Grønt
Comment 1

Eg skjems…

img_5563Ein kan bli heilt oppgitt over seg sjølv av og til. Her rotar eg rundt for å finne koffertar og slikt, og så snublar eg i ein løkpose. 30 muscari, som ikkje har gjort ein katt fortred, ligg og vansmektar på loftsgolvet.

Heldigvis har dei hatt det kaldt og ikkje for lyst, men hadde dei hatt stemmeband hadde dei skrike etter hjelp for lenge sidan. Dei har til og med byrja produsere småløkar i rein desperasjon.

No har eg sett dei i potte, vatna godt, og så kryssar eg fingrane for at dei ser seg syn med å kome opp av jorda når vi er tilbake frå påskeferie. Dei står i gangen, og har det framleis kjøleg, men dei har iallfall fått jord og fukt om røtene. Eg skal bli flinkare, eg lovar.

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Villrose says

    Ikke noe å skamme seg over. Dette er helt normalt 😉

    Og nå har de det vel bra…?

Leave a Reply