Billig mat, Noko søtt, Veggis
Comments 7

Ris til overs

I går åt vi ein aldeles deilig kylling, som du skal få oppskrift på seinare i veka, tenker eg. Vi hadde ris til, og eg kokar ofte litt ekstra ris. Steikt ris er godt til lunch eller middag, og av og til lagar eg rislappar av restane.  Det er deilig dessert eller kaffimat, og det gjev ei god kjensle å bruke middagsrestar på denne måten.

Har du restar av risgraut kan du også bruke det i lappane. Mengda ris er ganske omtrentleg. Denne røra kan brukast med ned mot ein dl ris, eller så mykje som fem dl. Mindre ris gjer lappane meir som sveler. Slik gjorde eg det:

img_54891Rislappar

3-4 dl kokt ris

3 egg

¾ dl sukker

2 dl mjøl

1 ts bakepulver

½ ts salt

1 ts kardemomme

Pisk egg og sukker med handmiksar til ein ganske stiv eggedosis, hakket før sukkerbrødstandard. Bland mjøl, bakepulver, vaniljesukker, salt og kardemomme i eit lite litermål.

Fortsett med handmiksaren, og bland mjølblandinga inn i eggedosisen. Ha i risen til slutt.

img_54861Steik lappane i ei stor steikepanne i smør. La dei bli godt brune slik at dei heng ordentleg saman før du snur dei, dei kan lett gå i oppløysing når du vender dei. 

La dei kolne på rist viss du ikkje serverer dei med ein gong, elles blir dei for fuktige. Server dei med litt syltetøy og ein klatt rømme eller vaniljekesam.

This entry was posted in: Billig mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Den største tabben i mitt liv idag er å ha ramlet over denne bloggen. Først frister du med bilder, så med tekst, og om ting ikke kunne bli verre; du gjøre det hele «koselig» ved å skrive på nynorsk.

    Sikle sikle.

  2. Ååååhhh rislapper er vekker barndomsminner for fullt! Det er det lenge siden jeg har smakt. Tror jammen jeg skal ta å lage det om ikke så lenge, og legger deg sporenstreks opp som favoritt! Bloggen din er nemlig namnam..:-)

  3. Siri says

    nam-nam… mine trengte o,5 dl melk også etter å ha fulgt oppskriften din 🙂

  4. Øistein says

    Nyyyyyyyyydelige!! Har ikke spist dette siden jeg var kid – mange minner kom strømmende på 🙂 Og så er det jo ekstra gøy å trylle bort middagsrestene i åsyn av en imponert svigermor;) Topp røre!

  5. Pingback: Korleis koke ris | Alt godt

Leave a Reply