av de to andre ingrediensene. Her er ikke noe bakepulver eller andre tilsetninger, og forskjellen er merkbar.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s